To øyre, éin munn – kunsten å lytte på ordentleg

Har du nokon gong følt at nokon høyrde kva du sa, men ikkje eigentleg høyrde på DEG? Då har du kjent på forskjellen mellom å høyre og å lytte.

Å lytte handlar ikkje berre om å fange opp lydar. Det handlar om å vere til stades med heile deg: med øyra, auga, kroppen, og ikkje minst tankane. Det er derfor vi seier at å lytte er å «høyre med heile kroppen».

To illustrerte figurer, hvor den ene holder en mobiltelefon og den andre snakker
To illustrerte figurer, hvor den ene holder en mobiltelefon og den andre snakker

Kva betyr det eigentleg å lytte?

«Vi har to øyre og éin munn for å lytte dobbelt så mykje som vi snakkar,» sa den greske filosofen Zeno for over 2000 år sidan. Det stemmer framleis, sjølv om det er mange som gløymer det og pratar utan avbrot, utan å tenkje over om det dei seier er interessant å høyre på for dei som er rundt.

Mange av oss er så opptekne av kva vi sjølve skal seie, at vi gløymer å lytte til andre.

Når vi lyttar aktivt, viser vi dei vi pratar med at det dei seier er viktig. Då lærer vi meir om dei andre og forstår dei betre, samtidig som vi byggjer tillit og ein betre relasjon. Vi blir rett og slett betre menneske, og betre venner.

Kva er aktiv lytting?

Aktiv lytting betyr at du er heilt til stades i samtalen. Då viser du med både kroppsspråket ditt og med det du seier, at du verkeleg prøver å forstå den andre. Du dømmer ikkje den du pratar med, og du avbryt ikkje den andre med eigne historier.

Vis med kroppsspråket ditt at du lyttar:

Når du lyttar, skal du ikkje berre vere stille og høyre etter. Her er nokre tips til korleis du kan vise at du lyttar ved hjelp av kroppsspråket ditt:

  • Sjå på den som snakkar (utan å stirre!).
  • Nikk innimellom for å vise at du følgjer med.
  • Sit vendt mot personen. Ikkje snu deg bort.
  • Du kan også spegle den andre personen sitt kroppsspråk.
  • Vis at du har høyrt kva den andre seier ved hjelp av små ord som «mmm», «ja» og «okei».
  • Legg bort mobilen.
Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
To illustrerte menn i samtale med talebobler
To illustrerte menn i samtale med talebobler

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!

 
 
 
 
 
 
 
 
Close Icon

Loading...