Verdsreligionane – jødedommen
Jødedommen er i dag ein av dei eldste verdsreligionane. Jødane trur på éin Gud og på at dei tilhøyrer eitt bestemt folk.
VerDsreligionane:
Jødedommen
Jødedommen er cirka 3000 år gammal og kjem frå Midtausten. Historia til jødane begynner med Abraham. Han gjorde ein avtale med Gud om at jødane skulle få sitt eige land.
Ordet «jøde» betydde opphavleg ‘innbyggjar i Judea’ (noverande Palestina).
A Jewish boy surrenders in Warsaw
Heilage skrifter
Den jødiske bibelen heiter Tanakh. Dette er det same som Det gamle testamentet i Bibelen. Den viktigaste delen av Tanakh er Toraen. Han er ifølgje dei truande skriven av Moses sjølv. Her finn vi mellom anna Dei ti boda.
Symbol
Det viktigaste symbolet for jødedommen er kanskje den spesielle lysestaken. Han blir kalla menora. Han skal ha vore brukt i templa til jødane i Jerusalem.
Den sekskanta davidstjerna er òg eit gammalt jødisk symbol.
Ritual
Bøn er noko av det viktigaste for truande jødar. Dei ønskjer å takke Gud og be om tilgjeving for det vonde dei gjer.
Nyfødde gutebarn blir omskorne, men ikkje jenter. I 12-13-årsalderen blir jødar rekna som religiøst vaksne, og det blir halde ein stor fest kalla bar mitzva.
Nokre jødiske menn ber ein kipa på hovudet, eit flatt, rundt hovudplagg.
Kunst og bygningar
Synagogen der jødane møtest til bøn, kan vera kva hus eller lokale som helst. Det er det som skjer i synagogen som gjer det til ein heilag stad. Mange synagogar er svært vakre.
Jødisk kunst er særleg tydeleg i religiøse bøker. Dei jødiske gravstadene er ofte svært vakre og kunstnariske.
Kjelder:
- Banik, Vibeke Kieding: Jødenes historie i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/Jødenes_historie_i_Norge
- Groth, Bente: jødedom i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/jødedom
- Groth, Bente: jødenes historie i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/Jødenes_historie_i_Norge
- Groth, Bente: menora i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/menora
- Groth, Bente: synagoge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/synagoge
- Groth, Bente: rabbi i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/rabbi
- Groth, Bente og Elgvin, Torleif: jødenes tidlige historie i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/jødenes_tidlige_historie
- Heian-Engdal, Marte: Opprettelsen av staten Israel i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/Opprettelsen_av_staten_Israel
- Leraand, Dag: Israel i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/Israel
- Leraand, Dag og Jørgen, Jensehaugen: Palestina i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/Palestina
- Mendelsohn, Oskar: jødisk kunst i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/jødisk_kunst
- Wikipedia (19. april 2021): Jødedom
https://no.wikipedia.org/wiki/Jødedom
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK Skole
-
Getty Images
-
Getty Images
-
-
NRK Skole
-