Vinner av
«Ta ordet!» 2022

Andrea Teistedal Dyrøy fra Kongshaug Musikkgymnas vann Ta ordet! 2022 med si tale:

Fellesdusjar – og kvifor dei er eit problem.

Ta ordet! handlar om å inspirere, provosere og røre mottakarane sine. Og om å forandre verda – litt.

I klasserom over heile landet skriv unge talar om det dei brenn for. Dei argumenterer, fortel og appellerer til lærarane og médelevane sine, og gjev dei grunnar til at dei andre bør handle annleis.

Dei seks sterkaste talane får plass i finalen, der ein fagjury kårar årets beste.

Andrea Teistedal Dyrøy

I femte klasse
blei da laga ei lista
øve ken av jentene i klassen
som var styggast nakne.
Den blei hengt opp i klasserommet
Og de jentene som var kåra styggast
var de som hadde fått pupper
og som ikkje var syltynne.
Denne listo blei laga etter ein gymtime
der me dusja i fellesdusjane.
Fellesdusjane e et problem.
For viss da ikkje hadde vert for de
hadde ikkje denna listo blitt laga 

Vanndråper fra dusjhode
Vanndråper fra dusjhode

Unaturlige kroppsideal har gjort det normalt
å dømma andre sine kroppa.
Å slenga kommentara om kropp i dusjane e ikkje uvanligt.
Viss du har fått puppe på barneskolen så e da rart,
men viss du ikkje har puppe på ungdomskolen
e da endo rarare.  

Da e stygt om du e for tsjokk,
men da e ikkje fint om du e for tynn heller,
for då ser du berre sjuk ut.
Uansett hvordan du ser ut
blir kroppen vurdert utifra urealistiske
kroppsideal i fellesdusjane 

Den ideale kroppen kommer fra folk på nett
som har tatt fettsuging, buttlift og fått satt in silikon.
Detta e ikkje den naturlege kroppen,
og då ser selvfølgelig ikkje unge sånn ut heller.  

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Listo som kåra de som var styggast naken,
påvirka jentene i mange år etterpå.  

Ho som kom på første plass
fikk et usunt forhold til kropp og mat.
Jentene på 2. og 3. plass husker og godt
kordan det var å være kåra de styggeste nakne.  

De siste åro har tallet på eleva som dusje
etter gym gått drastisk ned.
Eleva okkupere toalett for og skifta
og vaska seg under armene.
OG snakker stygt om de som velger
å skifte åpent i gymgarderobane.
Halvparten av alle eleva på ungdomskulane i Norge
e ukomfortable med å være naken foran andre.

Dei som dusje i gymgarderobane,
risikerer å bli snikfotografert.
Og få nakenbilde spredd på sosiale medier.
Skal me virkelig la risikoen av detta
være ein del av kvardagen til unge i Norge? 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vanndråper fra dusjhode
Vanndråper fra dusjhode

Et argument for fellesdusja
e att da e sånn ungdom i dag
kan sjå naturlige kroppa,
men viss ein må få ungdom til å kle av seg
å dusja med folk de føle seg utrygge med
for å få sjå naturlege kroppa
e detta et SAMFUNNSPROBLEM,
Og eit samfunnsproblem løyses ikkje
ved å bli tvunge til å være naken.
Det er ikkje eit problem
som hadde blitt verre
av å setta inn båsa i fellesdusjane.          

Da IDEELE hadde selfølgelig
vert at ungdom i dag va fornøyd me seg sjølv,
og va sikker å glad i den koppen de har.
At unge kunne dusja ette gym
uten å vere redde.  

Men sjølvtillit kan ikkje bli tvunge på,
og ein blir ikkje meir komfortable
av at nokken bestemme ken
DU skal være naken foran. 

Eg e for kropsaktivisme som vise mangfoldighet,
Men da må jo vera frivilligt.  

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Mobbing i fellesdusja E ein ting som skjer.
Da e ikkje nytt og da har dessverre ikkje blitt noke bedre.
Detta probleme komme Ikkje te å gå vekk,
men me kan forbedra situasjonen for alle skoleeleva i Norge,
og få de te å føla seg mindre dømt.
Båser i fellesdusjane
hadde gjort sånn at flere skoleeleva
hadde turt og dusja ette gym.  

Du sitte kansje no å tenke, ka e da ho snakke om,
skjønne ho ikkje kor dyrt detta komme til å bli?  

Rognan ungdomskole i Nordland gjorde detta,
de investerte i båsar,
Og de seie da var ein liten investering
som ga ein bedre kvardag  til den enkelte elev.
Å e ikkje trivselen til kvar enkelt elev vikti,
for både skulemiljøet og elevanes læring?  

Da å sette inn båsa i fellesdusjane hadde i allefal hjulpe meg,
då eg va ti år
og unngikk gym for alt da va vert.
For eg hadde fått da svart på kvitt.
Att da va EG
som va den styggaste jento.
Naken. 

 

Andrea Teistedal Dyrøy
Kongshaug Musikkgymnas
Talen er gjengitt med tillatelse

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt