Vikingane

Tokta og erobringane til vikingane

Vikingane reiste langt ut i verda med vikingskipa sine for over 1000 år sidan. Dei både kriga og busette seg i fleire område, og vi ser spor etter vikingane den dag i dag.

Norrøn treskjæring
Norrøn treskjæring

Dyktige sjøfolk

Vikingane var svært dyktige sjøfolk. Dei observerte straumar, fisk og sjøfuglar for å avgjere når og korleis dei skulle segle. Vikingane reiste langt ut i verda for å skaffe seg ære, mat, dyrkingsjord og rikdommar. Dei segla langskipa og knarrane sine over heile Europa, og inn i delar av Asia, Amerika og Afrika.

Røff sjø, bølger med hvitt skum
Røff sjø, bølger med hvitt skum

Båtane

Langskipa var store, opne båtar med klinkbygde skrog, vanlegvis av eik. Dei hadde sterke, grunne kjølar, høge baugar og mange årepar. I tillegg hadde båtane eit stort rektangulært segl (råsegl). Båtane vart hovudsakleg rodde og kunne bemannast med fleire hundre menn. Knarren hadde òg klinkbygd skrog, men var berekna på å føre last. Ein knarr hadde derfor langt færre årepar og større seglføring.

I fleire hundreår skulle synet av ein flåte med vikingskip i horisonten komme til å skremme mange folkeslag. Munkar ved fleire kloster skreiv grufulle meldingar om angrepet til vikingane i årbøkene sine.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vikingtokt, treskjæring
Vikingtokt, treskjæring

Irland og England

Mot slutten av 700-talet gjennomførte vikingane fleire raske raid mot kloster og kyrkjer i Irland og England. I begynnelsen drog vikingane tilbake til Skandinavia med byttet sitt, etter nokre dagar med raid. Først noko seinare ser vi at vikingane begynte å overvintre og busetje seg i nye område. Dette var ei form for kolonisering kalla ytre landnåm.

Rundt år 840 grunnla vikingar byen Dublin. Byen vart etter kvart hovudsete i eit vikingrike som hadde stordomstida si i åra 920-970. Vi kan i dag sjå endinga -by i fleire irske og engelske stadnamn, noko som vitnar om gamle vikingbusetjingar: Derby, Whitby, Grimsby.

📷 Sør for Lambay ligg ei mindre øy kjend som Ireland’s Eye, Irlands auge. Namnet er resultatet av ei feiloversetting av det irske namnet på øya, gjort av norrøne nordbuarar som kom som vikingar. Det opphavlege namnet på øya  var Inis Ereann («Éire’s island»).
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Irlands øye, en ubebodd øy utenfor Dublin
Irlands øye, en ubebodd øy utenfor Dublin

Island og Grønland

Vikingar busette seg på Island og Færøyane mot slutten av 800-talet. Nordmannen Ingolf Arnason kom til Island rundt år 874 og bygde seg ein stor gard i ei vik. Dette var begynnelsen på Reykjavik. Norrøne fangstmenn hadde då allereie halde til på Island i mange år. Den dag i dag kan ein sjå norrøne gateskilt og stadnamn på til dømes Orknøyane. Veit du kva hovudstaden på Færøyane heiter?

📷 Hovudstaden Tórshamn på Færøyene.

Den mest berømte vikingen som utforska Grønland, var Eirik Raude. Rundt år 985 overtalte han islandske vikingar til å flytte til øya for å busetje seg der. På Grønland kunne busetjarane dyrke bygg og halde sauer og kveg. Dei eksporterte og bytte elfenben frå kvalrosstennar og isbjørnskinn mot metall, verktøy og tømmer frå det europeiske fastlandet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mørke skyer over hovedstaden Tórshavn på Færøyene
Mørke skyer over hovedstaden Tórshavn på Færøyene

Russland

Vikingar busette seg langs kysten av Finland og Baltikum. Derfrå var ikkje vegen lang til Russland. Det første riket som vikingane grunnla på midten av 800-talet, kalla dei Gardariket. Det låg der Russland og Ukraina ligg i dag.

📷 Gardarike på midten av 900-talet.

Svenske vikingar vart kalla rus eller ruotsi, som betyr «roar». Kystområdet like nord for Stockholm vart den gongen kalla Roslagen, og det finske ordet for Sverige er Ruotsi.

Det var stor handelsaktivitet rundt Austersjøen og langs dei store russiske elvane i vikingtida. I Sverige er det funne over 80 000 arabiske myntar frå denne perioden.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gardarikes utstrekning på midten av 900-tallet.
Gardarikes utstrekning på midten av 900-tallet.

Paris og Konstantinopel

Paris vart angripen av vikingar i år 845. Vikingane vart betalte over 2,5 tonn sølv i løysepengar for å ikkje brenne ned og rasere heile byen. Men vikingane kom tilbake både i 856 og 861. Kongen bestemte då at det skulle byggjast bruer over dei store elvane for å stoppe vikingane.

Konstantinopel (no Istanbul) vart angripe av vikingar i år 860. Byen hadde tidlegare vorte kalla Bysants, men vart kalla Miklagard av vikingane. Det betyr “den store garden”. På den tida budde det fleire hundre tusen menneske i Konstantinopel, og byen hadde allereie vore hovudstaden i Aust-Romarriket i 500 år.

📷 “Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard”. Heimskringla.

Vikingane klarte ikkje å overta den inste byen, men i år 911 vart det inngått ein vennskapeleg handelsavtale mellom partane. Avtalen førte til ein blomstrande handel over Svartehavet. Ei runeinnskrift i kyrkja Hagia Sofia i Istanbul viser at vikingar har vore der. Der, innrissa i marmor, står det i runeskrift: «Halvdan var her».

Fleire vikingar vart leigesoldatar i keiserens hær i det bysantinske riket, mellom anna Harald Hardråde. Han vart seinare norsk konge i åra 1045-1066. Desse leigesoldatane vart kalla væringar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard
Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard

Normandie

På 800-talet segla vikingane sørover til vestkysten av det som seinare vart Frankrike. Vikinghovdingen Rollo vart hertug i år 911 i området som seinare fekk namnet Normandie etter inntoget til vikingane. Innverknaden til normannarane er tydeleg den dag i dag. Her kan ein sjå mange stadnamn som stammar frå norrønt språk. Endingane -bec, -dalla, -hogue ser du kanskje kva betyr på norsk? (bekk, dal, haug)

📷 Statue av Rollo av Normandie i Falaise.
Statue av Rollo av Normandie

Den iberiske halvøya

Etter at vikingane hadde etablert seg på vestkysten av Frankrike, tok dei vegen lenger sør. Vikingane drog til det kristne Nord-Spania og det muslimske Sør-Spania. Dei møtte hard motstand i Spania, men Sevilla var ein vikingby i seks veker i år 844 før dei vart overvunne. Deretter prøvde vikingane seg på Portugal og røva Lisboa. Men også her møtte vikingane hard motstand, og dei vende tilbake til Frankrike.

Gammelt kart over Den iberiske halvøy
Gammelt kart over Den iberiske halvøy

Danelagen og York

Vikingane herska over fleire land, og dei står bak utviklinga og grunnlegginga av fleire europeiske kongerike. Eit døme er i England, kor riket Danelagen vart oppretta på slutten av 800-talet. Danelagen var eit område der vikinghæren regjerte over fleire engelske småkongedømme.

Jorvik, no kalla York, vart sentrum i eit vikingrike i Nord-England på 800-talet. I dag ser vi gatenamn med ordet ‘gate’ i staden for ‘street’. Micklegate betyr den store gata. Hugs Miklagard! Mikil betyr altså stor på norrønt.

Eirik Blodøks var den siste vikingkongen i York på 900-talet. Eirik var òg konge i Noreg ein kort periode tidleg på 900-talet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kart som viser området Danelagen i nåtidens England.
Kart som viser området Danelagen i nåtidens England.

Vinland og Leiv Eiriksson

Leiv Eiriksson vaks opp i ein familie av oppdagarar. Faren hans var Eirik Raude som busette seg og vart hovding på Grønland. Eirik Raude hadde vorte lyst fredlaus på Island for manndrap. Nokon meiner at Eirik Raude opphavleg var frå Jæren i Rogaland. Han kalla ein av gardane sine på Grønland for «Sandnes», og ein fjord fekk namnet «Lysufjord».

📷 “Leiv Eirikson oppdager Amerika” av Christian Krohg

Leiv høyrde tidleg historier om ein islending som heitte Bjarne Herjolfsson. Bjarne kom ut av kurs på ein seglas mot Grønland. Han skildra landet han hadde sett lenger i vest, og Leiv ville utforske området så snart han vart gammal nok. Leiv kjøpte båten til Bjarne, og drog vestover mot det som no er kysten av Nord-Amerika.

Leiv oppdaga kysten av Nord-Amerika rundt år 1000. I fleire hundreår vart det fortalt historier om Vinland, som Leiv kalla området. Men det var først i 1961 at ein faktisk fann ruinar etter ei vikingbusetjing i Canada, nærmare bestemt nord på Newfoundland.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Leiv Eirikson oppdager Amerika, maleri av Christian Krohg
Leiv Eirikson oppdager Amerika, maleri av Christian Krohg

Norrøn busetjing på Newfoundland

Det var ekteparet Anne Stine og Helge Ingstad som oppdaga den norrøne busetjinga. Dei fann typiske gjenstandar frå kulturen til vikingane: ei ringnål, eit spinnehjul og ei lampe. Mytane dei lærde hadde høyrt om i hundreår, vart no fakta. I dag seier vi at Leiv Eiriksson oppdaga Nord-Amerika 500 år før Christofer Columbus.

📷  Helge Ingstad og kona Anne Stine Ingstad fotograferte i heimen sin i 1964.

 

Helge Ingstad og kona Anne Stine Ingstad fotografert i sitt hjem i 1964. Paret sitter foran en åpen peis.

Vil du vite meir?

Kjelder:

  • Vikinger: Historien og legendene (2019)
    Orage Forlag AS
  • Vikingene: Historien og sagaene (2022)
    Orage Forlag AS
  • Store norske leksikon (2005-2007): Gardarike i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. november 2023 frå https://snl.no/Gardarike
  • Viken, Øystein Lydik Idsø; Allkunne: Miklagard i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. november 2023 frå https://snl.no/Miklagard
  • Store norske leksikon (2005-2007); Goplen, Ådne; Fjalsett, Georg Kristoffer; Tsakos, Alexandros; Seland, Eivind Heldaas: Bysants i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. november 2023 frå https://snl.no/Bysants
  • Viken, Øystein Lydik Idsø; Allkunne: væringar i Store norske leksikon på snl.no. Henta 14. november 2023 frå https://snl.no/væringar
  • Lunga, Peter Sigurdson: Rollo i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 15. november 2023 frå https://snl.no/Rollo
  • Store norske leksikon (2005-2007); Barr, Susan: Anne Stine Ingstad i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 15. november 2023 frå https://snl.no/Anne_Stine_Ingstad
  • Rekvig, Ole Petter; Norsk biografisk leksikon; Barr, Susan; Gjelsvik, Tore: Helge Ingstad i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 15. november 2023 frå https://snl.no/Helge_Ingstad
  • Kim Hjardar ??
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Wikimedia (CC BY-SA 3.0)
    7. J.M. Stenersen & Co, 1899 / Offentlig eiendom
    8. Wikimedia (CC BY-SA 2.5)
    9. Offentlig eiendom
    10. danmarkshistorien.dk
    11. Christian Krohg, Nasjonalgalleriet Oslo / Offentlig eiendom
    12. Rigmor Dahl Delphin / Oslo Museum / Offentlig eiendom
    13. Getty Images