Framtidsmat

Korleis vil maten smake i framtida? Og korleis vil han bli til?

Accessibility icon Framtidsmat

Kvar kjem maten frå i framtida? 

Innan 2037 er det venta at folketalet jorda passerer 9 milliardar. Da har vi altså to milliardar fleire svoltne munnar å mette. For å møte dette kravet vi auke mengda mat vi dyrkar med 70 prosent. Men sidan det meste av den dyrkbare marka jorda alt er i bruk, og milliardar av menneske alt no er underernærte, kjem dette til å bli ei stor utfordring. 

Klimaendringar gir utfordringar 

Klimaendringane gjer det i sin tur vanskelegare å dyrke meir mat, og difor er forskarane ydde til å bidra til matproduksjonen i stadig større grad. Slv om det blir sleppt ut ein del drivhusgassar når vi dyrkar frukt og grønsaker, er det husdyra våre som er den største årsaka  til global oppvarming. Det er berekna at produksjonen av ein 230 grams burgar gir same mengd utslepp som å køyre ein vanleg personbil ei strekning 25 kilometer. 

Framtida til kloden 

Kjøtproduksjon i laboratorium 

Ved å hente ut stamceller frå ei levande ku har dei klart å dyrke muskelceller som dei har brukt til å lage ein forbløffande velsmakande burgar. Cellene som blir henta ut frå éi ku, kan produsere 175 millionar burgarar ei mengd som normalt ville krevje 440 000 kyr. Det aller beste er at sjølv ikkje den eine kua cellene blir henta frå, blir skadd i prosessen. 

Det er ikkje berre storfekjøt som kan dyrkast denne måten. Metoden kan lett overførast til fjørkre, svinekjøt og andre typar kjøt. Forskarane trur det kan ta 10–20 år før slikt kjøt blir tilgjengeleg. 

3D-printa mat 

I 2016 kom ein 3D-printar som kan lage eit stort utval av mat marknaden. Ideen bak teknologien er at du fyller opp råvarer i kapslar, deretter skriv printaren ut maten lag for lag, og vips, kan du steikje han i omn eller panne. 

Amerikanaren, Miguel Valenzuela, fann opp ein pannekakeprinter etter ideer frå barna sine. Oppfinninga som han kalla PancakeBot blei laga i Noreg.

 

Næringsrike insekt 

Det finst mange næringsrike insekt som inneheld både feitt, kalsium, jern og sink. Dei er dessutan mykje mindre ressurskrevjande å produsere sidan dei krev mykje mindre område enn tradisjonelt landbruk. I tillegg er utsleppa av drivhusgassar langt mindre. Sidan insekt er kaldblodige, gjer dei om mat til protein mykje meir effektivt enn kyr.  

Dei store pattedyra krev for eksempel 12 gongar mykje mat som for eksempel grashopper for å produsere same mengd protein. Dessutan kan insekt leve matrestar og dyreavføring og dermed hjelpe til med å resirkulere avfall. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Tang og tare

Morgondagens landbruk 

Med større etterspurnad bøndene drive gardane sine effektivt som mogleg, og konsekvensen er at bruken av teknologi aukar. 

Automatiske mjølkemaskiner 

Automatiske mjølkemaskiner sørgjer for at kyrne kan bli mjølka når dei sjølve ønskjer det, slik at bonden ikkje er nøydd til å stå opp klokka fem om morgonen. Maskina kjenner att kvart einskilt dyr og set automatisk spenekoppane juret når kua går inn i båsen. 

Smarttelefonar og nettbrett 

Det finst ei heil rekkje applikasjonar som kan hjelpe bonden med å drive garden meir effektivt. Mange oppgåver kan forenklast ved hjelp av digitalt utstyr som smarttelefon og nettbrett blant anna registrering av dyr og oppdatering av vêrmeldinga. 

Elektronisk merking 

Elektronisk merking av dyr kan hjelpe bonden å følgje med helsa og vanane til dyra. Ein sendar vil varsle bonden dersom eit dyr ikkje et normalt eller produserer tilstrekkeleg med mjølk.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Dronar

Dronar kan brukast til å lage nøyaktige kart over dyrka mark, bonden kan rekne ut kor mykje gjødsel han treng. I tillegg kan hen halde auge med avlinga og skremme bort skadedyr før dei rekk å øydeleggje plantane hens. 

Datautstyr til bruk garden 

Datakyndige bønder kan overvake mykje av gardsdrifta ved hjelp av ei datamaskin, Eigne dataprogram lagar oversikt over landområde, reknar ut kva ressursar dei treng, og overvakar dyra. denne måten reduserer dei svinn og aukar produktiviteten slik at ein kan drive garden meir lønnsamt. 

Innandørs dyrking 

Tilgangen matjord blir stadig mindre, og vêr og vind gjer dagens avlingar svært sårbare. Når vi dyrkar jorda innandørs, vil avlingane bli større fordi forholda er meir kontrollerbare. Plantar innandørs kan dyrkast hydroponisk, dvs. at plantane veks i kar med vatn og næringsstoff, i staden for i jord. I taket lyser LED-lamper og sørgjer for lysenergi. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Genmodifisering – ein omstridt vitskap

Ved hjelp av genmodifisering kan vi produsere plantar som er motstandsdyktige mot ugrasmiddel og sjukdommar, og som dessutan kan vekse i svært ugjestmilde omgivnader. Ein kan òg nytte genmodifiserte organismar til å produsere frukt og grønsaker som inneheld meir av vitamina og minerala vi treng, og som held seg lenger, slik at vi får mindre svinn.

Denne teknologien er omstridt, men det er langt ingenting som tyder at slike plantar er skadelege. Både menneske og dyr har ete genmodifisert frukt og grønsaker i fleire tiår, tilsynelatande utan å ta skade av det, men det er mange som ser ein samanheng med auka allergi og andre helseproblem. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Ny vitenskap 4 (2016)
    Orage Forlag AS