Snakkar om sola,
så svir ho …

Har du site i ein varm solvegg nokon gong? Hugsar du kjensla av å få dei varme solstrålane på huda? For dei fleste vil det dukke opp gode kjensler av glede, ro og velvere. Kvar er solveggen din, og kva er det med sola som er så bra for oss?

Ansiktsprofilen til en ung dame på venstre side av bildet der hun ser opp mot solen som ikke synes i bildet.
Ansiktsprofilen til en ung dame på venstre side av bildet der hun ser opp mot solen som ikke synes i bildet.

Naturleg lykkerus

I kroppen blir det produsert hormon som blir kalla endorfinar. Hormonet gir kroppen ein naturleg lykkerus. Det lindrar smerte, men utløyser òg ei lykkekjensle. Kroppen vår produserer endorfinar når vi har det fint, og når vi er fysisk aktive.

Sola gir eit ekstra kick

Det er derfor vi kan kjenne på den gode kjensla etter ei treningsøkt. Kroppen gir oss ei påskjønning fordi vi har jobba bra. Eller sola gir oss det vesle ekstra når vi slappar av i solveggen. Sola gir eit ekstra kick til produksjon av endorfinar, men vi skal ikkje vere for lenge ute i sterk sol utan å verne oss.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame elsker å være ute i sola
Dame elsker å være ute i sola

Placeboeffekten

Føler du deg litt sjuk eller lei deg, kan du få noko som kvikkar deg opp. Det kan vere ein «sukkerpille» som narrar kroppen til å tru at du får det betre. Dette blir kalla placeboeffekten. Det er når ei positiv forventing gjer oss betre – utan at vi har tatt medisin for det.

Sola kan òg gi ein placeboeffekt. Ved å vere ute i solskinn er det mange som føler seg friskare og meir opplagde. Det har med produksjonen av endorfinar i kroppen å gjere.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brunt medisinglass ligger på siden med hvite piller strødd utover en blå bakgrunn.
Brunt medisinglass ligger på siden med hvite piller strødd utover en blå bakgrunn.

Vêrsjuk om hausten

Mange menneske i Noreg opplever å bli vêrsjuke og nedstemde om hausten og vinteren. Dei blir trøytte og mister mykje av energien. Humøret kan svinge veldig, og mange lengtar berre tilbake til sol og varmt vêr. Kvifor er det sånn, trur du?

I kroppen blir det produsert eit hormon som blir kalla serotonin. Dette hormonet har stor innverknad på humøret vårt. Får vi for lite av det, kan vi bli nedstemde og kjenne på mange vonde tankar. Ifølgje forskarar påverkar sollyset produksjonen av serotonin.

Andre gode kjelder til produksjon av serotonin er næringsrike matvarer som egg, kjøtt, fisk, banan, solsikkefrø og poteter. Både næringsrik mat og sollys kan dermed vere med på å løfte humøret vårt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Liten jente ser tenkende ut av vinduet med regndråper på
Liten jente ser tenkende ut av vinduet med regndråper på

Sjokolade i solveggen

Det er ikkje berre sollys og næringsrik mat som gjer noko med humøret. Ein sjokolade i solveggen er òg ein sikker vinnar. Det å ha ein sjokolade å glede seg til, gjer at vi gir det vesle ekstra. Sjokoladen aukar produksjonen av endorfinar i kroppen og gir oss ei lykkekjensle.

Ung jente med solbriller, skolesekk, rollerblades og vannflaske sitter og spiser sjokolade i solveggen.
Ung jente med solbriller, skolesekk, rollerblades og vannflaske sitter og spiser sjokolade i solveggen.

Kan vi «fange» sola?

Det tok lang tid før nokon klarte å fange solstrålane, men i 1883 klarte franskmannen Edmond Becquerel å utvikle elektrisk spenning ved hjelp av solstrålar. Same året fann amerikanaren Charles Fritts opp det første solcellepanelet. Panelet vart testa ut på eit hustak i New York, men effekten var for liten og kostnadane for store til at det vart ein kommersiell suksess.

