Den største månen til Saturn
Av dei over 60 månane til Saturn er Titan ikkje berre den største, men også ein av dei mest interessante og mystiske. Han er omtrent ein halv gong større enn månen til jorda og nokre hundre kilometer større enn planeten Merkur.
Illustrasjon av Saturn og månen
Atmosfæren på Titan er ganske tett – lufttrykket er nesten halvannan gong høgare enn på jorda. Sidan Titan har liten tyngdekraft, strekker atmosfæren seg ti gonger lenger ut i rommet enn atmosfæren på jorda gjer. Atmosfæren på Titan består av mange lag. Det er 98,5 prosent nitrogen, 1,3 prosent metan og 0,2 prosent hydrogen. Det er også spor av ei mengde andre hydrokarbon og gassar.
Illustrasjon av Titans atmosfære
TitanCassini-Huygens-ferda var eit felles prosjekt i regi av NASA, ESA og den italienske romfartsorganisasjonen. Etter å ha passert Titan fleire gonger landa Huygens-sonden på denne spennande månen i 2005. Sonden sende bilete og data opp til Cassini. Sonden samla data om atmosfæren på Titan, veret og landskapet. Landingsstaden var ei enorm slette dekt med steinar av vassis.
Tethys, Mimas and Enceladus orbiting around Saturn planet. 3d render
Titan
Illustrasjon av hva Titan består av
Kjelder:
- Universet Junior (2019)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Getty Images og NASA Jet Propulsion Laboratory – Youtube
-
Getty Images
-
Ukjent
-