Trøbbel i tacoen!

Er du ein av dei som berre må ha guacamole på tacoen? Guacamole er laga av avokado som både er sunn og god, men han skaper mykje trøbbel for miljøet. Kva skade kan denne populære frukta gjere, tenkjer du kan hende. Skal du ha dårleg samvit for å ha guacamole på tacoen?

Accessibility icon Trøbbel i tacoen!

Må modne på reisa

Eit teppe av grøne lauvtre strekkjer seg oppover ein åsrygg utanfor ein landsby i Mexico. Frå greinene heng klasar av avokadofrukt. Bøndene er i gang med innhaustinga. Reiskapane er enkle, dei bruker stigar og machetar. Avokadoane er enno umodne når dei blir hausta inn, slik at dei skal halde seg betre under transporten ut til alle verdshjørna.

Balle frå sørlege land

Visste du at namnet avokado stammar frå det aztekiske ordet ahuacatl, som tyder testikkel? Eit anna ord for testikkel er balle.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Mexico produserer mest

I dag er Mexico verdas største produsent av avokado. Her har arkeologar også funne dei eldste restane av menneskeleg domestisering og dyrking av avokadotreet. Enkelte funn tyder på at dette kan ha skjedd allereie for 8000 år sidan! Gjennom historia har dyrkinga spreidd seg. Dei største produsentlanda finn vi no i subtropiske strøk i Sør-Amerika, Afrika og delar av Asia.

En hel og en oppdelt avokado ligger på et rustikk bord.
En hel og en oppdelt avokado ligger på et rustikk bord.

Ei skikkeleg helsebombe!

Avokadoen inneheld sunne næringsstoff. Blant anna inneheld han 30 prosent feitt, og det meste av dette er umetta. Umetta feitt er gunstig for samansettinga av feitt i blodet vårt, og det kan bidra til å redusere risikoen for hjarte- og karsjukdommar. I tillegg inneheld avokado folat, som kan hjelpe mot utmatting og trøyttleik, og vitamin E og B6 som har gunstig verknad på cellene i kroppen vår. Ei skikkeleg helsebombe, altså!

Tacofredag heile helga!

Tacoen sitt inntog i Noreg gjorde at avokado for alvor blei ei populær handelsvare på byrjinga 1990-tallet. Sidan då har forbruket av frukta auka jamt og trutt i heile verda. For Noreg sin del er auken tydeleg i statistikkane over frukt og bær. I år 2000 importerte vi 1400 tonn avokado. I 2020 var talet nesten 15 000 tonn, altså meir enn tidobla.

Avokado fremfor kaffi

Med auka forbruk følgjer også auka produksjon. I enkelte land, som for eksempel Kenya, har bønder gått over til å dyrke avokado i staden for kaffi. Dette fordi avokado er meir lønnsamt og enklare å dyrke.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ei trøblete frukt

Avokado kan altså vere sunt for oss å ete, og dyrkinga har ført til betre økonomi og lettare produksjon for ein del bønder. På same tid knyter det seg ein del problem til den store etterspurnaden. Eitt problem er klimagassutslepp og andre negative miljøkonsekvensar grunna transport av avokadoen frå produksjonsstaden og rundt om i verda.

Avokado slukar vatn

Likevel er det eit anna aspekt ved avokadoen som oftast blir trekt fram som det verkelege problemet. For å produsere éin kilo avokado, går det med om lag 1000 liter vatn! Sidan vatn er ein svært knapp ressurs i enkelte av produksjonsområda, har den aukande etterspurnaden og produksjonen medført store problem. Eksempelvis har prisen på vatn nokre stader i Mexico skote i vêret.

Kan føre til tørke

Omlegging av vassvegar inn mot dyrkingsområda har ført til at omkringliggande stader har blitt råka av tørke. Særleg i Peterca-regionen i Chile har dette vore eit problem.

Avokado er big business!

I tillegg har kriminelle miljø oppdaga at det er mykje pengar å tene i avokadobransjen. Resultatet for bøndene har vore utpressing og vald. Den enorme etterspurnaden har også ført til auka avskoging mange stader, ettersom avokadodyrking har lagt beslag på stadig meir areal.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kva kan vi gjere?

