Uranus har eit innvikla ringsystem

Uranus er den tredje største og fjerde tyngste av planetane i solsystemet, og den sjuande rekna i avstand frå sola. 63 jordklodar ville fått plass i Uranus. Likevel er han berre 14,5 gonger tyngre enn jorda. Det er fordi Uranus består av gass og ikkje stein. Denne lyseblåe planeten har eit innvikla ringsystem og i alt 27 månar som går i bane rundt gasskula.

Fakta om Uranus

På grunn av den store avstanden frå sola er temperaturen 214 kuldegradar i dei øvste skylaga.

Fordi Uranus også er enormt langt unna jorda, er planeten vanskeleg å sjå på natthimmelen.

Uranus er ein av dei mest forblåste planetane i solsystemet, med vindhastigheiter opptil 900 km/t. Full storm på jorda er berre rundt 90 km/t.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Uranus

Atmosfæren

Uranus ser blå ut fordi skyene av frose metan absorberer den raude delen av lyset frå sola. Når ultrafiolette strålar frå sola treffer metangassen, blir det danna ein dis som skjuler dei nedre delane av atmosfæren. Difor ser planeten så roleg ut. Men under den fredelege fasaden rasar kolossale skyer av ammoniakk og vatn av garde i 900 kilometer i timen på grunn av rotasjon og kraftige vindar. Uranus strålar frå seg den svake varmen han får frå sola, og kjernen er usedvanleg kald.

Kva består Uranus av ?

Ringane

Uranus har elleve ringar som står på høgkant sett frå jorda. Dei strekkjer seg frå 12 500 til 25 600 kilometer frå planeten. Dei er smale og ligg svært spreidd – det er eigentleg meir mellomrom enn ringar. Alle ringane, unntatt den inste og den ytste, er mellom 1 og 3 kilometer breie. Ingen er meir enn 15 kilometer tjukke. Dei består av støv, stein og svarte bitar av eit stoff som inneheld mykje kol.

Oppbygningen

Uranus består av tre ulike delar: Lengst ute ligg ein atmosfære av hydrogen, helium og andre gassar. Under finn me eit lag av vatn, metan og frosen ammoniakk. Lengst inne ligg ein kjerne som består av stein og is. Elektriske straumar i islaget gir planeten eit magnetfelt. Uranus er svært lett i forhold til storleiken – det er på grunn av at han stort sett består av lette stoff.

Bana

Uranus brukar 84 jordår på å krinsa rundt sola. Heile tida ligg han velta 98 gradar på sida. Det er truleg på grunn av at han kolliderte med noko på storleik med ein planet då han var ung. Fordi Uranus ligg sidelengs, peikar kvar pol rett mot sola i 21 år om gongen. Då ligg den eine polen i konstant sol, medan den andre ligg i konstant mørke. Men styrken på sollyset på Uranus er berre ein kvart prosent av det me er vande til på jorda, så det blir ikkje så varmt der. Bana er litt oval, og minsteavstanden til sola er 186 millioner kilometer nærmare enn maksavstand.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrasjon av hva Uranus består av

Voyager 2 (som er ein romsonde) passerte Uranus i 1986, observerte sonden ikkje berre planeten, men mange av månane også. Miranda, den minste og inste av dei fem hovudmånane til Uranus, likna ikkje på nokon annan måne i solsystemet. Miranda var full av sprekkar og humpar, og såg ut til å vera klemd saman av mindre bitar som ikkje passa heilt i hop. Miranda har urgammalt terreng som tydelegvis består av forskjellige mindre bitar frå ulike tidsperiodar. Månen kan ikkje vera danna i eitt stykke. Astronomane trur at Miranda kan ha blitt knust av ein kjempekollisjon for lenge sidan, og at tyngdekrafta seinare har trekt bitane saman igjen på ein skeiv og tilfeldig måte.

Miranda, Uranus moon, in the outer space. 3d render

Kjelder:

  • Universet Junior 2019
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. Getty Images