Verdsreligionane – kristendommen

Kristendommen er den største religionen i verda. Han består av mange ulike kyrkjesamfunn, men alle kristne har til felles at dei trur på Jesus som Guds son og verdas frelsar.

Accessibility icon Verdsreligionane – kristendommen
Verdsreligionane:

Kristendommen

Kristendommen oppstod rundt år 30 e.Kr. i området der Israel ligg i dag. Kristendommen begynte med Jesus frå Nasaret. Jesus og vennene hans var sjølve jødar. Likevel skapte dei ein ny religion som vart kalla kristendommen.

Kors på et fjell i solnedgang
Kors på et fjell i solnedgang

Utbreiing 

I dag er kristendommen den største religionen i verda. Det finst over 2 milliardar kristne spreidde over heile verda.

Kristendommen har mange ulike kyrkjesamfunn. Vi har blant anna den katolske kyrkja, den ortodokse kyrkja og dei protestantiske kyrkjene. Desse lever med trua si på ulike måtar.

Kristendommen er utgangspunktet for tidsrekninga vår.  Vi lever i år 2021 etter at Jesus Kristus vart fødd.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stallen, krybben og Jesus
Stallen, krybben og Jesus

Sentrale personar 

Kristendommen er ein monoteistisk religion. Det vil seie at han har berre éin gud. For dei kristne er Gud tre personar: Faren, Sonen og Den heilage Ande. Dette blir kalla treeininga.

Jesus er den mest sentrale personen. Det viktigaste i kristendommen er trua på at Jesus er Guds son og verdas frelsar. Dei kristne trur at han vart fødd for å vinne over alt det vonde i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jesus på korset
Jesus på korset

Heilage stader 

Byen Jerusalem i Midtausten er ein heilag by for dei kristne. Der vart Jesus korsfesta og gravlagd. Ifølgje Bibelen var det òg herfrå at Jesus fór opp til himmelen. Mange kristne frå heile verda reiser hit for å besøke den heilage byen. Dette kallar vi pilegrimsreise.

Kyrkjene blir òg rekna som heilage hus. Her samlar dei kristne seg til gudsteneste, som presten held.

Jerusalem
Jerusalem

Heilage skrifter 

Bibelen er den heilage skrifta til kristendommen. Namnet bibel kjem av gresk «biblia», som betyr ‘bøker’. Bibelen er ein av dei mest lesne bøkene i verda, og han er omsett til cirka 2000 språk.

Bibelen
Bibelen

Høgtider 

Kyrkja feirar mange høgtider og heilagdagar. Høgdepunkta er jul og påske. Påska var den første høgtida dei kristne feira, og ho er den viktigaste høgtida i kristendommen. Søndag er kristendommen sin heilagdag, og han er framleis svært viktig i vår del av verda.

Den tomme graven til Jesus
Den tomme graven til Jesus

Symbol

Det viktigaste kristne symbolet er korset – det er sjølve teiknet på den kristne trua. Dette er fordi Jesus vart korsfesta. På korset leid og døydde Jesus. Korset er òg eit symbol på siger over døden.

Kristendommen har mange andre symbol. Eit lam, ein fisk og ein pelikan er alle symbol på Jesus.

Et kors i en hånd
Et kors i en hånd

Ritual

Eit ritual er noko vi gjer ofte og etter ei bestemt oppskrift. Gudstenesta søndag er eit slikt ritual. Men kanskje endå viktigare er når vi markerer overgangane i livet til menneske. Desse er dåp, konfirmasjon, ekteskap og gravferd.

Bryllup
Bryllup

Kunst og bygningar 

Kyrkjebygget er eit gudshus der kristne kan samlast. Med typiske spir og klokketårn er kyrkja lett å kjenne igjen. Ei kyrkje kan vere store katedralar, som Nidarosdomen i Trondheim, eller enkle forsamlingshus.

Kristendommen har òg gitt inspirasjon til mange store kunstverk. Mellom anna Michelangelos takmåleri frå 1500-talet i Peterskyrkja i Roma.

Nidarosdomen
Nidarosdomen

Kristendom i Noreg

Kristendommen fekk fotfeste i Noreg på 1000-talet. Før det trudde nordmenn på norrøne gudar som Odin og Frøya. Kristendommen var statsreligon i Noreg. Då vart kyrkja kalla statskyrkje.  Men i 2017 vart staten og kyrkja skilde, og no blir kyrkja kalla folkekyrkje.

Det står likevel i Grunnlova at verdiane i Noreg skal byggje på kristendommen. I dag er cirka 70 prosent nordmenn medlemmer av folkekyrkja. Mange av desse går sjeldan i kyrkja.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Heddal stavkirke
Heddal stavkirke

Kjelder:

  • Elstad, Hallgeir og Rasmussen, Tarald: kristendom i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 13. april 2021 frå https://snl.no/kristendom
  • Seim, Turid K.: Bibelen i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. april 2021 frå https://snl.no/Bibelen

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Nrk skole