Avokadoen er sunn for oss, men det knyter seg utfordringar til produksjonen. Kva kan så vi gjere for å løyse eller bøte på desse problema? Bør vi slutte å importere avokado, kan vi produsere avokado i Noreg, kan vi byte han ut, eller er det mogleg å minske dei negative effektane på andre måtar?

Dyrke avokado i Noreg?

Sjølv om vi i Noreg har mykje vatn, er det usikkert om det er mogleg å drive avokadoproduksjon her i stor skala. Avokadoar vil ikkje trivast utandørs i det norske klimaet, og vi må bruke drivhus og tilføre energi for å få dette til. Likevel er det enkelte hobbygartnarar som dyrkar avokado til eige bruk. Kanskje er det løysinga? Då er avokadoen kortreist, og vi slepp dårleg samvit for å bidra til vassmangel og organisert kriminalitet?

Importørar tek ansvar

Norske importørar av avokado er nøye med å fortelje at dei gjer ein innsats for å minske dei negative effektane. På heimesidene til Bama, den største importøren, kan vi lese at dei ikkje importerer avokado frå område der tilgangen på vatn er eit problem. I tillegg skriv dei at plantasjane dei importerer frå, nyttar løysingar og teknikkar som utnyttar vatnet mest mogleg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Guacamole med erter

Kan vi ikkje berre erstatte avokadoen og heller bruke grøne erter i guacamolen? Grøne erter inneheld mykje mindre plantefeitt enn avokadoen. Til gjengjeld er proteininnhaldet over dobbelt så høgt per 100 gram, og vi finn også gode vitamin og andre sunne næringsstoff i ertene. Grøne erter blir allereie dyrka og produsert i Noreg, og ekspertar meiner vi bør produsere endå meir. Men er erteguacamole like godt?

To fulle belger med grønne erter og noen erter som ligger strødd ved siden av.

Ditt val

Avokado er sunt, og det er godt! Har du eit kritisk blikk på kvar avokadoen du kjøper, kjem frå, kan du truleg ete han med ikkje altfor dårleg samvit. Har du lyst å gjere noko nytt, kan du dyrke avokado heime. Då får du prøvd deg som gartnar, og du kan skryte av eigenproduserte, kortreiste og miljøvennlege avokadoar. Vel du å gå over til grøne erter, er dette også eit betre miljøval enn importerte avokadoar. Då får du også i deg meir protein.

Moden avokadofrukt henger i et tre.
Moden avokadofrukt henger i et tre.

Kjelder:

Ervik, Finn: avokado i Store norske leksikon på snl.no. Henta 30. august 2022 frå https://snl.no/avokado

Opplysningskontoret for frukt og grønt (15.7.2022): Frukt og grøntstatistikk 2021
https://www.frukt.no/globalassets/materiell/innsikt/310723_frukt–og-grontstatistikk-2021_korr6.pdf

Opplysningskontoret for frukt og grønt  (15.07.2022): Frukt og grøntstatistikk 2020
https://www.frukt.no/globalassets/materiell/totaloversikten/totaloversikten-for-2000-2010.pdf

Bama (15.07.2022): Slik jobber vi med bærekraftig avokado-produksjon
https://www.bama.no/aktuelt/arkiv/2022/slik-jobber-vi-med-barekraftig-avokado-produksjon/

Godt.no (15.07.2022): Slik erstatter du avokadoen
https://www.godt.no/aktuelt/i/G3O2WJ/slik-erstatter-du-avokadoen

nrk.no (15.07.2022): Nei, rødt kjøtt fra breim er ikke bedre for klimaet enn avokado fra Chile
https://www.nrk.no/norge/faktisk.no_-nei_-rodt-kjott-fra-breim-er-ikke-bedre-for-klimaet-enn-avokado-fra-chile-1.14362747

Nationen (15.07.2022): Avokado er både redning og en fare for bønder
https://www.nationen.no/landbruk/verden/avokado-er-bade-redning-og-en-fare-for-bonder/

nibio.no (15.07.2022): Kan Norge produsere mer planteprotein til mat?
https://www.nibio.no/nyheter/kan-norge-produsere-mer-planteprotein-til-mat

PAN-NORWAY (15.07.2022): Erter – næringsinnhold og helsefordeler
https://pan-norway.org/hvordan-spise-sunt/erter-naeringsinnhold-sunt/

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images