Påskemysterium:
Noregsbanken er rana!

I nyheitssendinga i dag kunne ein høyra følgjande: «Påska i Oslo var prega av ei uventa og dramatisk hending då Norgesbanken vart rana for ein sum på 1.000.000 kroner. Tjuvane klarte å komma seg inn i banken på ein måte som førebels er ukjend og etterlét seg eit rotete og øydelagt kontorområde.»

Kan du hjelpa politibetjent Hansen med å løysa saka?

Nyheitssendinga

Politibetjent Hansen slo på Tv-en tidleg onsdag morgon. Det var snart påskeferie, og han såg fram til nokre dagar på fjellet. Plutseleg fanga ei nyheit merksemda hans. Noregsbanken hadde vorte rana for éin million kroner.

Hansen spissa øra og lytta på nyheitsopplesaren:

«Påska i Oslo var prega av ei uventa og dramatisk hending då Norgesbanken vart rana for ein sum på 1.000.000 kroner. Tjuvane klarte å komma seg inn i banken på ein måte som førebels er ukjend, og dei etterlét seg eit rotete og øydelagt kontorområde.»

«Politiet har allereie sett i gang ei omfattande etterforsking og har bede vitne som kan ha sett noko mistenkjeleg i nærleiken av banken, om å melda seg. Banken ligg midt i sentrum av Oslo, og det er mange menneske som bevegar seg i området til kvar tid, så det er håp om at nokon kan ha fanga opp noko som kan hjelpa politiet i saka.

Førebels er det ikkje kjent om det var éin eller fleire gjerningspersonar som sto bak ranet, eller om dei hadde noka form for innsideinformasjon. Politiet jobbar intenst med å samla bevis og avhøyra vitne, og dei håpar å kunna bringa klarheit i saka så snart som mogleg.»

Mobilen til Hansen kima sterkt, og han såg det var frå politikammeret.

«Hansen her.»

«Ja, du har vel fått med deg nyheita om Norgesbanken?»

«Ja, eg såg det akkurat på nyheitene.»

«Du må komma deg bort dit med ein gong, og ta opp forklaringar. Dette er ei sak vi må løysa raskt.»

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Hansen kjem til Norgesbanken

Hansen såg seg rundt i banklokalet. Det at framgangsmåten var ukjend kunne nok vera rett i forhold til å komma seg inn i banken, men at innbrotstjuvane hadde brukt dynamitt for å få opp kvelven, det var han derimot heilt sikker på.

Dei tilsette sat i lunsjrommet, og alle var tydeleg prega av situasjonen. Hansen ønskte å få intervjua dei så raskt som mogleg for å få eit overblikk.

«Kven oppdaga ranet først?» spurde han ut i rommet, og ei kvinne i 40-åra sa skjelvande at det var henne. «Då tenkjer eg vi tek ein liten prat først», svarte Hansen, «kanskje vi kan bruka kontoret?»

Margaret Monsen

Kvinna var Margaret Monsen, og ho jobba vanlegvis i skranken.

Ho fortalde at ho oppdaga ranet då ho kom på jobb den same morgonen.

«Og du kom på jobb her kl. 07.30 i dag, onsdag 5. april?»

«Ja, det stemmer. Døra inn til banken var open, og eg syntest det var litt rart sidan det berre er vaktmeisteren, Hans Jensen, og direktøren som har nøkkel. Sjølv hadde eg lånt nøkkelen av bankdirektør Grønningen fordi han har reist på påskeferie. Han skulle reisa til New York, men eg trur politiet fekk stoppa han på Kastrup i dag tidleg. Han sat nok på flyet dit då eg kom til banken og oppdaga innbrotet.»

«Låner du nøkkelen frå ofte direktøren?» spurde Hansen.

«Ja, eg har arbeidd her i mange år, og direktøren stoler fullt og fast på meg. Eg låner ofte nøkkelen hans når det er eg som skal opna tidleg. Eg kjem ofte tidleg fordi eg har mykje å gjera på jobb.»

«Eg skjønner, er det noko anna du har lagt merke til?»

«Ja, i går hengde det ein mystisk hippieliknande fyr utanfor banken og følgde med på både tilsette og kundar her. Det var litt ekkelt, så det var derfor eg la merke til han.»

«Er det noko anna du vil leggja til?» spurde Hansen til slutt.

