Stine eller Fylle-Stine (aka Fyllesvinet)

I denne forteljinga møter vi ei ung jente som er på veg ned ein vanskeleg veg. Ho drikk stadig oftare. Undervegs i forteljinga finn du refleksjonsspørsmål om det som skjer i historia og vala jenta tar.

Accessibility icon Stine eller Fylle-Stine (aka Fyllesvinet)

Stine eller Fylle-Stine (aka Fyllesvinet)?

Plutseleg flaut praten så lett. At ho ikkje hadde gjort dette før. Ho kjende seg så avslappa, ikkje anstrengd og ukomfortabel som ho vanlegvis gjorde. Smilet kom naturleg, og ho torde å sjå dei andre i auga. Orda sat på ingen måte fast i halsen, slik dei pleidde, men rann ut av henne. Ho prata om alt og ingenting – pianotimar, naboguten, eldreheimen til bestemora, hunden sin, den nye jakka, matpakke med leverpostei. Ho hadde visstnok historier om det meste, og plutseleg kunne ho dele dei utan å stotre og raudne. 

Og dei andre lytta faktisk! Gjorde dei ikkje? Stine trudde i alle fall det … Dei andre lo til og med av dei morosame delane i historiene hennar! Og ho lo med! Endeleg var ho éin dei andre lo med, ikkje av. Stine trudde i alle fall det… Og den latteren – fyllelatteren, hadde ho høyrt den vart kalla – trilla uhindra ut av henne. Høgt og forløysande. Det kjendest så godt!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Stopp og tenk

Stine er rusa. Forståinga hennar av kva som skjer, er ikkje den same som andres. Ho trur dei andre lyttar til henne og ler av dei morosame historiene hennar, men i røyndommen ler dei av henne og synest historiene hennar er latterlege.
Korleis trur du Stine vil kjenne seg når ho blir edru igjen, og forstår kva dei andre eigentleg tenkte om henne og historiene hennar?

Plutseleg kjende Stine seg så fri. Fri til å prate, le og vere som dei andre. Fri til å delta, ikkje berre sjå på frå sidelinja. Ho deltok i samtalar – fjasete samtalar med dei andre jentene ved vasken på do, djupe samtalar med dén guten i sofakroken, meiningslause samtalar med kven-som-helst. Ho deltok i dansen – musikken fylte hovudet og spreidde seg i kroppen, og ho bevega seg i takt med han. Ho og alle dei andre på dansegolvet, som om dei var éin samla organisme.   

Stopp og tenk

Stine er rusa. Ho trur ho endeleg er ein del av fellesskapet, og at ho deltek på lik linje som alle andre. I røyndommen snublar ho rundt, snøvlar når ho pratar, går alt for tett på folk og gjer dei andre ukomfortable.

Korleis trur du dei andre ser på Stine?

Kva tenkjer dei andre om Stine si åtferd, trur du?   

Det var som om ho endeleg hadde løyst gåta «Korleis passe inn?». Alkoholen var som ein trylledrikk som forvandla henne frå ei sjenert og grå, lita mus som gøymde seg i utkanten av alle sosiale sirklar, til ei sjølvsikker og skinande stjerne som meir enn gjerne lyste opp i midten.

Stopp og tenk

Stines røyndomsoppfatning er ikkje som dei andres. Ho får overdriven tru på seg sjølv, og stadig mindre sjølvinnsikt. Stine trur alkohol gir henne sjølvtillit.

Ho kjenner seg kanskje betre der og då, men korleis trur du ho kjenner seg i ettertid?

Frå den dagen drakk Stine alltid på fest. Og nokre gonger elles, om ho skulle møte andre og trong eit ekstra sjølvtillitsløft.

Stopp og tenk

Stine drikk alkohol i eit forsøk på å meistre sosiale situasjonar.

Kva tenkjer du om å bruke alkohol på denne måten? Forklar svaret ditt.

Det var rett nok ein del mindre gode sider ved dette. Det hende at Fylle-Stine drakk vel mykje. Nokre gongar fordi det var vanskeleg å vite kor mykje ho eigentleg tolte. Andre gongar fordi ho rett og slett ville ha meir. Ikkje av alkoholen, han smakte trass alt ganske kjipt, men av godkjensla. Kjensla av fellesskap med dei andre. Kjensla av å vere trygg på seg sjølv. Kjensla av å tilhøyre, vere ein del av gruppa.

Stopp og tenk

Stine drikk meir i eit ønske om å kjenne seg endå betre.

Kva tenkjer du om vala Stine gjer? 

Dessverre var ikkje alkoholen nokon garanti for godkjensla, heller. Det kunne like gjerne gå andre vegen, hadde ho erfart. Ja, ho deltok i alle samtalar og delte velvillig alt frå historier om heilt daglegdagse ting til løyndommar ho helst skulle halde for seg sjølv. Men det var ikkje alt ho sa som vart motteke med «high fives», latter og anerkjenning. Det hende ofte at det ho sa var pinleg, feil eller latterleg. Det var heller ikkje så enkelt å bli teken alvorleg når blikket hennar var sløra, ho snøvla og snubla i både ord og bordbein.

Stopp og tenk

Det går etter kvart opp for Stine at drikkinga gjer henne mindre i stand til å lykkast sosialt.

Likevel held ho fram med å drikke. Kvifor stoppar ho ikkje, trur du? 

Ja, ho deltok i dansen og følte at ho var i takt med alt og alle. Heilt til ho ikkje var det lenger. Bein og armar følgde ikkje instruksjonane frå hovudet lenger. Det var brot på linja, og Stine hang ikkje heilt saman. Alt var i utakt. Ingen grasiøse rørsler, berre pinleg risting, stamping, hopping og halting. Det hadde ingenting med dans å gjere, men ho heldt likevel fram. Brotet mellom hovudet og kroppen var fullstendig, og hovudet forstod ikkje lenger kor sjenerande kroppen oppførte seg. 

Stopp og tenk

Stine skammar seg ofte når ho forstår at ho dummar seg ut. Ofte innser ho det ikkje før i ettertid, og då blir skamma sterkare.

Korleis trur du dette påverkar Stines sjølvtillit og bilete av seg sjølv?

Og så var det dagen etter, då. Fylleangst. Ordet hadde fått mykje innhald for henne etter kvart. Brotstykke av samtalar og situasjonar som kom tilbake til henne når ho vakna dagen etter ein fest. Hadde ho verkeleg sagt dét? Gjorde ho verkeleg dét? Ho vrei seg i senga i rein flauheit. Ville helst gløyme, men kunne ikkje. Ville aller helst gått tilbake i tid og late vere, men det kunne ho heller ikkje.

Stine. Fylle-Stine. Fyllesvinet. 

Kven ville ho eigentleg vere?

Bilde- og videorettar:

    1. Midjournay
    2. Midjournay
    3. Midjournay
    4. Midjournay
    5. Midjournay
    6. Midjournay
    7. Midjournay
    8. Midjournay