Velkomen til hjernen!

Den rosa klumpen inne i skallen din gjer deg til akkurat den du er. Utan hjernen finst ingen deg. Ingen kjensler. Ingen opplevingar. Inga læring. Er ikkje det rart?

Hjerneceller tett i tett

Hjernen er bygd av milliardar av hjerneceller. Celler er byggjesteinane til kroppen. Hjernecellene tek imot signal om kva som skjer utanfor oss og inne i oss. Det kjem mange signal inn på ein gong. Hjernecellene samarbeider om å tolka dei. Dei fortel oss om korleis me har det, og korleis verda er rundt oss.

Korleis har du det, akkurat no? Korleis er det rundt deg?

Hoppende glad hjerne

Dei fire figurane i hjernen

Nokre hjerneceller samarbeider ekstra mykje. Så mykje at me kan seia at dei høyrer saman. Me kan sjå for oss at dei er figurar, og gi dei namn:

1. Den kloke som hjelper deg å ta gode val.
2. Vaktaren som passar på at du er trygg.
3. Speidaren som hjelper deg med å få det godt.
4. Skattkista som lagrar det som er viktig så du kan bruka det igjen.

Kven trur du er mest aktiv hos deg akkurat no? Er figurane vener? Eller kjempar dei litt om merksemda di?

Sterk hjerne

1. Speidaren


Speidaren er ekspert på å finna det som er bra for oss. Speidaren ropar ut når noko veldig godt eller viktig er i nærleiken. Det kan vera eit glas vatn når du er tørst. Eller det kan vera ein fotball som du kan sparka. Speidaren har også veldig lyst til å høyra til. Han kan hoppa rundt av glede når du blir invitert i ein bursdag. Kva er din Speidar mest oppteken av?

Figur som speider

2. Vaktaren


Vaktaren passar på at du er trygg. Til dømes når ein bil kjem susande. Då ropar Vaktaren så høgt at kroppen din berre hoppar unna. Det skjer ofte så fort at du ikkje rekk å tenkja over det. Det er jo kjempesmart! Men er det alltid smart å ikkje tenkja?

Vokteren lytter

3. Den kloke


Den kloke er kjempegod til å tenkja. Han vil hjelpa deg med å forstå kva som skjer. Han vil tipsa deg kva som kan skje og  kva som er best for deg å gjera no . Men han kan også hjelpa deg å forstå kva andre rundt deg meiner du skal gjera.

Svara på desse tankane kan vera veldig ulike. Då kan det henda Den kloke treng hjelp. Kanskje Speidaren eller Vakteren har nokon gode råd?

Den kloke tenker

4. Skattkista


Speidaren, Vaktaren og Den kloke er alle ein del av deg. I tillegg har du ei enorm skattkiste i hjernen din. Her ligg alt du har sett og lært til no. Det ligg lagra inni hjernen din. Skattkista er minnet ditt, og ho har uendeleg mykje plass!

Skattekisten – hukommelsen din
Figurene i hjernelæring

Roleg i hovudet

Hjernen din gjer mykje for deg heilt automatisk. Ofte prøver Vaktaren, Den kloke og Speidaren å hjelpa deg samstundes. Og dei kan vera flinke til å samarbeida. Men viss ein ropar veldig høgt kan det vera vanskeleg å høyra dei andre. 

Til dømes viss Speidaren så gjerne vil leika ute at det er umogleg å konsentrera seg om leksene. Det er lettast å tenkja når hovudet er roleg, og ingen ropar inni der.

Hjerne i lotus

Korleis?

Etter kvart skal du få læra korleis du kan roa ned figurane når dei ropar. Og om korleis du kan forstå kva det er dei prøver å seia deg.

Spørrende hjerne

Tekst: Kjersti Corneliussen / Hjernelæring

Illustrasjonar: Hjernelæring / Getty Images