Vi ere en nasjon vi med

Det er slett ikkje tilfeldig at du skriv og snakkar på den måten du gjer i dag. Språket vårt er eit resultat av historie, kultur, påverknad og politikk. Språk markerer tilhøyr, og for eit land er språket noko som bind menneska saman. Språk er òg ein identitetsmarkør. Språket du snakkar og skriv, er ein del av identiteten din. Mange har sterke kjensler knytte til språket sitt. Slik har det òg vore i Noreg. Språket har gjennom tidene vore gjenstand for både debatt, diskusjonar og konflikt. Det er jo litt snodig å tenkje på at ein diskusjon som starta for over 200 år sidan, har konsekvensar for språket du skriv og snakkar. Ja, til og med for karaktersnittet ditt. Korleis blei det eigentleg slik?

Accessibility icon Vi ere en nasjon vi med

Noreg på 1800-talet

Du bur i eit fritt land. Men det har ikkje alltid vore slik. La oss skru tida ca. 200 år tilbake. Noreg er i ein heilt spesiell situasjon. Dei nasjonalromantiske tankane har nådd landet vårt. Dei handlar om at eit land har ei felles «sjel» eller ånd, som kjem av at ein deler språk, kultur, tradisjonar og geografi.

📷   «Stedje i Sogn» av Johan Christian Dahl / KODE
Norsk kulturlandskap fra Stedje i Sogn. Fjell i bakgrunnen, jorder og en vei med noen kuer og to mennesker.
Norsk kulturlandskap fra Stedje i Sogn. Fjell i bakgrunnen, jorder og en vei med noen kuer og to mennesker.

Noreg, eit kulturelt u-land

I 1814 fekk Noreg ei eiga grunnlov, og ho markerte at vi blei sjølvstendige frå Danmark. Men etter så mange år med undertrykking var det mange nordmenn som lurte på om vi hadde ei felles norsk nasjonalånd.

📷   «Haugianerne» av Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom

Engasjerte nordmenn begynte å leite etter kva som gjorde oss til ein unik nasjon. Vi ønskte å vise både Sverige og Danmark at vi var ein sjølvstendig nasjon med ein egen kultur, eige styre og eige språk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Haugianerne av Adolph Tidemand. En mann kledd står på en stol og snakker til en gruppe mennesker i et dunkelt rom. Maleri fra 1852.
Haugianerne av Adolph Tidemand. En mann kledd står på en stol og snakker til en gruppe mennesker i et dunkelt rom. Maleri fra 1852.

Jakta på ein nasjonal identitet

Det var først og fremst embetsmenn, altså eliten og overklassa i det norske samfunnet, som starta arbeidet med å kartleggje kva den felles nasjonale identiteten vår kunne vere. Journalistar, kunstnarar, forfattarar og vitskapsmenn tok del i dette omfattande arbeidet. Dei fann ut mykje, og dei bestemte tidleg at bondekulturen skulle vere grunnlaget for heile Noregs felles kultur.

📷   «Brureferda i Hardanger» av Adolph Tidemand og Hans Gude / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom

Måleriet «Brureferda i Hardanger» av Tidemand og Gude er eit godt eksempel på nasjonalromantikken i Noreg. Måleriet viser bønder som er kledde i folkedrakter, omgitt av vakker natur.

Tidemand og Gude måla bilete av norsk folkeliv og av bondesamfunnet. Mange ting vi tenkjer på som typisk norsk i dag, stammar frå førestillingane om det norske som voks fram på 1800-talet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Språksituasjonen i by og bygd

Så kva språksituasjon stod vi i på byrjinga av 1800-talet? Det var stor skilnad på by og bygd. I byane snakka eliten det som blei kalla «danna daglegtale», og  skreiv på dansk. På landsbygda, der dei fleste budde, snakka folk ulike dialektar. Men skrive, nei, det kunne ikkje bonden og barna hans.

📷  «Eventyrfortellersken» av Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom

Det var ikkje før i 1860 at det kom faste skulehus, og i 1889 kom folkeskulelova. Denne slo fast at alle norske barn hadde rett til å gå sju år på skulen uavhengig av om dei høyrde til overklassa, middelklassa eller underklassa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Eventyrfortellersken, maleri av Adolph Tidemann
Eventyrfortellersken, maleri av Adolph Tidemann

Språkdebatt som engasjerte og frustrerte

På denne tida stod vi ved eit vegskilje, og vi måtte bestemme korleis vi skulle snakke. Det var mange som var ueinige om det, så det ble ein stor og heftig diskusjon om språket vårt. Og diskusjonen held vi enno på med i Noreg i dag!

To hender som holder hvert sitt flagg. Norsk og dansk.
To hender som holder hvert sitt flagg. Norsk og dansk.

Henrik Wergeland

Forfattarane Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven var dei som først  starta denne debatten. Dei kom ikkje særleg godt overeins og var ueinige om nesten alt, som dikting, politikk og språk. Wergeland meinte at den beste løysinga for eit demokratisk og patriotisk land var å bryte alle band med Danmark.

📷  Henrik Wergeland av Carl Peter Lehman / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
 

 

 

Portrett av Henrik Wergeland

Johan Sebastian Welhaven

Welhaven, derimot, meinte at eliten burde styre landet, og at vi hadde verdifulle kulturelle band med Danmark. Dei leidde kvart sitt parti, Wergeland leidde «Norskdomspartiet» og Welhaven leidde «Intelligenspartiet».

📷  Johan Sebastian Welhaven av W. Tegner & Kittendorff / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
Portrett av Johan Sebastian Welhaven

Peter Andreas Munch

Historikar og språkforskar Peter Andreas Munch kom med eit originalt forslag. Kva med å lage eit skriftspråk som låg tett opp til norrønt, urspråket vårt? Sjølv om det var eit språk folk hadde slutta å snakke i Noreg for lenge sidan!

