Uranus har eit innvikla ringsystem
Uranus er den tredje største og fjerde tyngste av planetane i solsystemet, og den sjuande rekna i avstand frå sola. 63 jordklodar ville fått plass i Uranus. Likevel er han berre 14,5 gonger tyngre enn jorda. Det er fordi Uranus består av gass og ikkje stein. Denne lyseblåe planeten har eit innvikla ringsystem og i alt 27 månar som går i bane rundt gasskula.
Uranus
Atmosfæren
Uranus ser blå ut fordi skyene av frose metan absorberer den raude delen av lyset frå sola. Når ultrafiolette strålar frå sola treffer metangassen, blir det danna ein dis som skjuler dei nedre delane av atmosfæren. Difor ser planeten så roleg ut. Men under den fredelege fasaden rasar kolossale skyer av ammoniakk og vatn av garde i 900 kilometer i timen på grunn av rotasjon og kraftige vindar. Uranus strålar frå seg den svake varmen han får frå sola, og kjernen er usedvanleg kald.
Illustrasjon av hva Uranus består av
Då Voyager 2 (som er ein romsonde) passerte Uranus i 1986, observerte sonden ikkje berre planeten, men mange av månane også. Miranda, den minste og inste av dei fem hovudmånane til Uranus, likna ikkje på nokon annan måne i solsystemet. Miranda var full av sprekkar og humpar, og såg ut til å vera klemd saman av mindre bitar som ikkje passa heilt i hop. Miranda har urgammalt terreng som tydelegvis består av forskjellige mindre bitar frå ulike tidsperiodar. Månen kan ikkje vera danna i eitt stykke. Astronomane trur at Miranda kan ha blitt knust av ein kjempekollisjon for lenge sidan, og at tyngdekrafta seinare har trekt bitane saman igjen på ein skeiv og tilfeldig måte.
Miranda, Uranus moon, in the outer space. 3d render
Kjelder:
- Universet Junior 2019
Orage Forlag AS
- Wikipedia (08.07.2020): Voyager 2
https://no.wikipedia.org/wiki/Voyager_2
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Getty Images
-