Snøskred – ein naturfare i endring

Det startar gjerne med ein fjelltur. Sola kikkar endeleg fram etter snøvêr, fjellsidene glitrar, og skia glir lett over nyfallen snø. Under overflata derimot, kan det skjule seg ei livsfarleg spenning. Når snøen losnar, skjer det ofte utan forvarsel. Ein heil flanke blir riven laus og set i gang ein kaskade av snø, is og luft som kan nå hastigheiter på over 150 kilometer i timen.

Snøskred er blant dei mest dødelege naturfarane i Noreg, og er samtidig eit av dei mest komplekse naturfenomena vi kjenner. Det er ikkje berre snø i fart nedover bratte fjell om vinteren, men er    resultatet av eit dynamisk samspel mellom jordas system: atmosfæren, kryosfæren, geosfæren, biosfæren og hydrosfæren. Når klimaet blir endra, blir også desse prosessane endra, og dermed skredrisikoen. Snøskred er ikkje lenger berre eit spørsmål om vêr og terreng, men om energiutveksling, vassmetting, metamorfosen til snøen og menneskeleg påverking.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Naturens kraft. Et ekte, stort snøskred kommer fra et stort fjell (Shkhara, 5193 m), Kaukasus, Kabardino-Balkaria, Bezengi-regionen, Russland.
Naturens kraft. Et ekte, stort snøskred kommer fra et stort fjell (Shkhara, 5193 m), Kaukasus, Kabardino-Balkaria, Bezengi-regionen, Russland.

Kva er eit snøskred?

Eit snøskred er ei plutseleg masserørsle av snø som losnar frå eit ustabilt snødekke og bevegar seg nedover ei skråning. Utløysinga skjer når den drivande krafta (tyngdekrafta) overstig den motståande skjerstyrken i snøen. Dette skjer ofte i terreng med helling mellom 30 og 45 grader, men enkelte skredtypar, som sørpeskred, kan oppstå i terreng heilt ned mot 5 grader.

Skredrisikoen blir bestemt av fleire faktorar:

Snøens struktur og metamorfose: Snøkrystallar blir endra over tid gjennom prosessar som destruktiv og konstruktiv metamorfose. Dette påverkar lagdelinga og bindingane mellom snølaga.

Skjærspenning og kohesjon: Når snølag med låg kohesjon (f.eks. rim eller kantkorn) ligg under kompakte flak, aukar faren for flakskred.

Vassinnhald og porøsitet: Hydrologiske prosessar som regn, smelting og kapillær vasstransport kan føre til vassmetning og redusert friksjon.

Termisk gradient: Store temperaturforskjellar i snødekket fører til danning av kantkorn. Dette er store, lause krystallar med dårleg bindingsevne.

Desse prosessane blir igjen påverka av jordsystema:

Atmosfæren styrer temperatur, vind og nedbør og dermed snøens omdanning og stabilitet.

Kryosfæren omfattar snø, is og tele, og korleis desse blir endra over tid.

Hydrosfæren tilfører vatn gjennom regn og smelting, som kan svekke snøens indre struktur.

Geosfæren bestemmer terrengform, eksponering og overflate. Dette er avgjerande for skredets bane og energi.

Biosfæren påverkar stabiliteten gjennom vegetasjon, som kan forankre snøen. Dersom det ikkje er vegetasjon som buskar og tre langs ei fjellside, er ho meir utsett for ras.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ulike typar snøskred

Snøskred blir delt inn etter korleis dei losnar og kva type snø som er involvert. Kvar type har sin eigen dynamikk, si eiga utløysingsmekanisme og geografiske utbreiing – og gir innsikt i dei klimatiske og geofysiske forholda som har ført til skredet.

Flakskred

Flakskred er dei mest vanlege og farlege skreda. Det oppstår når eit samanhengande snøflak losnar frå eit underliggjande svakt lag, ofte etter at vind har transportert snø og danna fokksnøflak. Det svake laget kan bestå av kantkorn, nedføyka rim eller laus nysnø. Når dette laget kollapsar, kan heile flaket losne som éi eining og akselerere raskt nedover fjellsida. Flakskred kan nå hastigheiter over 130 km/t og har høg destruktiv kraft.