📷  Peter Andreas Munch / Offentlig eiendom
 
Portrett av Peter Andreas Munch

Landsmål og riksmål

Har du høyrt om nynorsken og bokmålet sine fedrar? Vi kallar dei det, Ivar Aasen og Knud Knudsen. Aasen kjempa for landsmål og Knudsen for riksmål. I dag heiter landsmål og riksmål nynorsk og bokmål.

Ivar Aasen og Knud Knudsen
Ivar Aasen og Knud Knudsen

Ivar Aasen

Ivar Aasen ville lage eit nytt norsk skriftspråk, og han ville bruke dialektane i Noreg. Han reiste rundt i heile landet for å lære om dei forskjellige dialektane. Språket i byane brydde han seg ikkje om, han ville heller finne dialektar frå landsbygda som kunne bli til eit felles skriftspråk. Han samla og ordna dei ulike dialektane han fann, og gav ut bøkene «Det norske Folkesprogs Grammatik» og «Ordbog over det norske Folkesprog».

📷  Ivar Aasen / Offentlig eiendom
Ivar Aasen, gammelt fotografi

Knud Knudsen

Knud Knudsen hadde ein annan idé. Han meinte at skriftspråket burde byggje på den måten som eliten snakka på i byane. Skriftspråket skulle vere nær dansk og ta utgangspunkt i korleis eliten i det norske samfunnet snakka.

📷  Knud Knudsen / Offentlig eiendom
Portettfotografi av Knud Knudsen

Samme mål, men ulik strategi?

Knudsen og Aasen hadde ulike idear om eit eige norsk skriftspråk. Knudsen ville ta det gradvis, mens Aasen ville ha det raskare. Knudsen sa at dei rike og mektige ikkje ville godta Aasens plan med ein gong. Han meinte at det var betre å jobbe sakte, men sikkert mot eit eige norsk skriftspråk.

En sti som deles til to stier i en skog
En sti som deles til to stier i en skog

Viktige vedtak

I 1885 skjedde det eit viktig historisk vedtak om skriftspråket vårt. Det heitte jamstillingsvedtaket. Det betydde at nynorsk og bokmål skulle bli likestilte skriftspråk. Stortinget stemte over dette, og 78 personar stemte for.

I diskusjonen om språk var skulen viktig. Tidlegare underviste lærarane nesten berre på dansk-liknande språk. Elevane fekk beskjed om å ikkje bruke sin eigen dialekt på skulen. Men i 1887 endra det seg. Eit vedtak sa at lærarane skulle undervise på elevane sitt eige talespråk. Det blei òg bestemt at kvar kommune kunne velje om lærebøkene skulle vere på nynorsk eller bokmål.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Klasserom fra tidlig 1900-tallet
Klasserom fra tidlig 1900-tallet

Språkdebatten held fram og held fram

På 1800-talet var språkdebatten viktig for frigjering og nasjonsbygging. Sjølv etter at Knudsen og Aasen var døde, heldt debatten fram. Tanken om å slå saman dei to skriftspråka til samnorsk blei mykje snakka om, men det skjedde ikkje.

Jamstillingsvedtaket gjeld enno, og somme er glade for det, mens andre er frustrerte. I dag jobbar mange hardt for å verne om språket vårt og ta vare på dialektane. Dette arbeidet er viktig i politikken og lovverket vårt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange bøker som ligger oppslått og spredt utover
Mange bøker som ligger oppslått og spredt utover

Språkloven og Språkrådet

I språklova står det at bokmål og nynorsk er like viktige og skal brukast overalt i samfunnet. Vi har eit språkråd som jobbar for å styrkje det norske språket. Alle må vere bevisste på og bry seg om språket for at det skal bli bevart. Det er vi som bruker det norske språket, som må ta ansvar for å bevare det.

Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.

Språk er identitet

Noreg er eit lite land med ein rik språkarv. Nynorsk minner oss om vår eigen identitet og nasjonale stoltheit. Det kan knyte oss saman og skape ein felles identitet.

Multikulturell gruppe med ungdommer
Multikulturell gruppe med ungdommer

«Vi ere en nasjon vi med»

Språket vårt er eit symbol på den store frigjeringskampen Noreg stod i på 1800-talet. Kampen for språket var ein viktig del av det å oppnå sjølvstende. Etter mange års kamp kunne vi endeleg stolt seie: «Vi ere en nasjon vi med!»

📷  Foto frå barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908 / Nasjonalbiblioteket
Fane for Vaalerengens skole prydet med «Vi ere en nation vi med». Foto fra barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908.
Fane for Vaalerengens skole prydet med «Vi ere en nation vi med». Foto fra barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908.

Kjelder:

  • Johannes Nymark; Rolf Theil: Dei ukuelege språka (2011)
    Oslo. Fagbokforlaget.

Bilde- og videorettar:

    1. Johan Christian Dahl / Offentlig eiendom
    2. Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
    3. Adolph Tidemand og Hans Gude/ Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
    4. Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
    5. Getty Images
    6. O. F. Knutsen / Riksarkivet / Offentlig eiendom
    7. W. Tegner & Kittendorff / Gyldendalske Boghandels Forlag / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
    8. Offentlig eiendom
    9. Offentlig eiendom / Skolerom
    10. Carl Christian Wischmann, 1871 / Oslo museum / Offentlig eiendom
    11. Cappelen / Offentlig eiendom
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. AdobeStock
    15. Getty Images
    16. Getty Images
    17. Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom