Sosialiseringsprosessen

  • Korleis blir vi ein del av klassen?  
  • Kvifor rekkjer vi opp handa før vi skal seie noko?   
  • Kvifor står vi i kø?  
  • Kvifor har vi ulike interesser?  
Flyfoto av en folkemengde

Den sosiale hjernen

Nokre forskarar meiner at grunnen til at vi menneske har fått ein så stor hjerne,  er at vi er sosiale dyr. Vi liker å vere med andre menneske. Dette medfører at vi må tilpasse oss, lære og lagre masse informasjon i hjernen vår. Teorien om den sosiale hjernen er med å forklare kvifor vi lever i grupper og har utvikla språk for å kommunisere. 

Mennesker som prater
Mennesker som prater

Kva er sosialisering? 

Kvifor har vi blitt som vi er? Det finst mange svar, og eitt av dei handlar om sosialisering. Sosialiseringsprosessen handlar om korleis vi som enkeltmenneske blir ein del av samfunnet.  

Kultur og samfunn heng naturleg saman. Med kultur meiner vi vanar, verdiar og normer. Kvifor går vi i tog på 17.mai? Kvifor er fredagstaco så populært? Eller kvifor helsar vi på andre ved å gje handa? 

Håndtrykk
Håndtrykk

Normer

Normer er eit omgrep for dei reglane samfunnet har. Korleis bør vi oppføre oss i sosiale situasjonar. Til dømes når du møter nye menneske for første gong, blir det rekna for ei norm at du skal helse ved å gje handa. I andre land, som til dømes Frankrike og Spania, er det meir vanleg med eitt eller to kyss på kinnet når ein helsar på nokon. Normer varierer frå samfunn til samfunn, og vert utvikla med tida.  

Vi skil mellom formelle og uformelle normer. Formelle normer er reglar og lover som er skrivne ned. For eksempel skulereglar eller trafikkreglar. Uformelle normer er ikkje nedskrivne, men kjem frå skikk og bruk og tradisjonar, som for eksempel det å ikkje leike med maten eller det å ikkje snike i køen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To menn som har albu mot albu som en erstatning for håndhilsning

Den første fasen

Foreldra våre lærer oss å gå, å snakke og dei lærer oss bordskikk. Frå vi er barn ser vi på korleis foreldra våre snakkar og leikar med oss. Tenk på når du gjekk i barnehagen og leika mamma og pappa. Kanskje du endra på stemma di og lest som om du hadde ein jobb. Gjennom leik og ved å gå inn i roller lærer vi å bli ein del av samfunnet vi lever i. 

Far lærer barn å gå
Far lærer barn å gå

Den andre fasen

Det er ikkje sånn at vi stoppar å lære og tilpasse oss nye situasjonar når vi blir eldre. Vi lærer nye ting og korleis vi skal oppføre oss på ulike stader. Tenk korleis du går inn i ulike roller når du er med venner, klassen eller med familien. Til kvar gruppe må vi tilpasse oss og lære nye kodar.  

En gruppe med studenter som sitter på en café og studerer
En gruppe med studenter som sitter på en café og studerer

Den tredje fasen

Samtidig er ikkje sosialiseringa avgrensa til det fysiske. Vi kommuniserer og sosialiserer også med andre via sosiale medium.  

Forsking på barn og unge sin bruk av sosiale medium viser at barn får venner via Instagram og Snapchat. Dette er med på å gje barna eit større nettverk. Eit nettverk som ikkje berre er lokalt, men også internasjonalt. Barn og unge tar ulike roller i sosiale medium og lærer seg ei ny form for kommunikasjon. Kommunikasjonen dreier seg ikkje berre om tekst, men også om bilde, emoji og såkalla memes. Barn og unge blir sosialiserte til å kommunisere på ein heilt annan måte enn det dei gjer i klasserommet eller heime.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Person som holder en mobiltelefon i hånden
Person som holder en mobiltelefon i hånden

Kor viktig er sosialiseringa?  

Vi menneske er avhengige av sosialiseringa for å fungere i samfunnet og for å lære. Hadde vi lært å gå og snakke viss vi ikkje hadde omgang med  andre menneske? 

To gutter som leker riddere med sverd
To gutter som leker riddere med sverd

Kjelder:

  • Burnet, Dean (2018):
    Blir vi antisosiale av sosiale medier?
  • Vitenskapens vei til lykken (2020)
    Orage Forlag AS
  • Grønlie, Granlund og Flood (2017): FOKUS sosialkunnskap
    Oslo. Aschehoug
  • Hilmarsen, H. V., & Arnseth, H. C (2017): Livet på Instagram. Ungdoms digitale forlengelser av sosiale relasjoner og vennskap.
    Tidsskrift for ungdomsforskning, 17(1).

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images