I Noreg er dei særleg vanlege i fjellstrøka i Troms og Nordland, i Jotunheimen og i Sunnmørsalpane. Eit kjent døme er også skredet i Longyearbyen i desember 2015, der eit flakskred utløyst av mildvêr og regn tok livet av to personar og førte til omfattande sikringstiltak.

I europeisk samanheng er flakskred svært vanlege i Alpane, og under den såkalla «Terrorvinteren» i 1951 vart over 600 flakskred registrerte i Sveits og Austerrike, med over 265 dødsfall.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sprukket hvit snøoverflatebakgrunn i vinterens sollys
Sprukket hvit snøoverflatebakgrunn i vinterens sollys

Laussnøskred

Laussnøskred startar i eitt punkt og breier seg nedover som ei vifte. Dei oppstår i laus, ubunden snø som kan vere tørr nysnø eller våt snø som har låg kohesjon. Desse skreda er ofte mindre enn flakskred, men kan vere farlege i bratt terreng eller i såkalla terrengfeller, der snøen samlar seg og trykket aukar. Laussnøskred førekjem ofte etter kraftige snøfall i kaldt og stille vêr, og er vanlegast i indre fjellområde som Innlandet og Telemark.

Eit dokumentert døme er eit stort laussnøskred i Sogndal i 2023, som vart utløyst etter fleire dagar med intens nysnø. I Norden er laussnøskred også vanlege i Nord-Sverige og Nord-Finland, særleg i periodar med stabil kulde og hyppige snøfall.

Et løssnøskred utløst i en bratt skråning, kjennetegnet av et lite punktutløsningsmiddel som vokser i størrelse.
Et løssnøskred utløst i en bratt skråning, kjennetegnet av et lite punktutløsningsmiddel som vokser i størrelse.

Våtsnøskred

Våtsnøskred oppstår når snøen blir metta med vatn, anten frå regn eller smelting. Når snøen blir metta med vatn, blir friksjonen redusert mellom snøkrystalla, og bindingane som held snølaga saman, blir svekt. Dette fører til at snøen mistar bereevna og stabiliteten sin og kan begynne å gli som ein tung, plastisk masse. Desse skreda bevegar seg saktare enn tørre flakskred, men har høg tettleik og stor masse, og kan derfor vere svært destruktive. Dei opptrer ofte om våren, særleg i sørvende fjellsider der solinnstrålinga er sterkast.

I Noreg er våtsnøskred vanlege i område som Hardangervidda og Romsdalen. I 2021 gjekk det eit stort våtsnøskred i Romsdalen som stengde E136 i fleire dagar. I Alpane er våtsnøskred ei kjend utfordring i vårsesongen, spesielt i Sveits og Nord-Italia, der dei ofte rammar infrastruktur og busetnad.

Luftfoto av snøskred i fjellskråning. Våt snø om våren glir nedover.
Luftfoto av snøskred i fjellskråning. Våt snø om våren glir nedover.

Sørpeskred

Sørpeskred er ein sjeldan, men ekstremt farleg skredtype som skjer under heilt spesifikke forhold: tele i bakken, høg vasstilførsel og stor snømengd. Når vatnet ikkje kan infiltrere den frosne bakken, blir snøen metta, og han byrjar å flyte som ei viskøs væske. Sørpeskred kan bevege seg i terreng med helling heilt ned mot 5 grader og har høg erosjonsevne. Det vil seie at dei kan rive med seg jord, stein og tre, og slik forårsakar dei store øydeleggingar.

Dei er mest vanlege i lågtliggjande kyststrøk i Nord-Noreg, særleg i Finnmark og Troms. Eit kjent døme er sørpeskreda som ramma Nordland og Troms i mars 1979, der fleire menneske omkom og infrastruktur vart øydelagd. I Europa er slike skred også dokumenterte på Island og i Nord-Finland, men det er i Noreg at dei er mest studerte og overvakte.

