Solsystemet

Den fascinerende historia om korleis sola og dei andre himmellekamane rundt ho vart til.

Accessibility icon Solsystemet

Solsystemet vårt

Heilt til for 500 år sidan trudde alle at jorda var i midten av universet. Sola, månen, stjernene og planetane Merkur, Venus, Mars, Jupiter og Saturn gjekk rundt jorda, trudde dei.

På 1500- og 1600-talet kom dei tre astronomane Copernicus, Kepler og Galilei med ein ny påstand. Dei meinte at sola var i midten, medan jorda og dei andre planetane gjekk rundt ho.

I 1796 meinte den franske vitskapsmannen Lapace at solsystemet var ei sky av gass som klumpa seg saman til sola og planetane. Dette er faktisk ikkje så langt unna det mange i dag tenkjer om korleis solsystemet vart til.

Den moderne Laplace-ideen går ut på at ei supernova eksploderer. Ei supernova er ei stjerne som eksploderer på slutten av levetida si.

DÅ supernova eksploderte for fem milliardar år sidan, kasta ho ut masse ulike grunnstoff og gassar. Desse krasja med andre grunnstoff som helium og hydrogen. Dette vart seinare til vårt solsystem.

Denne skya av stoff er det som er nødvendig for å byggja opp planetar som jorda. Skya byrja sakte å spinna, og så auka ho farta. Så samla ho seg rundt eitt punkt i midten. Jo fortare det gjekk, dess tettare vart ho. Til slutt samla ho seg til klumpar, som etter kvart trekte seg saman til ein enorm klump – ei protostjerne.

Protostjerna fall til slutt saman. Då dette hende, vart det så varmt at ho tente på seg sjølv. Dermed oppstod sola, omtrent slik vi kjenner ho i dag.

Dette er det som er solsystemet vårt i dag. Sola i sentrum, og så planetane som går rundt ho.

Forrige avsnitt

1 / 7

Neste avsnitt
Solsystemet

Korleis vart planetane til?

Då protostjerna gjekk raskare og raskare, var det ein del til overs. Dette samla seg i ei skive som snurra rundt protostjerna. Det vart trongt, tett og varmt inni protostjerna, og delane byrja å krasja i kvarandre.

Eit stort utbrot av små bitar frå sola, som vi kallar solvind, blåste støvet seks milliardar kilometer ut i rommet. Dei indre planetane i solsystemet Venus, Jorda og Mars vart danna.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!