Trøbbel i tacoen!

Er du ein av dei som berre må ha guacamole på tacoen? Guacamole er laga av avokado som både er sunn og god, men som skaper mykje trøbbel for miljøet. Kva skade kan denne populære frukta gjere, tenkjer du kan hende. Skal du ha dårleg samvit for å ha guacamole på tacoen?

Accessibility icon Trøbbel i tacoen!

Må modne på reisa

I Mexico veks det store mengder avokado. Når desse blir hausta inn, er frukta framleis umoden. Då held dei seg betre under transport til resten av verda.

 

Balle frå sørlege land

For lenge sidan budde aztekarane i Mexico. Dei var eit mektig folk og åt mykje avokado. Namnet avokado kjem frå det aztekiske ordet ahuacatl, som tyder testikkel. Eit anna ord for testikkel er balle.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Mexico produserer mest

Mexico er det landet i verda som dyrkar mest avokado. Arkeologar meiner at dyrkinga kan ha gått føre seg i over 8000 år! Landa som i dag produserer mest avokado, ligg i Sør-Amerika, Afrika og Asia.

En hel og en oppdelt avokado ligger på et rustikk bord.
En hel og en oppdelt avokado ligger på et rustikk bord.

Ei skikkeleg helsebombe!

Det er sunt å ete avokado. Han inneheld sunt feitt som reduserer risikoen for hjartesjukdommar. I tillegg inneheld han stoff som kan hjelpe mot trøyttleik og som er gode for cellene i kroppen vår. Ei skikkeleg helsebombe, altså!

Tacofredag heile helga!

På 1990-talet blei det veldig populært å ete taco i Noreg. Taco gjorde dermed avokado til ein populær handelsvare. Salet har eksplodert dei siste åra!

Avokado framfor kaffi

Auka forbruk har ført til auka produksjon. I nokre land har bønder gått over til å dyrke avokado i staden for kaffi. Det er meir lønnsamt og mykje enklare å dyrke.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ei trøblete frukt

Fordi så mange et sunn avokado, kan mange bønder tene gode pengar. På same tid fører den store etterspurnaden til problem. Ikkje minst når avokadoen skal fraktast rundt i heile verda. Transporten forureinar klimaet med farlege gassar.

Avokado sluker vatn

Det største problemet er forbruket av vatn. For å produsere éin kilo avokado treng ein 1000 liter vatn! Då blir det for lite vatn til andre ting. Dermed kan vatn bli frykteleg dyrt å kjøpe.

Kan føre til tørke

For å få nok vatn, kan store og små elvar bli leidde inn der avokadoen veks. Det kan føre til tørke i området. Særleg i Peterca-regionen i Chile har dette vore eit problem.

Avokado er big business!

Eit anna alvorleg problem er at kriminelle ønskjer å tene pengar på avokado. Då kan bøndene oppleve utpressing og vald. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kva kan vi gjere?

Avokadoen er sunn, men han skaper også utfordringar. Kva kan vi gjere for å løyse desse? Bør vi slutte å importere avokado, kan vi produsere avokado i Noreg, kan vi byte han ut, eller er det mogleg å gjere problema mindre på andre måtar?

Dyrke avokado i Noreg?

Vi har mykje vatn i Noreg, men vi veit ikkje om det går å dyrke avokado her i stor skala. Vi vil truleg måtte bruke drivhus og mykje energi. Er dette ein god ide?

Importørar tek ansvar

Norske importørar seier at dei gjer mykje for å minske dei negative sidene ved dyrking av avokado. Bama, den største importøren, skriv at dei ikkje kjøper avokado frå område med lite vatn. Dei kjøper frå dei som utnyttar vatnet på den beste måten.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Guacamole med erter

Kan vi erstatte avokadoen når vi lagar taco? Nokre meiner at vi heller kan bruke grøne erter i guacamolen. Dei inneheld mykje protein, mange andre vitamin og næringsstoff. Grøne erter blir allereie dyrka i Noreg. Men er erteguacemole like godt?

To fulle belger med grønne erter og noen erter som ligger strødd ved siden av.

Ditt val

Avokado er jo sunt og godt, og passar du på kvar avokadoen du kjøper, kjem frå, kan du truleg ete han utan dårleg samvit. Du kan også prøve å dyrke avocado sjølv heime.

Moden avokadofrukt henger i et tre.
Moden avokadofrukt henger i et tre.

Kjelder:

Ervik, Finn: avokado i Store norske leksikon på snl.no. Henta 30. august 2022 frå https://snl.no/avokado

Opplysningskontoret for frukt og grønt (15.7.2022): Frukt og grøntstatistikk 2021
https://www.frukt.no/globalassets/materiell/innsikt/310723_frukt–og-grontstatistikk-2021_korr6.pdf

Opplysningskontoret for frukt og grønt  (15.07.2022): Frukt og grøntstatistikk 2020
https://www.frukt.no/globalassets/materiell/totaloversikten/totaloversikten-for-2000-2010.pdf

Bama (15.07.2022): Slik jobber vi med bærekraftig avokado-produksjon
https://www.bama.no/aktuelt/arkiv/2022/slik-jobber-vi-med-barekraftig-avokado-produksjon/

Godt.no (15.07.2022): Slik erstatter du avokadoen
https://www.godt.no/aktuelt/i/G3O2WJ/slik-erstatter-du-avokadoen

nrk.no (15.07.2022): Nei, rødt kjøtt fra breim er ikke bedre for klimaet enn avokado fra Chile
https://www.nrk.no/norge/faktisk.no_-nei_-rodt-kjott-fra-breim-er-ikke-bedre-for-klimaet-enn-avokado-fra-chile-1.14362747

Nationen (15.07.2022): Avokado er både redning og en fare for bønder
https://www.nationen.no/landbruk/verden/avokado-er-bade-redning-og-en-fare-for-bonder/

nibio.no (15.07.2022): Kan Norge produsere mer planteprotein til mat?
https://www.nibio.no/nyheter/kan-norge-produsere-mer-planteprotein-til-mat

PAN-NORWAY (15.07.2022): Erter – næringsinnhold og helsefordeler
https://pan-norway.org/hvordan-spise-sunt/erter-naeringsinnhold-sunt/

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images