To øyre, éin munn – kunsten å lytte på ordentleg

Har du nokon gong følt at nokon høyrde kva du sa, men ikkje eigentleg høyrde på DEG? Då har du kjent på forskjellen mellom å høyre og å lytte.

Å lytte på ordentleg handlar om å vere til stades med heile deg: med øyra, auga, kroppen, og ikkje minst tankane.

To illustrerte figurer, hvor den ene holder en mobiltelefon og den andre snakker
To illustrerte figurer, hvor den ene holder en mobiltelefon og den andre snakker

Kva betyr det eigentleg å lytte?

«Vi har to øyre og éin munn for å lytte dobbelt så mykje som vi snakkar,» sa den greske filosofen Zeno for over 2000 år sidan.

Mange av oss er så opptekne av kva vi sjølve skal seie, at vi gløymer å lytte til andre.

Når vi lyttar aktivt, viser vi dei vi pratar med at det dei seier er viktig. Då lærer vi meir om dei andre og forstår dei betre, samtidig som vi byggjer tillit og ein betre relasjon.

Kva er aktiv lytting?

Aktiv lytting betyr at du viser med både kroppsspråket ditt og med det du seier, at du verkeleg prøver å forstå den andre.

Du dømmer ikkje den du pratar med, og du avbryt ikkje den andre med eigne historier.

Vis med kroppsspråket ditt at du lyttar:

Bruk desse tipsa til å vise at du lyttar ved hjelp av kroppsspråket ditt: 

  • Sjå på den som snakkar (utan å stirre!).
  • Nikk innimellom for å vise at du følgjer med.
  • Sit vendt mot personen. Ikkje snu deg bort.
  • Du kan også spegle den andre personen sitt kroppsspråk.
  • Vis at du har høyrt kva den andre seier ved hjelp av små ord som «mmm», «ja» og «okei».
  • Legg bort mobilen.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
To illustrerte menn i samtale med talebobler
To illustrerte menn i samtale med talebobler

Å lytte er å dele rommet

I alle samtalar finst det ein slags usynleg balanse mellom den som tek plass, og den som gir plass.

Viss berre éin person skal bestemme kven som slepp til, blir det ikkje plass til at alle kan få seie det dei meiner. Då kan dei andre kjenne seg små og bli heilt tause.

Å snakke mykje utan å gi plass til andre, kan også vere ein hersketeknikk. Sjølv om ein ikkje er medviten om det, blir denne teknikken brukt til å ta kontroll over samtalen. Det er viktig å vere klar over korleis vi bruker ordet, og å passe på at vi gir rom til at alle kan få vere med i samtalen.

Aktiv lytting handlar altså om rettferd og respekt. Når vi verkeleg lyttar til det samtalepartnaren vår har å seie, deler vi på makta. Då viser vi at vi er likeverdige.

Å lytte er altså ikkje berre ei ferdigheit – det er også ei haldning.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tre personer i samtale, hvorav én har mange snakkebobler over hodet
Tre personer i samtale, hvorav én har mange snakkebobler over hodet

Fem teknikkar som gjer deg til ein god lyttar

Det å lytte aktivt høyrest kanskje enkelt ut, men det kan faktisk vere ganske vanskeleg. Det krev at du legg vekk eigne tankar og verkeleg prøver å vere der for den andre.

No skal du få lære fem konkrete teknikkar som kan hjelpe deg til å bli ein tryggare, meir merksam og raus samtalepartnar. Det krev trening og medvit, men alle kan bli betre – og det begynner med små steg.

Enkle refleksjonar – å spegle det du høyrer

Enkle refleksjonar betyr å gjenta delar av det den andre seier. Det kan høyrast litt lettvint ut, men det kan ha stor effekt.

Teknikken blir kalla ofte for parafrasering, og går ut på å bruke nokre av dei same orda som den du snakkar med, for å spegle det som nettopp vart sagt.

Når du gjer dette på ein god måte, viser du at du er til stades og at du verkeleg lyttar.

Bruk denne teknikken med omtanke. Ikkje gjenta ordrett det den andre har sagt. Då høyrest det ut som du hermar, og det er berre  irriterande.

Tenk på forskjellen mellom å seie «det høyrest ut som du er stressa», og å berre svare «stressa …».

Det eine kan verke støttande, det andre kan kjennast som eit tomt ekko.

Døme på ein enkel refleksjon:

Aksel: Eg vart så flau då eg snubla framfor heile klassen.
Selma: Det var nok flautt, ja …
Aksel: Ja! Eg ville eigentleg berre forsvinne.

Enkle refleksjonar gir den som snakkar ei kjensle av å bli høyrd. Då blir det enklare å halde fram med å dele.

Pass på at du ikkje svarer automatisk, utan å meine noko med det. Litt variasjon og varme i stemma kan gjere heile forskjellen.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Tre kvinner som sitter og snakker over en kopp kaffe
Tre kvinner som sitter og snakker over en kopp kaffe

Komplekse refleksjonar – å tolke meininga bak orda

Ein kompleks refleksjon er litt meir avansert. Her prøver du å både spegle det som blir sagt, og samtidig forstå kjenslene eller tankane bak det som blir sagt.

