Tankeeksperiment:

Kva om vi vart invaderte
av romvesen?

Mange trur at det finst liv på andre planetar. Kva ville skjedd om vi vart invaderte av romvesen? Hadde dei komme med krig eller fred? Kva kunne vi stilt opp med?

No skal vi gjere eit tankeeksperiment.

Hvitt romvesen står foran svart bakgrunn.
Hvitt romvesen står foran svart bakgrunn.
Åtte timar før kontakt

Ein gong i framtida vil vi kanskje få besøk frå verdsrommet. Ekspertar seier at dette er mogleg. På film prøver dei som regel å øydeleggje eller erobre jorda. Vil det bli sånn?

Nokon har laga planar

Fleire land har førebudd seg på eit slikt besøk. Dei har øvd på korleis det kan bli. Men dei færraste veit om desse planane. Det meste er top secret.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En UFO svever over et ørkenlandskap.
En UFO svever over et ørkenlandskap.
To timar før kontakt

Håpet er at dei framande kjem i fred. For å vite dette må vi sende ut meldingar til dei. Meldingane blir sende ut frå heile verda på spansk, engelsk, arabisk, mandarin (kinesisk) og hindi (indisk).

8000 kilometer over jorda svevar den framande gjenstanden. Det er ingen teikn til reaksjon. Kanskje dei framande ikkje forstår oss. Plutseleg begynner gjenstanden å røre på seg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kontakt

No har augneblinken komme. Den første kontakten. Kamera rettar linsene sine mot fartøyet. Teleskop som kan sjå ut i verdsrommet, gjer det same. Plutseleg blir alle skjermar svarte. Dei framande har sendt ut elektriske signal som øydelegg apparata våre. Kvifor?

Dei framande veit korleis dei skal øydeleggje alt vi er avhengige av. Vi kallar det ein intelligens. Dei er smarte. Ingen mobilar verkar. Minibankar fungerer ikkje. TV-skjermane blir tomme. Men var det ei krigshandling eller eit forsøk på å svare?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En UFO svever over jorda i et blått lys.
En UFO svever over jorda i et blått lys.
tre timar etter kontakt

Fleire enorme romskip svevar over jorda. Kvifor er romvesena her? Er dei ein trussel, eller kjem dei for å dele ny teknologi med oss?

Intelligent liv

Mange tenkjer at romvesena er vonde. Dette veit vi ingenting om. Vi må berre håpe at dei kjem med fredelege hensikter. Kvifor skulle dei ikkje det?

Fiendtlege hensikter

I dette tankeeksperimentet er ikkje romvesena vennlege. Kva er dei i stand til å gjere med oss med teknologien sin?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fire ufoer svever over New York.
Fire ufoer svever over New York.
Fem timar etter kontakt

For å overleve må vi samarbeide. USA og Taliban må stå saman mot ein felles fiende. Det same må Russland og Ukraina. Men vi har ikkje god nok teknologi til å ta dei.

Overlegen teknologi

Teknologien til romvesena er overlegen. Dei slår ut alt vi har av fly og våpen.

Ein forsvarslaus jordklode

Så angrip dei flyplassar, straumnettet og internett. Dei slår ut ting vi kan bruke mot dei. Over heile kloden skjer det same.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ruin av en storby i soloppgang.
Ruin av en storby i soloppgang.
Sju timar etter kontakt

Ein stad i Atlanterhavet stig ein ubåt opp frå djupet. Han sender ein rakett med ei atombombe mot eit av fartøya. Lagnaden til planeten er avhengig av vårt dødelegaste våpen. Men fungerer det?

Jordas mektigaste våpen har ingen verknad. Teknologien til dei framande er for god. Dei er altfor godt verna med skjold. Jordas hærar er utslegne, men invasjonen er berre begynnelsen.

Motstanden blir organisert

Overlevande leiarar gir ordre om å stanse angrepa. No må vi gøyme oss for å planleggje betre. Vi må vere smartare enn dei.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Vi ser noe av en ubåt under vann som er turkis.
Vi ser noe av en ubåt under vann som er turkis.
Sju dagar etter kontakt

Kvifor kom dei hit? Vi har noko dei treng. Dei utanomjordiske samlar inn plantar og dyr. Dei haustar inn alt av liv og syg det inn i romfartøya.

For inntrengjarane er alt på jorda berre ein ressurs dei kan ta med seg. Akkurat som olje og gass er det for oss. Vi berre hentar det opp frå havet.

Formålet med at dei kjem, er sannsynlegvis ikkje å utslette oss, men å ta ressursar som dei treng. Planeten dei kjem frå, er tom. Jorda har alt dei treng. Men sidan dei vart angripne av menneska, måtte dei slå tilbake.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Jordkloden sett fra månen.
Jordkloden sett fra månen.
SEKS veker etter kontakt

Dei som har overlevd, gøymer seg i skogane og i hòler. Dei manglar teknologi som vi har teke for gitt. Ingenting verkar lenger. Bortsett frå walkie-talkiar. Desse verkar ved hjelp av radiobølgjer. Elektriske bølgjer som kan sende og få lydsignal.