Kvar skredtype gir eit unikt innblikk i fysikken til snøen og rolla til klimaet. Flakskred avslører svak lagdeling og vindpåverknad. Laussnøskred peikar på låg kohesjon i nysnø. Våtsnøskred fortel om vassmetting og temperaturauke. Sørpeskred viser korleis vatn og tele i bakken kan skape flaumliknande rørsler. Å forstå desse forskjellane er avgjerande for å kunne føreseie, varsle og leve med snøskred i eit klima i endring. Kvar skredtype seier noko om dei klimatiske forholda som har leidd fram til skredet, og om korleis krinsløpa og temperaturendringane i vatnet påverkar snødekket.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En sparsom bro om vinteren i et ødemarksavfall. Kanskje en konsekvens av avskogingen for vintersporten.
En sparsom bro om vinteren i et ødemarksavfall. Kanskje en konsekvens av avskogingen for vintersporten.

Vekselverknader i jordsystema

Snøskred oppstår i skjeringspunktet mellom jordsystema. Eit døme: Eit lågtrykk fører til temperaturstiging (atmosfæren), som smeltar snø (kryosfæren), og vatnet trengjer inn i snødekket (hydrosfæren). Viss terrenget er bratt (geosfæren) og vegetasjonen er sparsam (biosfæren), kan eit skred lett utløysast.

Eit konkret døme er Longyearbyen-skredet i 2015. Då kom eit kraftig lågtrykk som førte til +9 °C og regn midt i desember. Dette medførte rask snøsmelting og vassmetting av snødekket. Samtidig var terrenget bratt og vegetasjonen minimal. Resultatet var eit dødeleg flakskred som tok to liv og førte til omfattande sikringstiltak. Dette viser korleis klimaendringar og samspel mellom jordsystema skaper nye typar risiko – også i Arktis.

Klimaendringar gir meir intense nedbørshendingar og hyppigare mildvêr om vinteren. Dette fører til fleire episodar med regn på snø, noko som som destabiliserer snødekket og aukar risikoen for våtsnøskred og sørpeskred.

Når forholda blir ustabile nok, kan ei lita forstyrring, eit steg eller ein temperaturauke, utløyse katastrofen. Det er ofte menneske som startar eit snøskred, og så mange som 90 % av alle dødelege snøskred i Noreg er utløyste av menneska sjølve, spesielt frikøyrarar og toppturfolk.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Halvparten av jordas overflate sett fra verdensrommet.
Halvparten av jordas overflate sett fra verdensrommet.

Ein nasjonal vekkjar – Vassdalen, 1986

Det verste snøskredet i moderne norsk historie ramma Vassdalen i Nordland 5. mars 1986. Soldatar frå Ingeniørbataljonen var ute på NATO-øving. Leiren deira låg i eit skredutsett dalsøkk utan tilstrekkeleg vurdering av forholda. Tidleg om morgonen losna eit stort flakskred og tok livet av tolv unge menn.

Ulykka vart eit vendepunkt for Forsvaret og for sivil beredskap. Den førte til styrkt varsling, kartlegging og auka forståing for kor farleg snøen kan vere, og dessutan kor raskt det kan gå gale når systema til naturen slår seg saman.

Bilde av et digitalt kart over Norden
Bilde av et digitalt kart over Norden

Klimaendringar – ein ny skredkvardag

Klima i Noreg 2100 viser at eit varmare og våtare klima vil forandre snøskredrisikoen dramatisk. I eit varmare klima blir skredsesongen forskoven. Vi får oftare vêrskifte med mildvêr, regn og kulde om kvarandre, og dette skaper fleire svake lag i snøen. Det gjer det vanskelegare å føreseie skredfaren, og det aukar behovet for kontinuerleg overvaking.

