Vikingane
Tokta og erobringane til vikingane
Vikingane reiste langt ut i verda med vikingskipa sine for over 1000 år sidan. Dei både kriga og busette seg i fleire område, og vi ser spor etter vikingane den dag i dag.
Norrøn treskjæring
Dyktige sjøfolk
Vikingane var svært dyktige sjøfolk. Dei observerte straumar, fisk og sjøfuglar. Dette gjorde vikingane for å avgjere når og korleis dei skulle segle. Vikingane reiste langt ut i verda for å skaffe seg ære og rikdom. Dei segla langskipa og knarrane sine over heile Europa. Vikingane reiste også inn i delar av Asia, Amerika og Afrika.
Røff sjø, bølger med hvitt skum
Vikingtokt, treskjæring
Irlands øye, en ubebodd øy utenfor Dublin
Mørke skyer over hovedstaden Tórshavn på Færøyene
Gardarikes utstrekning på midten av 900-tallet.
Kong Sigurd og mennene hans rir inn i Miklagard
Normandie
På 800-talet segla vikingane sørover til vestkysten av Frankrike. Vikinghovdingen Rollo vart hertug i år 911 i dette området. Det vart kalla Normandie etter vikingane sitt inntog. Spor etter normannarane kan vi finne den dag i dag. Her kan ein sjå stadnamn som stammar frå norrønt språk. Endingane -bec, -dalle, -hogue ser du kanskje kva betyr på norsk? (bekk, dal, haug).
📷 Statue av Rollo av Normandie i Falaise.
Den iberiske halvøya
Vikingane etablerte seg på den franske vestkysten. Etterpå drog dei til det kristne Nord-Spania og det muslimske Sør-Spania. Dei møtte hard motstand i Spania. Men Sevilla var ein vikingby i seks veker i år 844. Så tapte dei kampen. Etterpå forsøkte vikingane seg på Portugal og røva Lisboa. Men også her møtte vikingane hard motstand. Derfor vende dei tilbake til Frankrike.
Gammelt kart over Den iberiske halvøy
Kart som viser området Danelagen i nåtidens England.
Leiv Eirikson oppdager Amerika, maleri av Christian Krohg
Norrøn busetjing på Newfoundland
Det var ekteparet Anne Stine og Helge Ingstad som oppdaga ruinane. Dei fann typiske gjenstandar frå kulturen til vikingane: ei ringnål, eit spinnehjul og ein lampe. Då vart gamle eventyr plutseleg fakta. I dag seier vi at Leiv Eiriksson oppdaga Nord-Amerika 500 år før Christofer Columbus.
📷 Helge Ingstad og kona Anne Stine Ingstad fotograferte i heimen sin i 1964.
Vil du vite meir?
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Wikimedia (CC BY-SA 3.0)
-
J.M. Stenersen & Co, 1899 / Offentlig eiendom
-
Wikimedia (CC BY-SA 2.5)
-
Offentlig eiendom
-
danmarkshistorien.dk
-
Christian Krohg, Nasjonalgalleriet Oslo / Offentlig eiendom
-
Rigmor Dahl Delphin / Oslo Museum / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-