Gammal teknologi

Sjølv med gammal teknologi kan vi slå dei. Vi må berre vere smartare enn dei. Mange store hærar har tapt mot tilsynelatande dårlegare motstandarar. Dei minste har nemleg slått til der dei sterkaste ikkje har forventa det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En person griper tak i en av to walkie-talkier som står på et bord.
En person griper tak i en av to walkie-talkier som står på et bord.
seks månader etter kontakt

Romvesena haustar av jorda. Dette gir dei overlevande ei moglegheit for å slå tilbake. Det er nemleg ein veg inn. Nemleg å feste sprengladningar på tre som blir sogne opp i romskipa. Men eksplosjonane gir ingen effekt.

Lågteknologisk krigføring

Det må bli lagt ein ny strategi. Atomvåpen hjelper ikkje. Teknologien vår er for dårleg. Vi kan ikkje møte fienden i store slag. Vi må skade dei innanfrå. Derfor må vi komme oss inn i romskipa. Men korleis?

Svakheiter

Kva svakheiter har dei framande? Kan vi bruke det mot dei? Noko som er sikkert, er at inntrengjarane ikkje kan få forsterkningar. Dei er for langt heimanfrå. Det er ei svakheit som kan utnyttast.

Lær av maurane

Vi må lære om overleving av den mest  talrike arten på jorda, maurane. Dei blir ikkje berre styrte av éin leiar, men av mange. Om éin leiar døyr, held berre dei andre leiarane fram.

Ein kan drepe maur som kryp rundt på kjøkkenet, men vi slår ikkje ut heile tua av den grunn. Målet er ikkje å utslette ein og ein fiende, men å gi dei lyst til å reise igjen. Vi må halde ut lenger enn dei.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Sort maur kryper på hvit stein.
Sort maur kryper på hvit stein.
Sju månader etter kontakt

Tida går i rasande fart. Alle menneske som er 14 år eller eldre, må bere våpen. No må alle bidra.

Ingen romvesen har vist seg utandørs. Er det noko dei fryktar? Har vi sjukdommar som dei ikkje toler? Kan dei døy av korona eller raude hundar?

Biologiske våpen

Kanskje vi kan gi dei sjukdommar som dei døyr av? Såkalla biologiske våpen. Sjuke og døyande menneske lèt seg suge opp i romskipa for å spreie sjukdom.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Covid-19.
Covid-19.
Ni månader etter kontakt

Den biologiske krigføringa hjelper ikkje. Romvesena blir ikkje sjuke. Kanskje dei har sjukdommar som kan slå oss ut?

Biologiske vesen eller maskiner?

Årsaka kan òg vere at romvesena ikkje er biologiske, men maskiner. Derfor treng dei plantane og dyret våre til å lage drivstoff. Maskiner bryr seg ikkje om korleis det går med oss.

For å knekkje maskiner må nokon komme seg inn i moderskipet for å slå av teknologien. Det kan vere siste sjanse.

Ballongar

Vi må få soldatar inn i skipa. For å få til det treng vi noko som inntrengjarane ikkje kan sjå. Nemleg ein luftballong. Han gir nemleg ikkje frå seg nokon elektriske signal. Dermed blir ballongen “usynleg” for inntrengjarane.

Ballongangrepet

Menneska går all inn. Di fleire som angrip, dess større sjanse for å lykkast. Dei utanomjordiske kan ikkje slå ut alle. Tusenvis blir sende opp i ballong. Kan dei lykkast?

Lågteknologi overvinn høgteknologi

Soldatane som kjem seg inn i fartøya, må plassere sprengstoff på riktige stader. På innsida er ikkje inntrengjarane like godt verna. Så der gjer sprengstoffet stor skade.

Kapitulering

Dei utanomjordiske forstår at dei har vorte lurte, og dei trekkjer seg tilbake. Dei taper meir enn dei vinn. Dei vel å reise. Den utanomjordiske invasjonen er over.

Det er ikkje teknologien som blir avgjerande, men samarbeid og tilpassing. Vi må bruke dei styrkane vi har.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt

Epilog

Vil utanomjordiske dukke opp, eller er vi åleine i dette enorme universet?

Begge spørsmål er urovekkjande, og begge er spennande å tenkje over medan vi beundrar nattehimmelen.

Stjernehimmel.
Stjernehimmel.

Kjelder:

  • Du har no lese eit tankeeksperiment. Artikkelen er  basert på ein dokumentar på National Geographic Channel med namnet  «Alien Invasion». Kjelda er ikkje lenger tilgjengeleg.

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images