Solsystemet

Den fascinerende historia om korleis sola og dei andre himmellekamane rundt henne blei til.

Accessibility icon Solsystemet

Solsystemet vårt

Heilt til for 500 år sidan trudde alle at jorda var midt i universet. Og at sola, månen, stjernene og planetane Merkur, Venus, Mars, Jupiter og Saturn gjekk rundt jorda.

På 1500- og 1600-talet kom dei tre astronomane Copernicus, Kepler og Galilei og snudde alt på hovudet. Dei meinte at sola stod i sentrum, medan jorda og dei andre planetane gjekk rundt ho. Med andre ord: Dei viste oss solsystemet vårt.

I 1796 meinte den franske vitskapsmannen Lapace at solsystemet var ei sky av gass som klumpa seg saman til sola og planetane. Dette er faktisk ikkje så langt unna det mange i dag tenkjer om korleis solsystemet vart til.

Den moderne Laplace-ideen går ut på at ei supernova eksploderer. Ei supernova er ei stjerne som eksploderer på slutten av levetida si.

Då supernova eksploderte for fem milliardar år sidan, kasta ho ut masse ulike grunnstoff og gassar. Desse krasja med andre grunnstoff som helium og hydrogen. Dette vart seinare til vårt solsystem.

Denne skya av stoff er det som er nødvendig for å byggja opp planetar som jorda. Skya byrja sakte å spinna, og så auka ho farten. Så samla ho seg rundt eitt punkt i midten. Dess fortare det gjekk, dess tettare vart ho. Til slutt samla ho seg til klumpar, som etter kvart trekte seg saman til ein enorm klump – ei protostjerne.

Protostjerna fall til slutt saman. Då dette hende, vart det så varmt at ho tente på seg sjølv. Dermed oppstod sola, omtrent slik vi kjenner ho i dag.

Dette er det som er solsystemet vårt i dag. Sola i sentrum, og så planetane som går rundt ho.  

Forrige avsnitt

1 / 7

Neste avsnitt
Solsystemet

Korleis vart planetane til?

Då protostjerna fall saman og spann stadig raskare, vart det ein del materie til overs. Dette samla seg i ei skive som snurra rundt protostjerna. Det vart trongt, tett og varmt inni protostjerna, og dei første atoma byrja å smadra inn i kvarandre.

Eit stort utbrot av partiklar frå sola, som vi kallar ein solvind, bles støvet seks milliardar kilometer ut i rommet. Ein solvind er ein straum ladde partiklar som vart slynga ut av den ytste atmosfæren rundt ei stjerne.  

Dei indre planetane i solsystemet (Merkur, Venus, Jorda og Mars) vart alle danna av materien som vart spreidd ut i dei inste 400 millionar kilometrane. Her var det så varmt at berre tunge stoff, som jern og nikkel, kunne klumpa seg saman. Etter kvart samla klumpane seg til dei fire indre planetane i solsystemet. Dei blei små, fordi det ikkje fanst så mykje av dei tyngre stoffa i solsystemet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!