Solsystemet

Den fascinerande historia om korleis sola og dei andre himmellekamane rundt ho vart til.

Accessibility icon Solsystemet

Solsystemet vårt

Heilt til for 500 år sidan trudde alle at jorda var midtpunktet i universet. Sola, månen, stjernene og planetane Merkur, Venus, Mars, Jupiter og Saturn sirkla rundt jorda. Så, på 1500- og 1600-talet, kom dei tre astronomane Copernicus, Kepler og Galilei og snudde alt på hovudet. Dei meinte nemleg at sola sto i sentrum, medan jorda og dei andre planetane sirkla rundt dei. Med andre ord: Dei viste oss solsystemet vårt. Kyrkja motarbeida denne teorien til ut på 1700-talet.

Solsystemet

Laplace-teorien

I 1796 meinte den franske vitskapsmannen Lapace at solsystemet opphavleg var ei roterande sky av gass som gradvis klumpa seg saman til sola og planetane. Dette er faktisk ikkje så langt unna det dei i dag tenkjer om korleis solsystemet vart til.

Den moderne Laplaceteorien går ut på at ei supernova eksploderte for fem milliardar år sidan og slynga ut masse ulike grunnstoff og gassar. Desse kolliderte med ei tåke av helium og hydrogen. Dette vart seinare til vårt solsystem. Vi kan faktisk sjå at dette skjer i andre delar av galaksen vår og enda lenger ute i rommet. 

Denne skya av såkalla materie inneheldt nitrogen, oksygen, jern og silisium – stoff som er nødvendig for å byggja opp planetar som jorda. Skya byrja sakte å spinna, og tyngdekrafta fekk ho til å auka farta og samla seg rundt eit midtpunkt. Ho spann fortare og fortare jo tettare ho vart. Materien samla seg til klumpar, som etter kvart trekte seg saman til ein enorm klump – ei protostjerne.

Protostjerna kollapsa under si eiga tyngdekraft. Då dette hende, vart det så varmt at det sette i gang ein kjernefysisk reaksjon som «tende» stjerna. Dermed oppstod sola, omtrent slik vi kjenner ho i dag.  

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!