Fann ei ny stjerne
Tycho Brahe var ein dansk adelsmann som kartla stjerner og planetar utan kikkert eller teleskop. Han observerte ei ny stjerne i 1572 og Den store kometen i 1577, noko som skulle vera med på å endra verdsbiletet vårt. Brahe bygde også nye instrument, mellom anna ein stor sekstant. Han utarbeidde også ein eigen stjernekatalog.

Den moderne observerande astronomien
Brahe var grunnleggjar av den moderne observerande astronomien.
Han vart fødd på Knutstorp slott i Skåne, som den gongen var dansk, i 1546. Foreldra var riksråd Otte Brahe og kona hans Beate Bille.
I 1572 observerte Brahe ei ny stjerne, som vi nå kallar Tycho Brahes nova (SN 1572). Dette er ei supernova i stjernebildet Kassiopeia.

Ønsker du å lese hele artikkelen?
Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.
Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!