Trøbbel i tacoen!

Er du ein av dei som berre må ha guacamole på tacoen? Guacamole er laga av avokado som både er sunn og god, men han skaper mykje trøbbel for miljøet. Kva skade kan denne populære frukta gjere, tenkjer du kan hende. Skal du ha dårleg samvit for å ha guacamole på tacoen?

Accessibility icon Trøbbel i tacoen!

Må modne på reisa

Grøne lauvtre strekkjer seg oppover ein åsrygg utanfor ein landsby i Mexico. Frå greinene heng klasar av avokadofrukt. Bøndene er i gang med innhaustinga. Avokadoane er enno umodne når dei blir hausta inn, slik at dei skal halde seg betre under transporten til resten av verda.

Balle frå sørlege land

Visste du at namnet avokado stammar frå det aztekiske ordet ahuacatl, som betyr testikkel? Eit anna ord for testikkel er balle. Aztekarane var eit mektig folk som levde i Mexico for lenge sidan.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Mexico produserer mest

Mexico er verdas største produsent av avokado. Her har arkeologar også funne dei eldste restane av avocadodyrking. Enkelte funn tyder på at dette kan ha skjedd allereie for 8000 år sidan! Gjennom historia har dyrkinga spreidd seg. Dei største produsentlanda finn vi no i sutropiske strøk strøk i Sør-Amerika, Afrika og delar av Asia.

En hel og en oppdelt avokado ligger på et rustikk bord.
En hel og en oppdelt avokado ligger på et rustikk bord.

Ei skikkeleg helsebombe!

Avokadoen inneheld mange sunne næringsstoff. Blant anna inneheld han 30 prosent feitt. Det meste av dette er umetta. Å ete umetta feitt kan redusere risikoen for hjartesjukdommar. I tillegg inneheld avokado folat som kan hjelpe mot trøyttleik, og også vitamin E og B6, som har gunstig verknad på cellene i kroppen vår. Ei skikkeleg helsebombe, altså!

Tacofredag heile helga!

Då tacoen kom til Noreg på byrjinga av 1990-talet, blei avokado ein populær handelsvare. Sidan då har forbruket av frukta auka jamt og trutt. I Noreg auka importen frå 1400 tonn i år 2000 til nesten 15 000 tonn i 2020. Meir enn tidobla, altså!

Avokado framfor kaffi

Med auka forbruk følgjer også auka produksjon. I Kenya har mange bønder gått over til å dyrke avokado i staden for kaffi. Dei tener meir på avocado, og han er enklare å dyrke.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ei trøblete frukt

Avokado kan altså vere sunt for oss å ete. Dyrkinga har også gitt nokre bønder betre økonomi. På same tid er det ein del problem knytt til den store etterspurnaden. Transport av avokado til heile verda fører til mykje klimagassutslepp.

Avokado sluker vatn

Likevel er det noko anna som er det verkelege problemet. For å produsere éin kilo avokado, treng ein 1000 liter vatn! I nokre land er vatn ein svært knapp ressurs. Dermed har den aukande etterspurnaden og produksjonen ført til problem. For eksempel har prisen på vatn i Mexico gått mykje opp.

Kan føre til tørke

Naturlege vassvegar har blitt leidde inn til avokadoplantasjane. Dermed har andre område blitt ramma av tørke. Dette har blitt eit problem i Peterca-regionen i Chile.

Avokado er big business!

Eit anna alvorleg problem er at kriminelle vil tene pengar på avokado. Resultatet for bøndene har vore utpressing og vald. Den store etterspurnaden har også ført til auka avskoging mange stader, fordi meir og meir areal går til avokadodyrking.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kva kan vi gjere?

Avokadoen er sunn for oss, men stor etterspurnad og produksjon fører med seg ein del utfordringar. Kva kan så vi gjere for å løyse eller bøte på desse problema? Bør vi slutte å importere avokado? Kan vi produsere avokado i Noreg? Kan vi byte han ut, eller er det mogleg å minske dei negative effektane på andre måtar?

