Læreplantilkobling

Fag

Matematikk

Samfunnsfag

Samfunnskunnskap

Core Kjerneelementer

  • Abstraksjon og generalisering
  • Utforsking og problemløysing
  • Resonnering og argumentasjon
  • Representasjon og kommunikasjon
  • Modellering og anvendingar
  • Undring og utforsking
  • Samfunnskritisk tenking og samanhengar
  • Undring og utforsking
  • Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking
  • Medborgarskap og berekraftig utvikling
  • Demokratiforståing og deltaking
  • Identitetsutvikling og fellesskap

Cogs Tverrfaglig tema

Bærekraftig utvikling

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

5. trinn
Matematikk
  • diskutere tilfeldigheit og sannsyn i spel og praktiske situasjonar og knyte det til brøk
6. trinn
Matematikk
  • bruke variablar og formlar til å uttrykkje samanhengar i praktiske situasjonar
7. trinn
Matematikk
  • logge, sortere, presentere og lese data i tabellar og diagram og grunngi valet av framstilling
7. trinn
Samfunnsfag
  • samtale om menneske- og likeverd og samanlikne korleis menneskerettane er blitt og blir varetekne i ulike land
7. trinn
Samfunnsfag
  • gjennomføre ei samfunnsfagleg undersøking og presentere resultata ved hjelp av eigna digitale verktøy
8. trinn
Matematikk
  • beskrive og generalisere mønster med eigne ord og algebraisk
9. trinn
Matematikk
  • utforske og argumentere for korleis framstillingar av tal og data kan brukast for å fremje ulike synspunkt
10. trinn
Matematikk
  • modellere situasjonar knytte til reelle datasett, presentere resultata og argumentere for at modellane er gyldige
10. trinn
Samfunnsfag
  • bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved bruk av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er
VG1/VG2
Samfunnskunnskap
  • utforske ei utfordring eller ein konflikt på lokalt, nasjonalt eller globalt nivå og drøfte korleis utfordringa eller konflikten påverkar forskjellige grupper

Kva viss vi var 100 menneske på jorda?

I 2021 levde det nesten 8 milliardar menneske på jorda. Det er 1 milliard meir enn for ti år sidan. Ei slik utvikling er ikkje ønskjeleg. Det blir for vanskeleg å dele mat, vatn og andre ressursar.

Korleis ville det ha vore viss befolkninga var 100 menneske?

Stor folkemengde sett ovenfra.

Kvinner og menn

Det er omtrent halvparten av kvart kjønn. Vi meiner då biologisk kjønn, og ikkje korleis ein sjølv definerer seg.

Kvar kjem alle frå?

61 personar vil komme frå Asia.
19 av desse kjem frå Kina.
18 kjem frå India.

15 personar kjem frå Afrika.
10 kjem frå Europa.
9 kjem frå Sør-Amerika og Karibia.
5 menneske kjem frå Nord-Amerika.

Kva slags språk blir  snakka?

12 personar vil snakke mandarin-kinesisk.
5 vil snakke kvart av språka spansk, engelsk og hindi (India).
3 snakkar arabisk.
2 snakkar portugisisk.
2 snakkar russisk.
2 snakkar japansk.
1 snakkar tysk.

Resten snakkar nokre av dei andre 6000 språka som finst.

Religion

I befolkninga er det 34 kristne. 27 er muslimar, og drygt 16 er hinduar. Vi har 7 buddhistar og 2 ateistar. Ateistar trur ikkje på nokon gud. Hinduismen og buddhismen oppstod i India. Resten fordeler seg på andre religionar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Halvparten av jordas overflate sett fra verdensrommet.

By eller land?

Over halvparten bur i byar. Mange bur òg langs kysten. 60 personar bur 100 kilometer eller kortare frå havet.

Helse- og buforhold

Meir enn halvparten bur i land der overvekt er eit stort helseproblem. Under halvparten av verdas befolkning har tilgang til trygge sjukehus. 1 av 3 er utan reine drikkevassskjelder. 25 personar vil anten bu i falleferdige heimar, eller ikkje ha nokon heim i det heile.

Internett

53 av innbyggjarane bruker internett. Halvparten av desse kjem frå Asia. 7 kjem frå Europa, og litt under 6 kjem frå Afrika.

Jobb og utdanning

10 vil vere arbeidslause. 36 jobbar i jordbruk. I industrien jobbar 21 personar. 33 driv med transport eller handel.

7 kan ikkje lese og skrive, medan 7 har høgare utdanning.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Fordeling av rikdom

Den aller rikaste i verda vil eige 45 prosent – åleine! Rundt 10 av 100 lever i ekstrem fattigdom.

Flere stabler med mynter.

Kjelder:

  • Tønnessen, Marianne; Solerød, Hans: befolkning i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 5. januar 2022 frå http://snl.no/befolkning

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images