To øyre, éin munn – kunsten å lytte på ordentlig

Når du snakkar med nokon som høyrer kva du seier, men ikkje eigentleg høyrer på DEG, kjenner du på forskjellen mellom å høyre på og å lytte.

Å lytte aktivt betyr å vere til stades med heile deg.

To illustrerte figurer, hvor den ene holder en mobiltelefon og den andre snakker
To illustrerte figurer, hvor den ene holder en mobiltelefon og den andre snakker

Kva betyr det eigentleg å lytte?

«Vi har to øyre og éin munn for å lytte dobbelt så mykje som vi snakkar,» sa den greske filosofen Zeno for over 2000 år sidan.

Når vi lyttar aktivt, viser vi dei vi pratar med at det dei seier er viktig, men mange av oss er så opptekne av kva vi sjølve skal seie, at vi gløymer å lytte til andre.

Kva er aktiv lytting?

Aktiv lytting betyr å vise dei du pratar med at du verkeleg prøver å forstå kva dei seier.

Du dømmer ikkje, og du avbryt ikkje med eigne historier.

Vis med kroppsspråket ditt at du lyttar:

Når du lyttar, skal du ikkje berre vere stille og høyre etter. Her er nokre tips til korleis du kan vise at du lyttar med hjelp av kroppsspråket ditt:

  • Sjå på den som snakkar (utan å stirre!).
  • Nikk innimellom for å vise at du følgjer med.
  • Vend kroppen mot personen. Du kan også spegle den andre personens kroppsspråk.
  • Vis at du har høyrt kva den andre seier med hjelp av små ord som «mmm» eller «okei».
  • Legg bort mobilen!
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
To illustrerte menn i samtale med talebobler
To illustrerte menn i samtale med talebobler

Å lytte er å dele rommet

I alle samtalar finst det ein slags usynleg balanse mellom den som tek plass, og den som gir plass.

Viss berre den eine skal snakke, kan den andre kjenne seg liten og bli heilt taus.

Å snakke mykje utan å gi plass til andre, kan også vere ein hersketeknikk. Sjølv om ein ikkje er medviten om det, tek ein kontroll over samtalen. Pass på at alle får seie det dei meiner.

Aktiv lytting handlar altså om rettferd og respekt. Når vi verkeleg lyttar til det samtalepartnaren vår har å seie, deler vi på makta. Då viser vi at vi er likeverdige.

Å lytte er altså ikkje berre ei ferdigheit – det er også ei haldning.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre personer i samtale, hvorav én har mange snakkebobler over hodet
Tre personer i samtale, hvorav én har mange snakkebobler over hodet

Fem teknikkar som gjer deg til ein god lyttar

Det å lytte aktivt høyrest kanskje enkelt ut, men det krev at du legg vekk eigne tankar og verkeleg prøver å vere der for den andre.

Bruk desse fem teknikkane til å bli ein tryggare, meir merksam og raus samtalepartnar. Det krev trening og medvit, men alle kan bli flinkare om dei øver seg.

Enkle refleksjonar – å spegle det du høyrer

Enkle refleksjonar betyr å gjenta noko av det den andre seier.

Teknikken går ut på å bruke nokre av dei same orda som den du snakkar med for å vise at du er til stades og at du verkeleg lyttar.

Men ikkje gjenta ordrett det den andre har sagt. Då høyrest det ut som du hermar, og det er berre  irriterande.

Det er forskjell på å seie «Det høyrest ut som du er stressa», og å berre svare «Stressa …». Det eine kan verke støttande, det andre kan kjennast som eit tomt ekko.

Døme på ein enkel refleksjon:

Aksel: Eg vart så flau då eg snubla framfor heile klassen.
Selma: Det var nok flautt, ja …
Aksel: Ja! Eg ville eigentleg berre forsvinne.