«Det betyr sikkert ingenting, men eg høyrde at bror min Håvard hadde sett Hans Jensen, ein kollega, springa frå banken.»

«I dag?»

«Nei, det var visst i går i 11-tida. Håvard var på veg til Kaffehuset i Storgata då han såg han. Håvard er forresten inne på pauserommet viss du vil høyra kva som skjedde direkte frå han.»

Hansen bad henne gå og henta broren, men ba henne venta litt slik at dei kunne snakkast vidare etter at han hadde fått litt fleire opplysningar på plass.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Håvard Monsen

Hansen såg med ein gong likskapen mellom Håvard og søster hans Margaret.

«Arbeider du i banken her også?»

«Nei, eg jobbar hos Big Bang, og noko som er litt rart er at vi faktisk hadde innbrot tidlegare i veka, på måndag 3. april. Då vart det stole eit større parti dynamitt frå lageret. Det at vi begge to har opplevd innbrot denne veka er vel omtrent like sannsynleg som å vinna i Lotto, men nokon vinn jo alltid, så kanskje det ikkje er så rart likevel …»

«Du verda, eg reknar med dykk har meldt saka?»

«Ja, ho er under etterforsking. Det var forresten ein hippieliknande type som hang utanfor kontora våre den dagen.»

«Søster di sa at du såg vaktmeisteren springa frå banken i går?»

«Ja, det var ganske overraskande, så det var derfor eg la merke til det. Det verka som han hadde veldig hastverk.»

«Var det noko anna du la merke til?»

«Nei, det kan eg ikkje seia eg har.»

Hansen takka for hjelpa og lurte på om det var den hippieliknande typen som sto bak både innbrotet hos Big Bang og i banken.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Oliver Blom

Ein politibetjent kom inn på kontoret og ba om eit ord, privat. Hansen sa at Håvard Monsen kunne reisa heim, men at det kunne vera han tok kontakt med han igjen viss det var litt meir han trong svar på. Håvard reiste seg raskt og gjekk ut av rommet.

«Har det dukka opp noko nytt?» spurde Hansen.

«Ja, vi høyrde jo av Håvard her at ein hippieliknande figur hadde hange rundt Big Bang på måndag denne veka. Det står i meldinga vi fekk frå firmaet. Så vi fann ut at butikken som ligg ved sida av Big Bang har overvakingskamera, og då vi såg på opptaket kunne me kjenna igjen Oliver Blom. Han har akkurat droppa ut av vidaregåande og er ofte i litt småtrøbbel. Vi sjekka ut kvar mobilen hans var og lokaliserte han til å vera i Fredrikstad. Politiet tok akkurat ein prat med han, og det viste seg at han hadde 5.000 kroner på seg, men dei såg han kasta ein pakke i elva før dei fekk tak i han.»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vaktmeister Hans Jensen

«Inntil vi får høyra litt meir om denne Blom-typen trur eg at eg får ta ein prat med den andre som har nøkkel til inngangsdøra», sa Hansen. «Kvar finn eg vaktmeister Hans Jensen?»

Den andre politibetjenten såg på han og rista på hovudet: «Vi finn han ingen stader, men vi har etterlyst han.»

Hansen ba dei om å følgja opp etterlysinga, han tenkte at det var svært viktig at dei fekk snakka meir med denne vaktmeisteren. Det var veldig rart at han hadde forsvunne akkurat no, og sist nokon så han hadde han sprunge i full fart.

Politiet i Fredrikstad ringjer

«Dette er politikammeret i Fredrikstad. Er det Hansen vi snakkar med?»

«Det stemmer. Har de noko nytt om Oliver Blom?»

«Vi har akkurat avhøyrt ein butikkeigar her, Andrea Anemone, og ho kunne fortelja at ho har kjøpt indianske perler til ein verdi av kr 5.000 av Oliver Blom. Ho skulle selja dei i butikken sin.»

«Akkurat, ja.»

«Andrea kunne også fortelja at Blom hadde brukt kvelden mellom tysdag og onsdag hos foreldra hennar, og at han hadde reist etter ein hyggjeleg frukost i dag tidleg.»

