Fann ei ny stjerne

Tycho Brahe var ein dansk adelsmann som kartla stjerner og planetar utan kikkert. Han oppdaga ei ny stjerne i 1572 og Den store kometen i 1577. Dette skulle vera med på å endra verdsbiletet vårt. Brahe bygde også nye instrument, blant anna ein stor sekstant. Sekstant måler vinkel mellom horisont og himmellekamar, og vert mellom anna brukt for å segla riktig veg på sjøen.  

Brahe utarbeidde også ein eigen stjernekatalog.   

Den moderne observerande astronomien 

Brahe var grunnleggjar av den moderne observerande astronomien.   

Han vart fødd på Knutstorp slott i Skåne, som den gongen var dansk, i 1546. Foreldra var riksråd Otte Brahe og kona hans Beate Bille. I 1572 oppdaga Brahe ei ny stjerne, som vi no kallar Tycho Brahes nova (SN 1572). Dette er ei supernova i stjernebiletet Kassiopeia.  

Uranienborg observatorium  

Han gjev ut boka «De Nova Stella» og innfører med ho omgrepet nova for ei ny stjerne.  

Kong Fredrik II gjev han øya Hven. Her byggjer han Uranienborg slott og observatoriet Stjerneborg.  

Keisarleg astronom 

Etter ein krangel med den nye danskekongen, Kristian IV, flyttar Brahe til Praha. Der vert han den offentlege, keisarlege astronomen til Böhmen 

Brahe får ein nyresjukdom og døyr etter 11 dagar, 54 år gamal. I over 400 år vurderte ein om han vart forgifta av kvikksølv. Både eleven hans Kepler og danskekongen vart mistenkte. Dette vart slått ned i 2010, då han vart graven opp og undersøkt.  

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vitskapsmannen Tycho Brahe 

Fakta om Tycho Brahe

Berre augo 

Brahe var den siste store astronomen som berre brukte augo. Det første teleskopet vart teke i bruk sju år etter at han døydde.  

Messingnase 

Som 19-åring mista Brahe ein del av nasen i ein sverdduell mot ein medstudent. Han brukte ein protese resten av livet. I alle år har ein trudd at han hadde ein nase av sølv. Etter utgravinga i 2010 slo arkeologane fast at han må ha vore av messing. 

Brahe ein tyrann? 

Rykta seier at Brahe dreiv eit undertrykkjande regime på øya Hven, og at han var djupt forakta av bøndene som budde der.  

Lever mellom stjernene 

Brahe lever i ordrett tyding vidare mellom stjernene. Kratera Tycho på Månen og Tycho Brahe på Mars er kalla opp etter han.  

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Universet Junior (2019)
    ORAGE FORLAG AS 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. NRK
    5. Getty Images