Velkomen til hjernen!

Det er her inne, i den rosa geléaktige klumpen du ber inne i skallen din det skjer – dette er kjernen som gjer deg til den akkurat du er. Her ligg det milliardar av hjerneceller tett i tett. Utan hjernen, ingen deg. Ingen kjensler. Ingen opplevingar. Inga læring. Er ikkje det rart?

Hjerneceller tett i tett

Hjernen består av milliardar av hjerneceller som ligg tett i tett. Dei tek imot signal om kva som skjer utanfor oss og inne i oss på ein gong. Saman lagar hjernecellene opplevinga av korleis me har det og av korleis verda er rundt oss. Korleis har du det, akkurat no? Korleis er det rundt deg?

Hoppende glad hjerne

Dei fire figurane i hjernen

Nokre hjerneceller samarbeider ekstra mykje. Så mykje at me kan seia at dei høyrer saman i figurar. Inne i alle hjernar bur dei same figurane:

1. Den kloke som hjelper deg å ta gode val.
2. Vaktaren som passar på at du er trygg.
3. Speidaren som hjelper deg med å få det som er godt for deg.
4. Skattkista som lagrar det som er viktig så du kan bruka det igjen.

Kven trur du er mest aktiv hos deg akkurat no? Er dei vener eller kjempar dei litt om merksemda di?

Sterk hjerne

1. Speidaren


Speidaren er ekspert på å finna premiar og det som er godt for oss. Speidaren ropar ut når noko veldig godt eller viktig er innan rekkevidde – til dømes deilig mat eller godteri, eit glas vatn når du er tørst, eller kanskje ein fotball som du kan sparka? Speidaren er også veldig oppteken av å høyra til, og kan hoppa rundt av glede og iver når du blir invitert i ein bursdag eller får ein klem av den du er forelska i. Kva er din Speidar mest oppteken av?

Figur som speider

2. Vaktaren


Vaktaren passar på at du er trygg. Skjer det noko veldig skummelt, som til dømes at ein bil kjem susande, så ropar Vaktaren så høgt at kroppen din berre hoppar unna, og det utan at du rekk å tenkja over det. Det er jo kjempesmart! Men er det alltid smart å ikkje tenkja?

Vokteren lytter

3. Den kloke


Den kloke er kjempegod til å tenkja. Når noko skjer så vil Den kloke hjelpa deg med å forstå kva det er som skjer, kva som sannsynlegvis skjer vidare, kva som er best for deg å gjera no og kva andre rundt deg meiner du skal gjera. Nokre gonger er svara på alle desse tankane ikkje dei same, og då kan det henda Den kloke treng litt hjelp. Kanskje Speidaren eller Vakteren har nokon gode råd?

Den kloke tenker

4. Skattkista


Speidaren, Vaktaren og Den kloke er alle tre ein del av deg, og dei deler på ei enorm skattkiste, nemleg alt du har sett og lært til no som ligg lagra inni hjernen din. Skattkista er minnet ditt, og ho har uendeleg mykje plass!

Skattekisten – hukommelsen din
Figurene i hjernelæring

Roleg i hovudet

Hjernen din gjer mykje for deg heilt automatisk. Han hjelper deg heile tida med å forstå kva som skjer og å få tak i det du treng. Stort sett prøver Vaktaren, Den kloke og Speidaren å hjelpa deg samstundes. Dei kan vera flinke til å samarbeida, men nokre gonger er det vanskeleg å høyra alle tre fordi ein av dei ropar kjempehøgt.

Det er ikkje godt når det blir svart i hovudet fordi Vaktaren ropar, og Den kloke ikkje klarar å hjelpa oss å tenkja. Eller når Speidaren er så ivrig på å gå ut og leika at det er umogleg å konsentrera seg om leksene. Det er lettast å tenkja når hovudet er roleg, og ingen ropar inni der.

Hjerne i lotus

Korleis?

Etter kvart skal du få læra kva som kan hjelpa til med å roa ned Vaktaren eller ein av de andre når dei ropar. Og om korleis du kan lytta til dei litt ekstra for å forstå kva det er dei prøver å seia deg.

Spørrende hjerne

Tekst: Kjersti Corneliussen / Hjernelæring

Illustrasjonar: Hjernelæring / Getty Images