Enkle refleksjonar gir den som snakkar ei kjensle av å bli høyrd. Då blir det enklare å halde fram med å dele.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Tre kvinner som sitter og snakker over en kopp kaffe
Tre kvinner som sitter og snakker over en kopp kaffe

Komplekse refleksjonar – å tolke meininga bak orda

Ein kompleks refleksjon prøver både å spegle det som blir sagt, og forstå kjenslene eller tankane til den som snakkar.

Bruk eigne ord og vis at du prøver å tolke, ikkje berre gjenta.

Til dømes:

Aksel: Eg kjenner meg som den største klovnen i verda.
Selma: Du vart sikkert skikkeleg lei deg, og kanskje litt irritert på deg sjølv?
Aksel: Ja, akkurat! Der sa du det!

Men denne teknikken kan også vere litt risikabel. Om du gjettar feil, kan den andre føle at du ikkje forstår. Kjenn deg litt fram, og ver villig til å justere deg dersom den andre ikkje kjenner seg igjen.

Still spørsmål

Når du stiller spørsmål til dei du pratar med, viser du at du gjerne vil forstå kva dei meiner.

Då er det fint å bruke opne spørsmål, altså spørsmål som må svarast på med ei heil setning:

Kva er det som er vanskeleg?

Kvifor føler du det sånn?

Døme:

Selma: Kva synest du er det verste med å stå framfor klassen, eigentleg? 

Aksel: Eg føler at dei andre stirrar på meg og synest at eg er rar, og då blir eg så nervøs at det er fort gjort å gjere feil.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
To kvinner som snakker mens de sitter på stoler
To kvinner som snakker mens de sitter på stoler

Oppsummering – å samle trådane

Når du samanfattar, prøver du å gjenta det du synest er det viktigaste i samtalen så langt for å vise at du har lytta aktivt.

Eit døme kan vere:

Selma: Så det du seier er at du vart veldig flau på grunn av det du trur dei andre tenkjer om deg?
Aksel: Ja, det er det som er verst. Eg tenkjer på det heile tida.

Ei slik oppsummering gir begge høve til å rette opp i misforståingar.

Mange tale-bobler med en stor i midten
Mange tale-bobler med en stor i midten

Validering – å bekrefte den andre sine kjensler

Validering er som å seie: «Det er heilt greitt at du kjenner det du kjenner.»

Til dømes:

Selma: Det høyrest skikkeleg ubehageleg ut. Eg skjønner deg så godt.

Når vi validerer den vi pratar med, gjer vi dei trygge, samtidig som vi byggjer tillit og gjer det enklare for dei å opne seg.

To venner som trøster en tredje
To venner som trøster en tredje

Hugs at:

Å lytte handlar om mykje meir enn berre å høyre på at nokon pratar.

Når vi lyttar aktivt, gir vi andre ei gåve, nemleg kjensla av å bli sett og forstått.

Om ein er ein god lyttar, blir det enklare å skape gode relasjonar og sterke, trygge vennskap.

Venner som snakker sammen hjemme, sittende i sofaen
Venner som snakker sammen hjemme, sittende i sofaen

Kjelder:

Hørthe, E. (2024). Fire lytteteknikker som alle gode lyttere burde kjenne til. Psykologisk.no.

Rogers, C. (1961). On Becoming a Person: A Therapist’s View of Psychotherapy.

Lauvås, P. & Handal, G. (2000). Veiledning og praktisk yrkesteori. Cappelen Akademisk Forlag.

Utdanningsdirektoratet (2020). Læreplan i norsk (NOR01‑06), LK20. udir.no

NRK (2024). Kort fortalt – Aktiv lytting. Hentet fra: https://www.nrk.no/video/kort-fortalt—aktiv-lytting_960e5272-b962-4093-bd3f-729fa3da11e5

Alle illustrasjoner krediteres Adobestock

Bilde- og videorettar

  1. Adobe Stock
  2. Adobe Stock
  3. Adobe Stock
  4. Adobe Stock
  5. Adobe Stock
  6. Getty Images
  7. Adobe Stock
  8. Adobe Stock
Close Icon

Loading...