Kjøtproduksjon i laboratorium
Ved å hente ut stamceller frå ei levande ku har forskarar klart å dyrke muskelceller som dei har brukt til å lage ein god burgar.
Cellene som blir henta ut frå éi ku, kan produsere 175 millionar burgarar. Normalt ville ein måtta hatt 440 000 kyr til dette. Det aller beste er at ikkje ein gong den eine kua cellene blir henta frå, blir skadd i prosessen.
Det er ikkje berre storfekjøt ein kan produsere på denne måten. Ein kan gjere det same med kylling- og svinekjøt. Men det vil mest sannsynleg ta 10–20 år før det blir mogleg å kjøpe kjøt av denne typen i butikken.
3D-printa mat
I 2016 kom ein 3D-printar som kan lage fleire typar matvarer. Ideen bak oppfinninga er at du fyller opp ulike råvarer i behaldarar i printaren. Så skriv han ut maten lag for lag. Og vips, så kan du steikje han i omn eller panne!
Amerikanaren, Miguel Valenzuela, fann opp ein pannekakeprinter etter ideer frå barna sine. Oppfinninga som han kalla PancakeBot blei laga i Noreg.
Næringsrike insekt
Det finst mange insekt som vi kan ete som inneheld både feitt, kalsium, jern og sink. Dei kan vekse på mykje mindre landområde enn vanleg landbruk. Det gjer at dei er mykje mindre krevjande å dyrke fram. I tillegg er denne produksjonen ikkje like øydeleggjande for miljøet. Insekt kan òg leve på matrestar og dyreskit og dermed hjelpe til med å resirkulere avfall.