Hansen sat i djupe tankar etter samtalen. Var Blom uskuldig eller var frøken Anemone ein medskyldig?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Avhøyr av bankdirektør Grønningen

Neste telefon kom frå politiet i København. Dei hadde lokalisert bankdirektør Albert Grønningen på Kastrup rundt kl. 8 onsdag morgon. Han reiste åleine og skulle eigentleg vidare til New York, men flyet var forsinka på grunn av motortrøbbel.

«Dette er politibetjent Hansen. Eg reknar med at du er orientert om tjuveriet av ein million kroner frå banken, og eg har nokre spørsmål.»

«Det stemmer, eg er orientert, men eg veit dessverre lite sidan eg sat på flyet då innbrotet fann stad. Eg håpar dei tilsette har det bra.»

«Det viser seg at bankkvelven er sprengt ope med dynamitt. Kven er det som har nøkkel til kvelven?»

«Det er berre eg», stadfesta bankdirektøren.

«Vi kan heller ikkje finna vaktmeisteren. Veit du noko som kan hjelpa oss?»

«Nei, det trur eg ikkje. Han har jo ei flott dotter, Hanne, og eg veit at halvbror min Arne Blålid, har hatt ønske om å gifta seg med henne. Arne er forresten ein idiot, og han har alltid vore sjalu på suksessen min. Eg snakka med han fredag førre veke, men då var han så full, som vanleg på fredagar, at det var ikkje noko fornuftig å få ut av han. Han hadde visst reist til Trondheim i løpet av helga, han vart i alle fall sett der av nokon kjende av meg på måndag denne veka, viftande med ein stor bunke pengar. Så noko anna kan eg ikkje bidra med.»

«Er det noko anna de lurer på?» ville bankdirektøren vita.

«Nei, ikkje akkurat no, men det kan vera vi treng å snakka med deg seinare.»

«Eg heldt på å gløyma det heilt, men Jensens far, ein gullgraver i Alaska, døydde førre månad. Farvel.»

Hansen lurte litt på kvifor bankdirektøren ikkje hadde teke med seg kona si viss han skulle på påskeferie til USA, og noterte seg at han måtte forhøyra seg meir om ekteparet.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Frøken Monsen er tilbake

«Då har eg fått snakka med bror din. Han er visst tilsett i Big Bang, og eg høyrde dei hadde innbrot i går?»

«Det stemmer. Håvard har ein god jobb der som personalansvarleg, men han er også innkjøpsansvarleg for dynamitt. Han er svært fortvila over innbrotet.»

«Vi klarer ikkje å finna vaktmeister Jensen. Har du nokre tips til kvar han kan vera?»

«Nei, det einaste eg veit er at halvbroren til bankdirektøren ønskjer å gifta seg med Jensens dotter. Halvbroren er nokså sjalu på bankdirektøren, det har eg i alle fall høyrt. Ja, og vaktmeisteren, han er nok ganske begeistra for meg, for han flørtar med meg heile tida.»

«Ja vel, så han prøver å innynda seg hos deg?»

«Forresten har eg akkurat snakka med bankdirektøren. Han skal åleine på påskeferie?» heldt Hansen fram.

«Ja, ikkje for at eg skal fara med sladdar, men det er vel eigentleg ingen løyndom at bankdirektøren har nokre utfordringar med kona si. Ho bruker opp alle sparepengane hans, og han har sagt det sjølv mange gonger at han tenkjer å forlata henne.»

«Ja, det forklarer jo at han reiser åleine. Det var ikkje noko meir eg lurte på akkurat no, så då kan du få reisa heim. Men ja, det heldt eg på å gløyma: Kor lenge var banken open i går?»

«Den var open til kl 17.00, slik han vanlegvis er på tysdagar.»

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Vaktmeister Jensen er funne

Telefonen ringde, og nokså overraskande såg Hansen at samtalen kom frå Interpol i Tyskland. På dårleg engelsk svarte han den tyske politibetjenten.

«Vi har funne herr Jensen», sa tyskaren på ganske flytande engelsk. «Han var på eit hotell i sentrum og kom inn med fly her til Dresden. Det landa i går kl. 17.00. Vi har fått det stadfesta av ein representant frå flyselskapet KLM. Forresten er det ingen flyavgangar mellom 16.00 om ettermiddagen og 07.00 om morgonen frå Dresden.»

