Standardar er viktige

Det var viktig for dei gamle sivilisasjonane Egypt og Romarriket å finne standardar for tid, vekt og lengde. Kvifor det, trur du?

Nesten alle land har standardar som er felles med resten av verda. Sjølv om det er logisk å ha internasjonale system, er det framleis ein del forskjellar. Noreg bruker kilometer i timen, mens i USA blir det brukt miles. Klede blir målt i tommar, og sko har eigne mål for størrelsar. Sjekk din eigen sko for å sjå kva for størrelsar som gjeld i ulike land.

📷  Speedometer med både kilometer i timen (km/h) og miles per hour (mph).
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Speedometer på en bil med både km/h og mph (miles per hour).
Speedometer på en bil med både km/h og mph (miles per hour).

Lang veg

Vegen har vore lang for å finne ein standard for vekt, lengde og tid. Fleire stader i verda vart standardar baserte på kroppsmålet til herskaren.

Ein yard vart i 965 e.Kr. bestemt til å vere lengda frå nasen til den engelske kong Edgar til toppen av den utstrekte langfingeren hans. Seinare vart yard det same som lengda på ein arm. Kva kunne problemet med dette bli?

På slutten av 1700-talet bestemte ein at noko måtte gjerast. Byggjeteikningar, handel og navigasjon måtte følgje internasjonale standardmål, elles ville det bli kaos. Orden vart til slutt skapt av det franske vitskapsakademiet. Dei brukte jordkloden som utgangspunkt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt og misfarget målebånd ligger krøllete på et rustikk bord.
Gammelt og misfarget målebånd ligger krøllete på et rustikk bord.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!