Yrkesretta skriving i norskfaget

Du som les denne teksten, går sannsynlegvis eit yrkesfagleg løp på vidaregåande. Kanskje skal du bli helsefagarbeidar og jobbe med eldre eller gå byggfag for å bli tømrar. Du har kanskje ein draum om å bli ein skikkeleg dyktig kjølemontør eller ein omsorgsfull barne- og ungdomsarbeidar i barnehage. Kanskje vil du bli tannpleiar, agronom, blekkslagar, konditor eller mekanikar.

Accessibility icon Yrkesretta skriving i norskfaget

Munnleg og skriftleg kommunikasjon

Uansett kva du skal bli, så er norskfaget spesielt viktig for deg som skal ta eit fagbrev. For om ikkje så lenge treng du å ha gode munnlege og skriftlege ferdigheiter for å utøve yrket ditt på ein forsvarleg og korrekt måte.

Det er to område vi trenar spesielt mykje på i norskfaget på yrkesfag. Det er munnleg og skriftleg kommunikasjon. Om berre eitt år skal du ut som lærling. Då skal du gjere deg forstått både munnleg og skriftleg. Skal du bli helsefagarbeidar, må du blant anna vite kva som kjenneteiknar god kommunikasjon med eldre, og du må kunne lese og skrive ein prosedyre.

Ein elektrikar vil ha behov for å kunne tolke manualar og sende e-post med pristilbod til kundar. Skal du jobbe i barnehage, bør du vite korleis du skal kommunisere med barn på ein god måte, og korleis du skriv referat og pedagogiske rapportar.

Dei tekstane du les og skriv i jobben din som fagarbeidar, kan vi omtale som ulike yrkesfaglege sjangrar.Det er viktig at du får god opplæring i yrkesretta skriving. At du rett og slett trenar på å skrive dei tekstane den framtidige jobben din vil vente at du kan. Sjangrane du må meistre, kjem an på kva yrke du skal utøve. Tenk etter: Kva for tekstar trur du at du treng å kunne for å utøve det framtidige yrket ditt?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
En bunke med papirer med binders på et trebord innendørs
En bunke med papirer med binders på et trebord innendørs

Unike fagspråk

  • Veit du kva ein dragar er?
  • Kva med konflagrasjon?
  • Er du kjend med forkortinga HLR?
  • Eller kva grupperingsteknikk tyder?
  • Kva vil det seie å sautere?

Om du skal bli tømrar, elektrikar, ambulansemedarbeidar, kokk eller blomsterdekoratør, kan det hende du kjende att eit av orda som blei nemnde over. Som fagarbeidar vil du bruke fagspråk når du kommuniserer i jobbsamanheng.

Fagspråk er ein måte å bruke språket på som dei som arbeider innafor eit fagområde, har til felles. Eit fagspråk innafor eit fagområde består av mange spesialuttrykk, framandord og eigne sjargongar. Ingen fagspråk er heilt like. Nokre gonger kan ein til og med bruke same omgrep, men gi det helt ulik tyding. Eit eksempel er omgrepet «merke». Det tyder nok vidt forskjellige ting for ein mediegrafikar og ein helsefagarbeidar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kokker på en restaurant som lager mat og flamberer mat i en stekepanne.
Kokker på en restaurant som lager mat og flamberer mat i en stekepanne.

Dokumentering og rapportering

Sjølv om ein tannpleiar skriv heilt andre tekstar enn ein kjølemontør, er det nokon sjangrar som dei aller fleste fagarbeidarar må meistre. Nemleg det å dokumentere og rapportere. Å rapportere inneber at ein gir viktig informasjon vidare til andre. Det kan vere at ein som helsefagarbeidar gir munnleg eller skriftleg informasjon om pasientar vidare til ein kollega når det er vaktskifte, eller at ein som elektrikar skal skrive ein rapport frå sluttkontroll.

Når ein skal skrive gode rapportar, treng ein å meistre fagspråket, ha kunnskap om sjangeren og kunne skrive på ein presis og forståeleg måte. Kokken som skriv at «Dagens rett er stekt kylling lever», eller møbelsnikkaren som skriv «Kunden ønskjer spise bord», verkar kanskje litt uprofesjonelle?

Vi kan jo le litt av slike eksempel, men rapportering og dokumentering er viktig for å sikre at dei arbeidsoppgåvene vi utfører, er faglege og forsvarlege. Det kan bli veldig dyrt for ein elektrikar å slurve med dokumenteringa, og kommuniserer ein helsefagarbeidar uklart, kan det faktisk få alvorlege konsekvensar for pasienten.

Å kunne formulere seg skriftleg og munnleg på en tydeleg og korrekt måte, med eit godt fagspråk, er derfor spesielt viktig for deg som kommande fagarbeidar.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Kvinnelig tekniker i hvit labfrakk som jobber med en harddisk og noterer på et ark
Kvinnelig tekniker i hvit labfrakk som jobber med en harddisk og noterer på et ark

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

      1. Getty Images
      2. Getty Images
      3. Getty Images