Verdsreligionane – buddhismen

Buddhismen er ein religion som vart stifta av Buddha for 2500 år sidan i India. Rundt sju prosent av befolkninga i verda er buddhistar.

Accessibility icon Verdsreligionane – buddhismen
Verdsreligionane:

Buddhismen

Buddhismen vart ein religion for 2500 år sidan i India. Religionen er oppkalla etter opphavsmannen sin, Buddha. Dei første tilhengjarane av buddhismen var fattige munkar. Dei følgde Buddhas reglar om at det ikkje er lov å eige noko eller å ha familie. Det blir kalla askese. Munkelivet er framleis vanleg i mange buddhistiske land.

Buddhistar trur at menneske og dyr blir fødde på ny. Det blir kalla reinkarnasjon. Dei trur òg at alt du gjer i dette livet, har betydning for det neste livet. Det kallar vi karma. Målet er å ikkje bli fødd på ny, men oppnå nirvana. For å komme dit må du ha gjort mange gode gjerningar. Samtidig er det viktig å konsentrere seg om sitt åndelege, indre liv. Munkane lever etter dette kvar einaste dag.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Utbreiing

Dei første buddhistmunkane vandra rundt, utan å ha nokon fast heim. Slik vart trua deira spreidd. Etter kvart bygde dei kloster, eller tempel, der dei levde tilbaketrekte frå andre menneske. Buddhismen vart utbreidd òg blant «vanlege» folk, som ikkje var munkar. I dag finst det 500 millionar buddhistar over heile verda. Buddhismen er den fjerde største religionen i verda. Dei fleste bur i Tibet og Himalaya-området og i Sør-Asia. Men det er òg buddhistar i Europa og USA.

Buddhistiske munker på tur
Buddhistiske munker på tur

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!