Hansen takka for opplysningane og ville prøva å få snakka med Jensen sjølv seinare. Han tenkte at Jensen kom jo ikkje av garde før tidlegast i morgon uansett.

Hansen samanfattar

Hansen såg på notisblokka si og lurte på om det var mogleg å finna ut av dette bankmysteriet. Han hadde jo lyst til å reisa på påskeferie i morgon, så jo før saka vart løyst, jo betre var det.

Han hadde skrive følgjande kulepunkt:

  • Ranet be oppdaga kl. 07.30 onsdag 5. april. Dagen før hadde banken stengt kl. 17.00.
  • Margaret Monsen, som jobbar i skranken, oppdaga ranet.
  • Bankkvelven var sprengd ope med dynamitt.
  • Bankens direktør, Albert Grønningen, gjekk før ranet vart oppdaga. Han vart arrestert av politiet på Kastrup lufthavn, København kl. 08.00 på onsdag 5. april.
  • Bankdirektøren hadde hatt trøbbel med  kona si, som brukte opp alle pengane hans. Han hadde ofte snakka om å forlata henne.
  • Inngangsdøra til banken var opna med ein nøkkel.
  • Det var berre vaktmeisteren og direktøren i banken som hadde nøklar til banken.
  • Margaret Monsen lånte nøkkelen frå ofte direktøren for å opna tidleg når ho hadde mykje å gjera.
  • Ein merkeleg, hippie-liknande person hadde vore utanfor banken tysdag 4. april medan han hadde følgt med på tilsette og kundar.
  • Eit større parti dynamitt hadde vorte stole frå firmaet Big Bang måndag 3. april.
  • Ein tilsett i Big Bang, Håvard Monsen, sa at ein hippie hadde slunge rundt kontoret på den same måndagen.
  • Den hippie-liknande karakteren, som heitte Oliver Blom, hadde nyleg droppa ut av vidaregåande og vart funnen av politiet i Fredrikstad, ca. 10 mil frå Oslo.
  • Oliver Blom hadde omtrent 5.000 kroner på seg då politiet tok han igjen, men han hadde kasta ein pakke i elva før dei kom.
  • Andrea Anemone i Fredrikstad sa at ho hadde kjøpt indianske perler til ein sum av 5.000 kroner av Oliver Blom, med tanke på å selja dei i butikken sin.
  • Andrea fortalde at Oliver hadde brukt kvelden og natta mellom 4. og 5. april hos foreldra hennar og hadde reist etter ein hyggjeleg frukost på morgonen den 5. april.
  • Då politiet prøvde å finna vaktmeisteren i banken, Hans Jensen, viste det seg at han var forsvunnen.
  • Frøken Monsen kunne stadfesta at bror hennar Håvard hadde sett Hans Jensen springa frå banken. Dette skjedde medan han gjekk nedover Storgata på veg til Kaffehuset rundt kl. 11.00 på tysdag 4. april.
  • Herr Jensen vart funnen av Interpol i Dresden, Tyskland, 5. april. Han hadde komme dit med KLM, som hadde landet kl. 17.00 på tysdag 4. april.
  • Ein representant for flyselskapet KLM kunne stadfesta tidspunkt for landinga til herr Jensen.
  • Herr Grønningen var den einaste som hadde nøklar til kvelven til banken.
  • Det var ingen flyavgangar frå Dresden mellom kl. 16.00 og kl. 07.00
  • I tillegg til å vera personalansvarleg hadde også herr Monsen ansvaret for innkjøp av dynamitt hos Big Bang.
  • Herr Grønningens halvbror, Arne Blålid, hadde alltid vore sjalu på bror sin.
  • Blålid vart alltid full på fredagskveldane. Han vart sett i Trondheim på måndag 3. april medan han vifta med ein stor bunke pengar.
  • Arne Blålid ønskte å gifta seg med Hanne Jensen.
  • Frøken Monsen sa at Jensen ofte flørta med henne.
  • Jensens far, ein gullgraver i Alaska, døydde i mars månad.
  • Herr Grønningen måtte venta på Kastrup i 16 timar fordi flyet han skulle ta vidare til New York, hadde motortrøbbel.

Hansen klødde seg i hovudet medan han såg gjennom notata sine. Var det mogleg å finna løysinga allereie no slik at påskeferien vart redda?

Kan du hjelpa Hansen med å løysa saka?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt