Vikingane

Arven etter vikingane

Vikingane levde for 1000 år sidan. Kva har vi lært av historia deira?

Norrøn treskjæring
Norrøn treskjæring

Populærkultur

I dag ser vi vikingar i populærkulturen. Ringenes Herre-bøkene, filmane og TV-serien er henta frå vikingtida. Også nyare forteljingar er baserte på norrøn mytologi: Harry Potter, Game of Thrones og Marvels Mighty Thor-serie.

Et gammelt sverd og hendder med rustning med et brunt skinn som bakgrunn
Et gammelt sverd og hendder med rustning med et brunt skinn som bakgrunn

Vikingnamn

Namn som Astrid, Ingrid, Ingebjørg, Bjørg, Aud, Åse, Bjarne, Åsmund, Egil, Frode og Erland, er norrøne namn. Også mange stadnamn har overlevd frå vikingtida: Ulsrud, Ullern, Ullensaker, Telemark, Vestfold, Agder og Eidsvoll – for å nemne nokre få. I dag er det òg populært å gi norske oljeplattformer og oljefelt norrøne namn: Sleipner (Odins hest), Snorre, Frigg, Oseberg, Gullfaks, Valhall, Balder, Åsgard, Jotun og Njord er nokre døme.

📷 Tjängvidesteinen er ein bildestein frå Gotland. Motivet visar mellom anna Odin på hesten Sleipner.
Odin på sin hest Sleipner malt på en stein

Vekedagane

Det finst restar etter vekedagane til vikingane i namna på vår tids vekedagar. Den første dagen i veka til vikingane var fredag, og dette var Friggs/Frøyas dag. Laurdag var badedag (laugardag) for vikingane. Søndag er solas dag.  Måndag er månedagen. Tysdag er krigsguden Tyrs dag. Onsdag er Odins dag. Torsdag er Tors dag. Dette var den siste dagen i veka i vikingtida. Tingsamlingane vart opna denne dagen. Blóta vart òg vanlegvis haldne på ein torsdag.

📷 “Ofring til guden Thor” av Johan Ludwig Lund.
Gammelt maleri som viser ofring til Guden Thor

Lov og rett

Vikingane brukte ordet ting om forsamlingar som bestemte lov og rett. Det var på tinget at forbrytarar vart dømde. Før kalla ein domstolane i Noreg for lagting. Du har kanskje høyrt om Borgarting, Eidsivating og Gulating? Desse var namn på lovområde i vikingtida. Og Stortinget har du høyrt om! Det er Noregs lovgivande organ. Det er òg kalla nasjonalforsamlinga.

Jury er òg ein arv frå vikingtida. Den gongen hadde ein ein jury på 12 frie menn. I viktigare saker kunne ein ha 24 eller 36 jurymedlemmar. Ein slutta å bruke jury i Noreg i 2018. Det finst land som framleis bruker jury i dag.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Stolene til en jury i en rettsal
Stolene til en jury i en rettsal

Hjelmar med horn?

Det er funne hjelmar med horn som stammar frå tida lenge før vikingane regjerte. Faktisk frå rundt år 1000 f.Kr. Det er nesten 2000 år før vikingtida begynte. Hjelmane viser ikkje teikn til skadar. Mest sannsynleg vart desse hjelmane brukte i seremoniar. For det er nesten umogleg å krige med slike horn på hovudet.

Og det er heller ikkje funne ein einaste hjelm med horn frå vikingtida. Men likevel ser vi bilde av vikingar med horn på hjelmen i reklamar og teikneseriar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vikinghjelm som ligger på en brun pels med fjell i bakgrunnen
Vikinghjelm som ligger på en brun pels med fjell i bakgrunnen

Nasjonalromantikk

På 1800-talet oppstod ein epoke som blir kalla nasjonalromantikken. Noreg var no i ferd med å utvikle seg til eit moderne demokrati. Politikarar, kunstnarar og forfattarar henta inspirasjon i vikingtida. Dette gjorde dei for å samle eit splitta folk. Denne nasjonalismen brukte vikingtida som noko alle kunne vere stolte av.

📷   «Brudeferd i Hardanger» av Adolph Tidemand og Hans Gude.

Noreg fekk si eiga grunnlov i 1814. Då hadde Noreg vore i union med Danmark i 400 år. Interessa for vår eigen folkekultur auka. Forskarar begynte å sjå på folkets historie og tradisjonar. Dei forska på språk, musikk, litteratur og kunst. Då kom vikingarven vår inn i fokus. Gamle vikingkongar og det norrøne språket vart studert. Den norske nasjonalkjensla begynte å auke. Norsk natur og norske bønder vart viktige symbol for den nasjonale identiteten vår. Og vikingtida vart òg viktig.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude
Brudeferd i Hardanger, malt av Adolph Tidemand og Hans Gude

Språk

Språkforskaren Ivar Aasen laga eit nytt skriftspråk på midten av 1800-talet. Det var basert på dei norske dialektane som han meinte stamma direkte frå språket som vikingane snakka. På hans tid var det dansk som var skriftspråket i Noreg. Dialektane i byane var sterkt påverka av dansk.

Ivar Aasen kalla det nye skriftspråket for landsmålet. Sidan 1929 har vi kalla det nynorsk.

Norsk, svensk og dansk er basert på språket til vikingane. Engelsk har rundt 600 låneord frå det norrøne språket. Engelsk grammatikk er nesten likt språket til vikingane. Vikingar frå Skandinavia busette seg på Dei britiske øyane. Vikingane påverka det lokale språket. Derfor er engelsk såpass likt norsk.

📷   Filippus Simonssons vernebrev for klosteret på Hovedøya skrive på norrønt.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Filippus Simonssons vernebrev for klosteret på Hovedøya skrevet på norrønt
Filippus Simonssons vernebrev for klosteret på Hovedøya skrevet på norrønt

Julefeiring: Jól

Sagaene frå vikingtida fortel oss mykje om vikingane. Desse forteljingane beskriv julefeiringa til vikingane. Dei kalla det Jólblot. Vi har ordet jul frå vikinganes Jól. Til jul måtte ein bryggje øl til minne om gudane. Det vart òg gitt julegåver. Dei gav gåver til nye og gamle venner. Gåvene kunne vere våpen og klede. Dei kunne òg vere vakre skrin og smykke.

📷   «Håkon den Gode og bøndene ved blotet på Mære» av Peter Nicolai Arbo.
Maleri som viser Håkon den Gode og bøndene ved blotet på Mære
Maleri som viser Håkon den Gode og bøndene ved blotet på Mære

Odelsrett

Odelsretten er ein særnorsk rett som går tilbake til vikingtida. Særnorsk betyr at det berre finst i Noreg. Odel betyr eigedomsrett. Det handlar om kven som skal arve garden. Odelsretten har forandra seg litt sidan vikingtida.  I dag kan både jenter og gutar overta garden.

Gårdsgutt i Norge fra 1900-tallet med en geit. Gutten sitter på en stein og vi ser en gammel låve i bakgrunnen.
Gårdsgutt i Norge fra 1900-tallet med en geit. Gutten sitter på en stein og vi ser en gammel låve i bakgrunnen.

Opplev vikingtida i dag

I Norge har vi fleire stader der ein kan oppleve korleis vikingtida var. Desse stadene blir kalla attraksjonar. Vikinggarden Avaldsnes ligg i Rogaland. Der kan ein lære om korleis forfedrane våre levde. Her kan du også lære å bruke pil og boge:  opplevavaldsnes.no

📷   Vikingfestival på Vikinggarden Avaldsnes i Rogaland.

Midgard vikingsenter ligg i Vestfold. Her kan du oppleve korleis livet var i vikingtida: vestfoldmuseene.no/midgard-vikingsenter/

The Viking Planet er Noregs første digitale vikingmuseum. Her kan du sjå hologram og bruke interaktive skjermar. Du kan til og med ta bilde av deg sjølv i vikingrustning: thevikingplanet.com

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Viking Festival at Avaldsnes Viking Farm
Viking Festival at Avaldsnes Viking Farm

Verdiar

På mange måtar er vikingane framleis med oss den dag i dag. Vêr modig. Vêr godt førebudd. Vêr ein god venn. Desse er viktige verdiar vi har arva frå vikingtida.

Kjelder:

  • Keiserud, Erik; Elden, John Christian: jury i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 15. november 2023 frå https://snl.no/jury

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Offentlig eiendom
    4. Johan Ludwig Lund / Offentlig eiendom
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
    8. Riksarkivet (CC BY-SA 4.0)
    9. Peter Nicolai Arbo / Offentlig eiendom
    10. Getty Images
    11. Msvea (CC BY-SA 4.0)
    12. Getty Images