Verdsreligionane – buddhismen

Buddhismen er ein religion som vart stifta av Buddha for 2500 år sidan i India. Rundt sju prosent av befolkninga i verda er buddhistar.

Accessibility icon Verdsreligionane – buddhismen
Verdsreligionane:

Buddhismen

Buddhismen vart stifta for 2500 år sidan nord i India. Religionen er oppkalla etter opphavsmannen sin, Buddha, som betyr ‘den oppvakna’. Dei første tilhengjarane av buddhismen var munkar. Tiggarmunkane følgde Buddha sine reglar, som at det ikkje er lov å eige noko, ha familie eller ha eit seksualliv. Det kallar vi askese. Munkelivet er framleis vanleg i mange buddhistiske land.

Buddhistar trur på reinkarnasjon, at menneske og dyr blir fødde på ny. Dei trur òg at alt du gjer i dette livet, får konsekvensar i ditt eige liv eller i det neste. Det kallar vi karma. Målet er å sleppe attføding og å oppnå nirvana. Det kan likne litt på paradis i kristendommen. Då må ein ha god karma, det vil seie at ein har gjort gode gjerningar. Ein får òg god karma av å konsentrere seg om sitt åndelege, indre liv. Munkane lever etter dette til punkt og prikke, for å oppnå nirvana, utan for mange attfødingar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Utbreiing

Dei første buddhistmunkane vandra rundt, utan å ha nokon fast heim. Slik vart trua deira spreidd. Etter kvart danna dei kloster, eller tempel, der dei levde eit tilbaketrekt liv. Buddhismen vart utbreidd òg blant «vanlege» folk, dei som ikkje var munkar. I dag finst det nærare 500 millionar buddhistar i verda. Buddhismen er den fjerde største religionen i verda. Dei fleste bur i Tibet og Himalaya-området og i Sør- og Søraust-Asia. Men det er òg buddhistar i Europa og USA.

Buddhistiske munker på tur
Buddhistiske munker på tur

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!