Terningen er kasta

«Alea jacta est» er eit ordtak på latin som betyr ‘terningen er kasta’. Det seier ein for å fortelje at no er ei viktig avgjerd som er tatt, og at det er ingen veg tilbake.

Ifølge tradisjonen vart dette sagt av Julius Cæsar då han skulle krige mot ein av sine verste fiendar, Pompeius.

Cæsar over Rubicon
Cæsar over Rubicon

Ein terning er ein kube

Ein kube er ein geometrisk figur som består av 6 like kvadrat. Han blir òg kalla for terning.

Kuben har 8 hjørne og 12 sidekantar.

Kube
Ruteark
Ruteark

Terning

Ein terning er ei spelebrikke med tal forma som ein kube. Tala frå 1 til 6 blir vist med prikkar på sideflatene.

Motståande sider på terningen gir alltid summen 7.

Terningar blir brukte i mange spel for å vise kor mange plassar ein skal flytte på eit spelebrett. Då kastar ein terningen, og det er talet som vender opp som ein bruker. Ludo og Monopol er typiske døme på brettspel.

I Yatzy bruker ein fem eller seks terningar.

Alle spel byggjer på kva som er sannsynleg. Med ein terning er alle tal like sannsynlege å få på eit tilfeldig kast. Ein kan ikkje øve på å kaste terningen for å få eit bestemt tal.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To hvite terninger
To hvite terninger

Eit terningtriks

Gi tre terningar til ein annan, og fortel at du – utan å sjå terningkastet – skal fortelje kva dei tre terningane viser.

Still deg med ryggen til slik at du ikkje ser kva som skjer. Be personen kaste terningane, men utan å seie kva terningane viser.

Framleis ståande med ryggen til ber du personen gjere følgjande rekneoppgåver. Dei kan gjerne bruke ein kalkulator om dei ønskjer det.

  • Sjå på den første terningen, og multipliser (gong) talet på auge på terningen med 2
  • Deretter legg dei til 5
  • Multipliser (gong) summen dei har fått med 5
  • Deretter legg dei til kva terning 2 viser
  • Så skal dei multiplisere (gonge) denne summen med 10
  • Legg så til kva terning 3 viser
  • Frå summen dei har fått, skal dei trekkje frå 125 – og dette talet skal dei fortelje deg

Bruk talet du har fått og trekk frå 125. Talet du får no, er det dei tre terningane viser.

Døme: Personen trillar terningane, og dei viser 4, 1 og 5. Då blir utrekninga:

  • 4 x 2 = 8
  • 8 + 5 = 13
  • 13 x 5 = 65
  • 65 + 1 = 66
  • 66 x 10 = 660
  • 660 + 5 = 665
  • 665 – 125 = 540 – dette er talet du får, og den andre personen kan ikkje forstå at dette gir noka meining for deg.

Du gjer så følgjande utrekning:

540 – 125 = 415 – og du kan imponere alle ved å fortelje at terningane viser 4, 1 og 5!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tre hvite terninger
Tre hvite terninger

Kjelder:

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images