

Utdanningsprogram
Når du skal søkje vidaregåande skule, kan du velje blant 15 ulike utdanningsprogram.
Du kan velje eitt av fem studieførebuande program der du førebur deg på å studere vidare på høgskule eller universitet.
Eller du kan velje eitt av ti yrkesfaglege program der du lærer eit bestemt yrke.
Studieførebuande program:
- Idrettsfag – for deg som liker sport.
- Kunst, design og arkitektur – for deg som liker å teikne og lage ting.
- Medium og kommunikasjon – for deg som liker sosiale medium, film eller å skrive.
- Musikk, dans og drama – for deg som liker musikk og å opptre.
- Studiespesialisering – gir deg kunnskap for å studere vidare på universitetet.
Nå skal vi sjå nærmare på desse fem programma.

Idrettsfag
På Idrettsfag lærer du om:
- trening og helse
- korleis leie treningar
- kosthald og kroppsfunksjonar
- nokre teoretiske fag
Passar for deg som:
- liker sport
- vil trene mykje
- er flink i sport
Moglegheiter etterpå:
- studere vidare
- bli fysioterapeut, idrettspsykolog eller personleg trenar
- jobbe på skule, på treningssenter, i idrettsorganisasjonar eller med rehabilitering

Kunst, design og arkitektur
Du lærer å:
- teikne og lage ting med ulike materialar
- forstå kunst og kultur
Passar for deg som:
- er kreativ
- liker å lage ting
Jobbmoglegheiter:
- arkitekt, designar eller kunstnar
- jobb i designbyrå, museum, galleri

Medium og kommunikasjon
Du lærer å:
- fortelje historier med tekst, bilde og lyd
- bruke digitale verktøy
Passar for deg som:
- er kreativ
- vil skrive eller lage anna innhald for papir eller nett
- vil jobbe med sosiale medium og nettside
Jobbmoglegheiter:
- Aviser, TV, digitale medium
- Du kan bli journalist, designar eller jobbe med markedsføring

Musikk, dans og drama
Du kan velje mellom:
- musikk
- dans
- drama
Passar for deg som:
- liker å opptre
- ønskjer å bli god på instrumentet ditt, dans eller drama
Jobbmoglegheiter:
- Musikar, dansar eller skodespelar
- Jobb i orkester, teater, opera eller som lærer

Studiespesialisering
På Studiespesialisering lærer du om:
- realfag
- språk
- samfunnsfag
- økonomi
Passar for deg som:
- er god på skulearbeid
- vil studere vidare på universitet eller høgskule
Jobbmoglegheiter:
- ingeniør, lege, psykolog, lærer, advokat og mykje meir
- uendelege jobbmoglegheiter












