Kampen mot sjukdom

Historia til menneska handlar mykje om smittsame sjukdommar og kampen vår mot virus og bakteriar.

Under koronapandemien i 2020-2021 har mange vore i karantene. Dette for å unngå at viruset skulle spreie seg til mange menneske. Karantene var heilt vanleg før i tida også.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Midlertidig sykehus i Hong Kong i 1894

Koppar

Koppar er ein svært gammal virussjukdom. På 1700-talet herja sjukdommen i Europa. Han gjorde at menneske fekk blemmer over heile kroppen. Desse tørka etter kvart inn og etterlet seg stygge arr og flekkar. 45 millionar menneske døydde berre i Europa! Her hjelpte det ikkje med karantene.

Mann med kopper
Mørk virusbakgrunn

Ei tidleg form for vaksine

Når menneske har vore sjuke på grunn av eit virus, blir dei oftast immune. Det betyr ofte at dei ikkje får den same sjukdommen ein gong til.

Inokulasjon er ein type vaksine som vart brukt før i tida. Då rispa dei ein frisk person i huda med ei infisert nål. Dersom personen overlevde sjukdommen, kunne han bli immun.

På 1700-talet gjennomførte britiske Lady Mary Montagu inokulasjon på begge barna sine. Barna overlevde, og Montagu håpa fleire ville gjere det same.

Her utfører kanadiske soldatar inokulasjon under første verdskrigen.  ⮕
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Inokulasjon i 1914

Den første vaksinen

Briten Edward Jenner arbeidde med å lage den første vaksinen.

I 1796 brukte han smitte av ku-koppar til å lage ein vaksine mot menneske-koppar. På latin heiter ei ku «vacca», og ku-koppar heiter «vaccinia». Av dette har vi fått ordet «vaksinering».

Først hundre år seinare fekk vi den neste vaksinen. Denne gongen mot kolera. Då får ein diaré, og kan døy på grunn av utturking.

Vaksinar er slik sett ei ganske moderne oppfinning.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Doktor Edward Jenner setter en vaksine

Kva er eigentleg ein vaksine?

Formålet med ein vaksine er å få vern mot sjukdom. Det er ofte lurt å vaksinere seg før ein får ein sjukdom. Ein god vaksine bør vere trygg.

Vaksine

Immunforsvaret angrip smittestoff

Immunforsvaret i kroppen består av millionar av kvite blodceller. Desse cellene jaktar etter farleg smitte i kroppen. Når desse cellene oppdagar fare, set dei i gong eit angrep.

  1. Dei fleste er fødde med eit godt immunforsvar. Dette skal hindre spreiing av smitte i kroppen.
  2. Immunforsvaret kan få hjelp frå ein vaksine. Dette er spesialtrente soldatar som kjempar mot éin bestemt bakterie eller eit virus.

Desse spesialtrente soldatane bruker litt tid på å komme i gang. Dei må først kjenne igjen fienden. Men så slår dei til for å vinne over sjukdommen. Dette kan ta opptil ei veke. I mellomtida kan du bli ganske dårleg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Immunforsvaret i arbeid

Minneceller

Nokre av cellene som blir danna under ein vaksinasjon, kallar vi minneceller. Dei er konstant på utkik etter smittestoff dei har lært å utrydde.

Om du blir smitta av ein sjukdom, vil minnecellene begynne å jobbe ganske raskt. Infeksjonen kan forsvinne utan at du har merka nokon ting.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er ein vaksine?

Mørk virusbakgrunn

Hasteutvikling av vaksinar

Covid-19 vart første gongen oppdaga i Kina i desember 2019. Viruset spreidde seg til resten av verda i løpet av dei første vekene året etter.

Tidleg i 2020 starta eit globalt kappløp for å utvikle ein trygg vaksine. Normalt kan det ta 10 år å utvikle ein vaksine. Verdas helseorganisasjon meinte at ein vaksine mot covid-19 kunne bli klar allereie etter 18 månader.

Mange ekspertar meinte dette var altfor optimistisk. Fleire firma sette seg likevel mål om å ha ein vaksine klar i slutten av 2020.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Utvikling av AstraZeneca-vaksinen

Vaksineringa mot covid-19

Over 100 ulike firma har jobba med utviklinga av ein vaksine mot covid-19. Det europeiske legemiddelbyrået (EMA) har godkjent fire vaksinar, og desse er i bruk over heile verda.

  • Comirnaty (BioNTech og Pfizer)
  • Janssen (Johnson & Johnson)
  • Moderna
  • AstraZeneca

Russland har utvikla sin eigen vaksine, Sputnik V.

Den 27. desember 2020 blei den første personen vaksinert i Noreg. Folk blir no vaksinerte over heile verda.

Israel er det landet som har kome lengst i høve til folketalet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Visepresident i USA, Kamala Harris, får sin covid-19-vaksine

Vaksinemotstand

Vaksinemotstand er å motarbeide bruken av vaksinar. Frykt for alvorlege biverknader er ei viktig årsak. Motstanden kan også handle om liten kunnskap om vaksinen.

Vaksinar har redda fleire liv enn noko anna. Globalt bergar vaksinar rundt 2–3 millionar menneskeliv årleg.

Dei fleste vil oppleve biverknader som trøyttleik, hovudverk, kvalme og feber dei første dagane etter vaksinasjonen. Nokre svært få opplever meir farlege biverknader.

Den 11. mars 2021 valde Danmark å stanse all vaksinering med AstraZeneca-vaksinen. Ein vaksinert hadde døydd, og andre hadde blitt alvorleg sjuke. Noreg og fleire europeiske land følgde etter.

Før dei sette i gong med vaksinering, måtte dei forske vidare på AztraZeneca.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Vaksinemotstander med plakat

Kjelder:

Mørk virusbakgrunn

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Illinois Department of Public Health / Getty Images
    3. J.A. Millar
    4. Eugène-Ernest Hillemacher (CC BY 4.0)
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. NRK Skole
    9. AstraZeneca
    10. Lawrence Jackson
    11. Elvert Barnes (CC BY-SA 2.0)
Mørk virusbakgrunn