Vår vakre verd – Amerika

Verda vår består av mange spennande stader som naturen har forma. Vi menneske har òg skapt vakre stader. I denne artikkelen ser vi på nokre døme frå Amerika. Dette er ti av dei mest spesielle stadene på dei amerikanske kontinenta.

Las Vegas
Las Vegas

1. Fridomsstatuen | USA

Utanfor New York står Fridomssstatuen. Vi kallar han òg Fridomsgudinna. Fridomsgudinna er kjend over heile verda. Har du lyst til å sjå henne på nært hald, kan du ta ei ferje til øya ho står på.

Statuen er nesten 100 meter høg. For den som har lyst, er det mogleg å gå heile vegen opp til toppen. Øvst er det berre plass til tolv personar om gongen.

Statuen var ei gåve frå Frankrike og vart avduka i 1886. Fridomsgudinna held ein fakkel og ei tavle. Det skal vise at alle har rett til eit liv i fridom.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Frihetsstatuen New York
Frihetsstatuen New York

2. Machu Picchu | Peru

For mange hundre år sidan budde inka-indianarane i Machu Picchu. Det var ein fantastisk by, men no er det berre ruinar att. Byen var ukjend for dei fleste  fram til Hiram Bingham oppdaga han i 1911.

Inka-folket var rike og mektige, og dei bygde Machu Picchu på 1400-talet. I 1532 vart dei erobra av Spania. Dei kunne ikkje forsvare seg mot dei spanske soldatane.

Tusenvis av turistar kjem for å sjå den gamle byen. For å komme seg dit må ein gå gjennom jungelen, og så opp eit høgt fjell på over 2000 meter. Turen er ei oppleving i seg sjølv.

Visste du at …?

Ifølgje ny forsking kan Machu Picchu vere eldre enn arkeologane først har trudd.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Machu Picchu
Machu Picchu

3. Niagara Falls | Nord-Amerika

Niagara Falls er ein gigantisk foss på grensa mellom USA og Canada. Fossen består eigentleg av tre ulike fossefall: Horseshoe Falls, American Falls og Bridal Veil Falls.

Tusenvis av turistar reiser til det berømte fossefallet. Mange vil gjerne ta ein selfie med fossen i bakgrunnen. Ein kjem seg hit både med bil og til fots.

Kvart sekund renn det 2400 kubikkmeter vatn i fossen. Ein kubikkmeter vatn er det same som 1000 liter!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

4. Galápagosøyane | Equador

Vulkanutbrot for mange millionar år sidan skapte Galápagosøyane utanfor Equador. Pingvinar, haviguanar og fuglar med blå føter er berre nokre av dei unike artane som trivst her.

Øyane har fått namnet sitt frå den enorme elefantskjelpadda. Galápagos er nemleg eit spansk ord for skjelpadde. Elefantskjelpadda kan bli meir enn 100 år gammal.

I det krystallklare havet finst over 2900 artar. Derfor er øyane svært populære blant dykkarar. Klimaet er varmt og fuktig heile året rundt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Galapagosøyene
Galapagosøyene

5. Mount Rushmore | USA

Mount Rushmore er eit imponerande syn. Det tok 14 år å hogge ut dei fire presidentane. Ansikta er 18 meter høge.

Dei fire presidentane er blant dei mest populære gjennom historia. Frå venstre ser vi George Washington, Thomas Jefferson, Abraham Lincoln og Theodore Roosevelt.

Ein stor del av det amerikanske urfolket meiner at monumentet har øydelagt naturen. Urfolket er etterkommarar av dei som budde i Amerika før europearane kom dit.

Visste du at …?

I Legoland er Mount Rushmore bygd med over 1,5 millionar legoklosser.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

6. Rio de Janeiro | Brasil

Rio de Janeiro er Brasils mest besøkte by. I denne storbyen finn du kvite strender og høge fjell. Dei fleste turistar besøkjer Copacabana – ei fire kilometer lang strand.

Når du er i Rio, bør du ta taubanen opp til Sukkertoppen. Dette vakre fjellet ligg 396 meter over havet. Frå toppen har du ei fantastisk utsikt.

Årets høgdepunkt er karnevalet som går føre seg i februar. Då er det samba og fest døgnet rundt.

Noko anna ein bør få med seg er den enorme Kristusstatuen. Statuen står 710 meter over havet. For å komme seg dit må ein ta tog og gå over 220 trappetrinn. Men det er absolutt verdt strevet. Utsikta kan ta pusten frå deg!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

7. Grand Canyon | USA

Colorado River har grave seg langt ned i jordskorpa og skapt Grand Canyon. Dalen er nesten 450 kilometer lang.

 

Har ein høgdeskrekk, bør ein kanskje ikkje besøkje Skywalk. Det er ei utsiktsplattform med glasbotn som stikk ut over den breie kløfta.

Om sommaren er det steikande sol, men det finst skyggefulle stader. Ein må hugse å ta med seg nok drikke.

Når snøen legg seg over landskapet, blir det reine julekortet.

Det blir tilrådd ein tur med fly eller helikopter, for då får ein sjå mange av dei mest berømte stadene: Monument Valley, Rainbow Bridge og Lake Powell.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Grand Canyon
Grand Canyon

8. Regnskogen | Sør-Amerika

Den største regnskogen i verda dekkjer eit område på meir enn 5 millionar kvadratkilometer. Han strekkjer seg utover ni land i Sør-Amerika.

I regnskogen lever det mange tusen ulike artar. Her kan du vere heldig å sjå den vesle apen keisartamarin, jaguar, krokodillar, villsvin og rosa delfinar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Amazonas
Amazonas

9. Las Vegas | USA

Ser du på kloden frå verdsrommet, er Las Vegas det mest lyssterke området på jorda. Las Vegas er som ein gedigen underhaldningspark.

Las Vegas er berømt for kasinoa sine. Her kan ein spele seg heilt blakk, eller vinne viss ein har flaks. Nokre av dei beste artistane i verda opptrer her. Blir ein svolten, finst det mat frå heile verda. Har ein pengar nok, kan ein shoppe i dei mest eksklusive butikkane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

10. Volcán Arenal | Costa Rica

Vulkanen Arenal på Costa Rica er 1670 meter høg. For ikkje så mange år sidan var han aktiv med 41 utbrot om dagen. No slepper han berre ut litt røyk og ristar litt i bakken.

Ein kan ikkje gå opp på sjølve vulkanen, men ein kan sjå ned på han frå fly. Over 50 prosent av fuglelivet i Costa Rica finst her. Liker ein å sjå på fuglar, så er dette staden.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vulkanen Arenal
Vulkanen Arenal

Kjelder:

  • 101 steder du må oppleve (før du dør) (2020)
    Orage Forlag AS
  • Siverts, Henning; Opsvik, Tor: Inkariket i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M08 25 frå https://snl.no/Inkariket

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images