I høgfjellet kan meir vind, temperaturendringar og høge termiske gradientar føre til danning av kantkorn og rimlag. Dette er blant dei mest ustabile laga i snødekket. Kantkorn blir danna når snøen blir omdanna under store temperaturforskjellar, særleg nær bakken. Desse korna er grove og har dårleg binding til laga over. Rimlag blir danna ved at vassdamp frys direkte på snøoverflata under rolege og kalde forhold. Når nye snølag dekkjer rimlaget, kan det danne ei svakheitssone som lett kan svikte. Begge lagtypane aukar risikoen for flakskred stort.

I lågare område vil meir regn og færre frostdagar kunne gi auka førekomst av sørpeskred, ein type skred som tidlegare var sjeldan, men som no krev auka merksemd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Effekt av global oppvarming i naturen. Konseptuelt bilde av smeltende, verdensformet isbre i dypblått vann. 3d illustrasjon.
Effekt av global oppvarming i naturen. Konseptuelt bilde av smeltende, verdensformet isbre i dypblått vann. 3d illustrasjon.

Varsling og overvaking – vaktpostar i snøen

I dag gjer vi eit omfattande arbeid for å varsle og overvake snøskredfare. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) driv varslingstenesta varsom.no i samarbeid med Meteorologisk institutt og Statens vegvesen. Her blir skredfaren gradert dagleg frå 1 (liten fare) til 5 (svært stor fare).

NORSAR og Cautus Geo har utvikla avanserte overvakingssystem med fiberoptiske kablar, geofonar og radar som registrerer vibrasjonar og rørsle i snøen, og som automatisk stengjer vegar ved fare. Internasjonalt blir også UAV brukt (dronar), LiDAR og satellittbilete for å kartleggje snødjupn og skredbanar med høg presisjon.

Gjennom feltmålingar, snøprofilar, vêrdata, satellittbilete og digitale modellar, blir stabiliteten og risikoen til snøen vurderte. Modellar som SNOWPACK simulerer utviklinga til snøen lag for lag basert på vêrdata, og dei bereknar mellom anna temperaturgradientar, kornstorleik og lagstyrke. HBV-modellen blir brukt til å berekne vassbalanse og snøsmelting, og gir innsikt i korleis vatn bevegar seg i snøen og påverkar stabiliteten. Lokale observatørar rapporterer snødjupn, temperatur, snøstruktur og skredaktivitet og bidreg til å kalibrere modellane.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Førebygging – slik lever vi med skredfare

Fysiske tiltak som skredvollar, snøfangarar og skredtunnelar reduserer risiko i utsette område. I bratte fjellsider kan ein utløyse skred kontrollert med sprengstoff. Kommunane bruker dessutan detaljerte farekart frå NVE i arealplanlegginga for å unngå nybygg i risikosoner.

På utdanningssida samarbeider både forskingsmiljø, vidaregåande skular og beredskapsgrupper om skredkunnskap. UNIS på Svalbard og NGI i Oslo er blant dei fremste på feltet. Mange elevar lærer i dag å lese snøprofilar, vurdere skredfare og bruke digitale verktøy for varsling. Dette er ikkje berre viktig for tryggleik, det er ein måte å forstå dynamikken til naturen på, og å leve med han, ikkje mot han.

Tenk som en geoforskar – vurder og drøft

Å forstå snøskred krev meir enn å kjenne til vêrmeldinga eller terrengets brattleik. Det krev at vi tenkjer som geoforskarar: Kva jordsystem verkar saman i det skjulte? Korleis blir dei endra i møte med eit klima i rask endring? Og korleis kan vi bruke denne kunnskapen til å varsle, tilpasse og verne både menneske og samfunn?

Så neste gong du ser ei snødekt fjellside, spør deg sjølv: Kva skjer under overflata? Kva krefter er i spel? Og korleis kan eg bruke kunnskapen min til å leve tryggare i eit landskap i rørsle?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av en geoforsker som står og peker
Illustrasjon av en geoforsker som står og peker

Kjelder:

  • NVE. (2024). Snøskredvarsling i Norge. 
  • NVE (2016). Snøskred – tørre og våte. Henta frå https://publikasjoner.nve.no/faktaark/2016/faktaark2016_01.pdf
Close Icon

Loading...