Velkomen til hjernen!

Den rosa klumpen du ber inne i skallen din er den som gjer deg til akkurat den du er. Her ligg det milliardar av bittesmå hjerneceller. Utan hjernen, ingen deg. Ingen kjensler. Ingen opplevingar. Inga læring. Er ikkje det rart?

Hjerneceller tett i tett

Hjernen er bygd av milliardar av hjerneceller. Celler er byggjesteinane til kroppen. Hjernecellene tek imot signal om kva som skjer utanfor oss og inne i oss. Signala kjem inn på ein gong og hjernecellene samarbeider om å tolka dei. Dei lagar opplevingar av korleis me har det. Dei gir oss også eit bilete av korleis verda er rundt oss.

Korleis har du det, akkurat no? Korleis er det rundt deg?

Hoppende glad hjerne

Dei fire figurane i hjernen

Nokre hjerneceller samarbeider ekstra mykje. Så mykje at me kan seia at dei høyrer saman. Me kan sjå for oss at dei er figurar, og gi dei namn:

1. Den kloke som hjelper deg å ta gode val.
2. Vaktaren som passar på at du er trygg.
3. Speidaren som hjelper deg med å få det godt.
4. Skattkista som lagrar det som er viktig så du kan bruka det igjen.

Kven trur du er mest aktiv hos deg akkurat no? Er figurane vener? Eller kjempar dei litt om merksemda di?

Sterk hjerne

1. Speidaren


Speidaren er ekspert på å finna det som er godt for oss. Speidaren ropar ut når noko veldig godt eller viktig er innan rekkevidde. Det kan vera godteri, eller eit glas vatn når du er tørst. Det kan også vera ein fotball som du kan sparka. Speidaren har også veldig lyst til å høyra til. Han kan hoppa rundt av glede når du blir invitert i ein bursdag eller får ein klem av den du er forelska i. Kva er din Speidar mest oppteken av?

Figur som speider

2. Vaktaren


Vaktaren passar på at du er trygg. Viss det skjer det noko veldig skummelt, så ropar Vaktaren så høgt at kroppen din berre hoppar unna. Det kan til dømes skje når ein bil kjem susande. Det skjer ofte så fort at du ikkje rekk å tenkja over det. Det er jo kjempesmart! Men er det alltid smart å ikkje tenkja?

Vokteren lytter

3. Den kloke


Den kloke er kjempegod til å tenkja. Han vil hjelpa deg med å forstå kva det er som skjer. Han vil også fortelja deg kva som kan skje vidare, kva som er best for deg å gjera no og kva andre rundt deg meiner du skal gjera. Nokre gonger er svara på alle desse tankane ulike. Då kan det henda Den kloke treng litt hjelp. Kanskje Speidaren eller Vakteren har nokre gode råd?

Den kloke tenker

4. Skattkista


Speidaren, Vaktaren og Den kloke er alle tre ein del av deg. Dei deler på ei enorm skattkiste: Alt du har sett og lært til no. Det ligg lagra inni hjernen din. Skattkista er minnet ditt, og ho har uendeleg mykje plass!

Skattekisten – hukommelsen din
Figurene i hjernelæring

Roleg i hovudet

Hjernen din gjer mykje for deg heilt automatisk. Stort sett prøver Vaktaren, Den kloke og Speidaren å hjelpa deg samstundes. Og dei kan vera flinke til å samarbeida. Men nokre gonger er det vanskeleg å høyra alle tre fordi ein av dei ropar kjempehøgt.

Det er ikkje godt når det blir svart i hovudet fordi Vaktaren ropar så høgt at Den kloke ikkje klarar å hjelpa oss å tenkja. Eller når Speidaren er så ivrig på å gå ut og leika at det er umogleg å konsentrera seg om leksene. Det er lettast å tenkja når hovudet er roleg, og ingen ropar inni der.

Hjerne i lotus

Korleis?

Etter kvart skal du få læra kva som kan hjelpa til med å roa ned figurane når dei ropar. Og om korleis du kan lytta til dei for å forstå kva det er dei prøver å seia deg.

Spørrende hjerne

Tekst: Kjersti Corneliussen / Hjernelæring

Illustrasjonar: Hjernelæring / Getty Images