Dyrke avokado i Noreg?

Vi har mykje vatn i Noreg, men det er usikkert om det går å drive avokadoproduksjon her i stor skala. Det er vanskeleg å dyrke avokadoar utandørs i klimaet vårt. Vi må dermed bruke drivhus og tilføre energi for å få dette til. Nokre hobbygartnarar dyrkar avokado til eige bruk. Kanskje er det løysinga? Avokadoen blir kortreist, og vi slepp å tenkje på vassmangel og organisert kriminalitet.

Importørar tek ansvar

Norske importørar av avokado seier at dei gjer ein innsats for å minske dei negative effektane. Bama, den største importøren, skriv at dei ikkje importerer avokado frå område der tilgangen på vatn er eit problem. Dei skriv at plantasjane dei importerer frå, brukar løysingar og teknikkar som utnyttar vatnet mest mogleg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Guacamole med erter

Kanskje vi kan erstatte avokadoen og heller bruke grøne erter i guacamolen? Grøne erter inneheld mykje mindre plantefeitt enn avokadoen, men proteininnhaldet er over dobbelt så høgt! I erter er det òg masse vitamin og sunne næringsstoff. Grøne erter blir allereie dyrka i Noreg, men vi kan produsere mykje meir. Men er erteguacemole like godt?

To fulle belger med grønne erter og noen erter som ligger strødd ved siden av.

Ditt val

Avokado er sunt og godt! Er du litt kritisk til kvar avokadoen du kjøper, kjem frå, kan du truleg ete han utan altfor dårleg samvit. Vil du prøve noko nytt, kan du dyrke avokado heime. Då kan du skryte av kortreiste og miljøvenlege avokadoar. Går du over til å bruke grøne erter, er det eit betre miljøval enn importerte avokadoar. Du får også i deg meir protein.

Moden avokadofrukt henger i et tre.
Moden avokadofrukt henger i et tre.

Kjelder:

Ervik, Finn: avokado i Store norske leksikon på snl.no. Henta 30. august 2022 frå https://snl.no/avokado

Opplysningskontoret for frukt og grønt (15.7.2022): Frukt og grøntstatistikk 2021
https://www.frukt.no/globalassets/materiell/innsikt/310723_frukt–og-grontstatistikk-2021_korr6.pdf

Opplysningskontoret for frukt og grønt  (15.07.2022): Frukt og grøntstatistikk 2020
https://www.frukt.no/globalassets/materiell/totaloversikten/totaloversikten-for-2000-2010.pdf

Bama (15.07.2022): Slik jobber vi med bærekraftig avokado-produksjon
https://www.bama.no/aktuelt/arkiv/2022/slik-jobber-vi-med-barekraftig-avokado-produksjon/

Godt.no (15.07.2022): Slik erstatter du avokadoen
https://www.godt.no/aktuelt/i/G3O2WJ/slik-erstatter-du-avokadoen

nrk.no (15.07.2022): Nei, rødt kjøtt fra breim er ikke bedre for klimaet enn avokado fra Chile
https://www.nrk.no/norge/faktisk.no_-nei_-rodt-kjott-fra-breim-er-ikke-bedre-for-klimaet-enn-avokado-fra-chile-1.14362747

Nationen (15.07.2022): Avokado er både redning og en fare for bønder
https://www.nationen.no/landbruk/verden/avokado-er-bade-redning-og-en-fare-for-bonder/

nibio.no (15.07.2022): Kan Norge produsere mer planteprotein til mat?
https://www.nibio.no/nyheter/kan-norge-produsere-mer-planteprotein-til-mat

PAN-NORWAY (15.07.2022): Erter – næringsinnhold og helsefordeler
https://pan-norway.org/hvordan-spise-sunt/erter-naeringsinnhold-sunt/

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images