Tankeeksperiment: Kva viss jorda sluttar å rotere?

Jorda roterer rundt sin eigen akse og går i bane rundt sola. Rotasjonen skaper ikkje berre natt, dag og årstider – han er også svært viktig for alt liv på jorda slik vi kjenner det. Men kva vil skje om jorda sluttar å rotere?

Accessibility icon Tankeeksperiment: Kva viss jorda sluttar å rotere?
Tankeeksperiment:

Kva viss jorda sluttar å rotere?

 Lat oss gjere eit tankeeksperiment: Kva vil skje viss jorda sluttar å rotere?

Jordrotasjon er berre éin ting vi tar for gitt. Det skjer utan at vi kan påverke det. Det same gjeld påverknad frå månen og tyngdekrafta.

Den nye verda vår

Dette er historia om kva som kan skje viss planeten sluttar å rotere. Éi forandring kan forandre alt.

Person står midt i mellom en frodig og grønn verden og en forurenset uttørket verden.
Person står midt i mellom en frodig og grønn verden og en forurenset uttørket verden.

Planetane roterer

Solsystemet vart til for 4,5 milliardar år sidan frå ei roterande sky. Då planetane vart danna, overtok dei rotasjonen – heilt fram til i dag.

Ved ekvator roterer jorda med ein fart på 1600 kilometer i timen. Jorda roterer gradvis saktare – eigentleg  to sekund per 10 000 år. I vårt tankeeksperiment er reduksjonen mykje større. Det vil ta fem år til jorda har heilt slutta å rotere.

Kva vil skje med jorda og med oss?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Satellittane skaper trøbbel

Første dagen vil forandringa i rotasjonen nesten vere umerkeleg, for den er mindre enn éin kilometer i timen.

Vi ser dei første teikna på trøbbel ved at satellittane endrar hastigheita. Satellittar er menneskeskapte objekt som går i bane rundt jorda. Dei går i jamn fart og hjelper oss med mellom anna navigasjon. Når du brukar ein GPS, er det satellittane som fortel oss kvar vi er.

Flya våre navigerer med hjelp av GPS, og dei er heilt avhengige av at satellittane bevegar seg slik de skal. GPS-systema er ikkje laga for å takle store endringar i jordrotasjonen.

Dette får store konsekvensar for flytrafikken. Pilotane veit ikkje lenger kor dei er i forhold til dei andre flya som er i lufta.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En satellitt svever over jordkloden.
En satellitt svever over jordkloden.

Dei første vekene

Dei første vekene vil problema auke i heile verda. Dagane blir stadig lengre. Sekund og minutt blir snart timar og dagar. Kva vil skje med ei verd som er bygd på eit døgn på 24 timar?

En sort vekkerklokke med viser står på et rustikk bord.
En sort vekkerklokke med viser står på et rustikk bord.

Fire månader seinare

Etter fire månader roterer jorda 225 kilometer saktare i timen enn tidlegare. Kvart døgn er nesten 28 timar langt.

Endringane skaper kaos. Naturen er i stor endring. Verdshava og atmosfæren endrar seg, og Russland opplever at landet sine  oljereservar ligg under vatn.

Over det meste av verda klarer menneske gradvis å tilpasse seg endringane. Storflaumar og oksygenfattig luft gir store utfordringar, og det det oppstår jordskjelv der det aldri har vore jordskjelv tidlegare.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Oversvømmelse
Oversvømmelse

Eit år har gått

Det har gått litt over eit år, og jorda roterer 340 kilometer i timen saktare enn før. Planeten held fram å forandre seg, og verdshava flyttar seg vidare.

Først forsvann vatnet frå dei grunne områda, men når polhava byggjer seg opp igjen, blir Storbritannia og mykje av Europa svelgde av eit nytt hav. London er borte, det same gjeld Moskva og Berlin. Historiske byar ligg no på havbotnen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tower Bridge i London blir feid bort av en flodbølge.
Tower Bridge i London blir feid bort av en flodbølge.

To og eit halvt år seinare

Nå roterer jorda berre 320 kilometer i timen. Nokre land ligg under vatn, og i andre land er lufta for tynn til at menneske kan puste.

Menneska som har overlevd, må takle endå ein konsekvens. Folk slit med å få nok søvn. Kvar dag er no meir enn 2,5 gongar lengre, og det same gjeld nettene. Menneske er ikkje skapte til å sove i dagslys, og no varer dagane i 60 timar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinne ligger i senga og sliter med å sove.
Kvinne ligger i senga og sliter med å sove.

Fire år har gått

Fire år har gått, og  jorda roterer i litt over 60 kilometer i timen. Sola er synleg på himmelen 13 dagar i strekk, som blir  etterfølgde av like lange netter.

Dei fire årstidene er borte. Klimaet  blir no definert av lyst og varmt eller mørkt og kaldt. Om nettene kan temperaturen falle til minus 55 grader.

Mennesket slit med å tilpasse seg, og dei fleste dyreartar klarer det ikkje. Dyr som går i dvale, og som søv seg gjennom store delar av året, klarer seg betre. Dei er vane med å gå lenge utan mat.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bjørn ligger i dvale og sover.
Bjørn ligger i dvale og sover.

Nesten ingen rotasjon

Etter 4,5 år med avtakande rotasjon har kvar dag no blitt 768 timer lang. No er rotasjonen nesten ikkje merkbar. Sola held seg på himmelen i 16 dagar om gongen. To nye hav har danna seg – det nordlege og det sørlege.

Menneska dyrkar mat for å overleve, men dei nye hava er dei beste kjeldene for mat. Kontinent som vart overfløymde, gjer havet næringsrikt for fisk. Artane som klarer seg best, er tunfisk, makrell og torsk.

Mange menneske er no fiskarar. I den lange, kalde natta jobbar frivillige i team og fangar fisk frå det iskalde havet. Temperaturen er slik at kroppen berre toler det i nokre få minutt om gongen.  Isfiske gir ikkje nok mat til eit stigande tal flyktningar. Tida er i ferd med å renne ut.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fiskebåt i arktisk miljø.
Fiskebåt i arktisk miljø.

Fem år har gått

Etter fem år stoppar jorda heilt opp. Hava, atmosfæren og klimaet stabiliserer seg. Eit enormt kontinent omgir planeten rundt ekvator, og det er danna to enorme hav som går frå ekvator og mot polane.

På meir enn halvparten av det nye kontinentet er det ikkje mogleg for menneske å overleve.

Jorda roterer ikkje lenger, men hor framleis i bane rundt sola. Det fører til at det blir lys halve året, og mørker i det andre halvåret.

Det gamle konseptet med dag og natt er borte. No er det seks månader med soloppgang og dag, som blir følgde av seks månader med solnedgang og natt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jordkloden med en mørk og en lys side.
Jordkloden med en mørk og en lys side.

Kjelder:

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images