📷  Moderne solcellepanel på Manhatten i New York.

I dag blir slike solcellepanel meir og meir brukte. Det har blitt ein berekraftig og lønnsam måte å utnytte sola på. Solcellepanel blir brukte både på store næringsbygg, i private hus, hytter og utelampar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Solcellepanel på et tak på Manhatten i New York City, med Manhatten skyline i bakgrunnen.
Solcellepanel på et tak på Manhatten i New York City, med Manhatten skyline i bakgrunnen.

Sola på godt og vondt

Sola er viktig på så mange måtar, men ho kan òg vere ein litt skummel følgjesvein. Du hugsar kanskje sist du vart skikkeleg solbrend? Kvifor er det så viktig å verne oss mot sola, og korleis kan vi gjere det?

Skulderen og nakken til ei jente som er veldig solbrent.
Skulderen og nakken til ei jente som er veldig solbrent.

Må vi bruke solkrem?

Er du ein som hatar å ta på solkrem? Kva er liksom poenget med dei klinete greiene? Og det er kleint å smøre inn andre. Viss du tenkjer sånn, er du ikkje åleine. Altfor mange slurvar med bruk av solkrem. Men det er jo ein grunn til at vi bør bruke han.

Den viktige faktoren

For å beskytte oss mot skadelege solstrålar bør vi bruke solkrem med høg solfaktor. Solfaktor er det talet som angir styrken til solkremen. Talet seier noko om beskyttelse mot dei ultrafiolette  UVB-strålane til sola. Desse strålane har høg energi og gjer at du blir solbrend. Omtrent 90 prosent av UVB-strålane vert tatt opp i øvste lag av huda. Ulike vêrmeldingar på nett viser indikatorar på UV-stråling.

Skugge og klede

UV-strålar bidreg til utvikling av hudkreft, og derfor bør vi vere ekstra nøye med bruk av solkrem. Det kan vere klissete å ta på, men du kan vere endå lenger ute i sola. Noko forenkla seier solfaktor kor mange gongar lenger du kan vere ute i sola utan å bli solbrend. Skugge og litt ekstra klede er òg å anbefale på dagar med veldig sterk sol.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Blid jente får solkrem på nesa av moren sin.
Blid jente får solkrem på nesa av moren sin.

UV-strålar er òg godt for noko

Det blir danna D-vitamin i kroppen når du blir eksponert for sollys. Skjelettet vårt er avhengig av D-vitamin for å utvikle seg normalt. Vi får D-vitamin gjennom å ete fisk òg, men direkte sollys er det aller beste. Her i Noreg varierer graden av sollys gjennom året, så på vinteren bør vi ete ekstra mykje fisk for å få i oss nok D-vitamin.

Sol med ordet D-vitamin i midten.

Medan du nyt sola …

Det kan vere fantastisk å sitje i ein solvegg. Det er hyggeleg, kroppen får påfyll av endorfinar, og du kan få ein fin brunfarge. Men ta med deg nokre funfacts på vegen … ↓

Snø og sol

Tørr nysnø reflekterer 90 prosent av UV-strålane, og det gjer at huda blir eksponert ekstra mykje for sollys. Våt snø reflekterer berre 20 prosent. Vil du i større grad unngå å bli solbrend i påska, er det lurt å gå skiturar på våt snø. Men det viktigaste tipset er uansett å smøre seg inn med solkrem.

Sjø og sol

Når du er på sjøen, er det lurast å sole seg når det er vindstille, og helst når sola står lågt. Blir det vind utover dagen, vil skum og bølgjer reflektere meir sollys når sola står høgare på himmelen. Dermed er sjøsola farlegare når det er litt vind enn når det er vindstille.

Dessutan kan vind fort «kamuflere» solsteiken på huda. Då er fort gjort å sitje litt for lenge i sola.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kjelder:

 

  • Skoie, Inger Marie; Pukstad, Brita; Puventhiran, Nithuja: solfaktor i Store medisinske leksikon på snl.no.
    Henta
    3. juni 2022 frå https://sml.snl.no/solfaktor
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images