Du bruker eigne ord og viser at du prøver å tolke, ikkje berre gjenta.

Til dømes:

Aksel: Eg kjenner meg som den største klovnen i verda.
Selma: Du vart sikkert skikkeleg lei deg, og kanskje litt irritert på deg sjølv?
Aksel: Ja, akkurat! Der sa du det!

Komplekse refleksjonar kan hjelpe samtalepartnaren din å forstå seg sjølv betre. Av og til er det vanskeleg å finne dei rette orda, og då er det fint å få litt hjelp.

Men denne teknikken kan også vere litt risikabel. Om du gjettar feil eller tolkar for mykje, kan den andre føle at du ikkje forstår. Kjenn deg litt fram, og ver villig til å justere deg dersom den andre ikkje kjenner seg igjen.

Still spørsmål

Når du stiller spørsmål til dei du pratar med, viser du at du gjerne vil forstå kva dei meiner.

Då er det fint å bruke opne spørsmål, altså spørsmål som må svarast på med ei heil setning.

Åpne spørsmål begynner gjerne med korleis, kva eller kvifor: 

Kva er det som er vanskeleg?

Kvifor føler du det sånn?

Korleis kan eg hjelpe deg no?

Døme:

Selma: Kva synest du er det verste med å stå framfor klassen, eigentleg? 

Aksel: Eg føler at dei andre stirrar på meg og synest at eg er rar, og då blir eg så nervøs at det er fort gjort å gjere feil.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
To kvinner som snakker mens de sitter på stoler
To kvinner som snakker mens de sitter på stoler

Oppsummering – å samle trådane

Når du oppsummerer, prøver du å gjenta det du synest er det viktigaste i samtalen så langt. 

Ei god oppsummering viser at du har lytta heile tida. Då hjelper du både deg og den andre med å få oversikt over samtalen.

Eit døme kan vere:

Selma: Så det du seier er at du vart veldig flau på grunn av det du trur dei andre tenkjer om deg?
Aksel: Ja, det er det som er verst. Eg tenkjer på det heile tida.

Ei oppsummering kan gi begge høve til å rette opp eventuelle misforståingar, men det kan bli litt «tungt» om du snakkar for lenge.

Spør gjerne: «Har eg forstått deg rett?» når du er ferdig med oppsummeringa. Då kan den andre stadfeste eller rette på det du seier.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mange tale-bobler med en stor i midten
Mange tale-bobler med en stor i midten

Validering – å bekrefte den andre sine kjensler

Validering betyr at du viser at du forstår korleis den andre har det. Du må ikkje vere samd, men du anerkjenner kjensla eller opplevinga. Det er som å seie: «Det er heilt greit at du kjenner det du kjenner.»

Til dømes:

Selma: Det høyrest skikkeleg ubehageleg ut. Eg skjønner deg så godt.

Når vi validerer den vi pratar med, gjer vi dei trygge, samtidig som vi byggjer tillit og gjer det enklare for dei å opne seg.

Om vi svarer på ein uengasjert måte, som til dømes «Det er sikkert mange som har det sånn», kan det verke lite ekte og ha motsett effekt.

Prøv å vise at du verkeleg ønskjer å forstå, ikkje berre seie eit eller anna for å gjere den andre til lags.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To venner som trøster en tredje
To venner som trøster en tredje

Hugs at:

Å lytte handlar om mykje meir enn berre å høyre på at nokon pratar. Du må vere til stades med heile deg, både i kropp og sinn.

Når vi lyttar aktivt, gir vi andre ei gåve, nemleg kjensla av å bli sett og forstått.

Ein må øve seg om ein vil bli ein god lyttar, men når ein får det til, blir det enklare å skape gode relasjonar og sterke, trygge vennskap.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Venner som snakker sammen hjemme, sittende i sofaen
Venner som snakker sammen hjemme, sittende i sofaen

Kjelder:

Hørthe, E. (2024). Fire lytteteknikker som alle gode lyttere burde kjenne til. Psykologisk.no.

Rogers, C. (1961). On Becoming a Person: A Therapist’s View of Psychotherapy.

Lauvås, P. & Handal, G. (2000). Veiledning og praktisk yrkesteori. Cappelen Akademisk Forlag.

Utdanningsdirektoratet (2020). Læreplan i norsk (NOR01‑06), LK20. udir.no

NRK (2024). Kort fortalt – Aktiv lytting. Hentet fra: https://www.nrk.no/video/kort-fortalt—aktiv-lytting_960e5272-b962-4093-bd3f-729fa3da11e5

Alle illustrasjoner krediteres Adobestock

Bilde- og videorettar

  1. Adobe Stock
  2. Adobe Stock
  3. Adobe Stock
  4. Adobe Stock
  5. Adobe Stock
  6. Getty Images
  7. Adobe Stock
  8. Adobe Stock
Close Icon

Loading...