Verdsreligionane – buddhismen

Buddhismen er ein religion som vart stifta av Buddha for 2500 år sidan i India. Rundt sju prosent av befolkninga i verda er buddhistar.

Accessibility icon Verdsreligionane – buddhismen
Verdsreligionane:

Buddhismen

Buddhismen vart ein religion for 2500 år sidan i India. Religionen er oppkalla etter Buddha. Dei første tilhengjarane av buddhismen var fattige munkar. Dei hadde ikkje lov til å eige noko eller å ha familie. Det blir kalla askese. Munkelivet er framleis vanleg i mange buddhistiske land.

Buddhistar trur at menneske og dyr blir fødde på ny når dei døyr. Det kallar vi reinkarnasjon. Målet til ein buddhist er å ikkje bli fødd på ny. Dei vil gjerne komme til nirvana. Det er ein stad utan smerte og liding. For å komme dit må dei oppføre seg skikkeleg. Dei må ha god karma, som det heiter. Munkane har nirvana som sitt høgaste mål.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Utbreiing 

Dei første buddhistmunkane hadde ikkje nokon fast heim. Dei vandra rundt for å spreie religionen. Etter kvart bygde dei tempel der dei kunne bu.

Det er ikkje berre munkar som er buddhistar. I dag finst det 500 millionar buddhistar over heile verda. Buddhismen er den fjerde største religionen i verda. Dei fleste bur i Asia, men det er òg buddhistar i Europa og USA.

Buddhistiske munker på tur
Buddhistiske munker på tur

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!