Framtidsmat

Korleis vil maten smake i framtida? Og korleis vil han bli til?

Accessibility icon Framtidsmat

Kvar kjem maten frå i framtida? 

Innan 2037 kjem vi mest sannsynleg til å bli over 9 milliardar menneske på jorda. Då har vi altså to nye milliardar svoltne munnar å mette. For at alle skal få nok, vi produsere 70 prosent meir mat. 

I dag brukar vi allereie mesteparten av den marka som kan nyttast til å dyrke mat. I tillegg finst det allereie milliardar av menneske som ikkje får nok mat. Å produsere nok mat til endå fleire menneske vil altså bli kjempevanskeleg. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Klimaendringar gir utfordringar 

Klimaendringane gjer det endå vanskelegare å dyrke meir mat. Forskarane må difor hjelpe til med å finne nye løysingar. 

Det blir sleppt ut ein del drivhusgassar når vi dyrkar frukt og grønsaker. Men det er husdyra som er den største årsaka til global oppvarming innan matproduksjon. Å lage ein burgar230 gram er nemleg om lag like ille for miljøet som å køyre ein vanleg personbil i 25 kilometer. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjøtproduksjon i laboratorium 

Ved å hente ut stamceller frå ei levande ku har forskarar klart å dyrke muskelceller som dei har brukt til å lage ein god burgar. 

Cellene som blir henta ut frå éi ku, kan produsere 175 millionar burgarar. Normalt ville ein måtta hatt 440 000 kyr til dette. Det aller beste er at ikkje ein gong den eine kua cellene blir henta frå, blir skadd i prosessen. 

Det er ikkje berre storfekjøt ein kan produsere denne måten. Ein kan gjere det same med kylling- og svinekjøt. Men det vil mest sannsynleg ta 10–20 år før det blir mogleg å kjøpe kjøt av denne typen i butikken. 

3D-printa mat 

I 2016 kom ein 3D-printar som kan lage fleire typar matvarer. Ideen bak oppfinninga er at du fyller opp ulike råvarer i behaldarar i printaren. skriv han ut maten lag for lag. Og vips, kan du steikje han i omn eller panne!

Amerikanaren, Miguel Valenzuela, fann opp ein pannekakeprinter etter ideer frå barna sine. Oppfinninga som han kalla PancakeBot blei laga i Noreg.

Næringsrike insekt 

Det finst mange insekt som vi kan ete som inneheld både feitt, kalsium, jern og sink. Dei kan vekse på mykje mindre landområde enn vanleg landbruk. Det gjer at dei er mykje mindre krevjande å dyrke fram. I tillegg er denne produksjonen ikkje like øydeleggjande for miljøet. Insekt kan òg leve matrestar og dyreskit og dermed hjelpe til med å resirkulere avfall. 

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Morgondagens landbruk 

Fordi vi menneske treng meir og meir mat, må bøndene bli flinke til å bruke gardane sine så godt som mogleg. Dei må kunne lage meir mat på kortare tid, og på mindre landområde. Ulike teknologiske oppfinningar er ofte til god hjelp og blir brukt av fleire og fleire bønder. 

Automatiske mjølkemaskiner 

Automatiske mjølkemaskiner passar på så kyrne kan bli mjølka når dei sjølve ønskjer det. Då treng ikkje bonden stå opp klokka fem om morgonen. Maskina festar seg automatisk på kua når kua går inn i båsen. 

Smarttelefonar og nettbrett 

Det finst mange appar som kan hjelpe bonden med å drive garden betre. Fleire oppgåver kan gjerast ved hjelp av smarttelefon og nettbrett. Ein kan blant anna ha oversikt over dyr og få inn vêrmeldinga. 

Elektronisk merking 

Elektronisk merking av dyr kan hjelpe bonden å følgje med om dyra har det bra. Dersom eit dyr ikkje et normalt eller lagar nok med mjølk, vil bonden få beskjed om det. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Dronar

Dronar kan brukast til å lage kart over den dyrka marka. Kartet er til hjelp når bonden skal rekne ut kor mykje gjødsel hen treng. Dronar gjer det også lettare å følgje med og passe på dyr og plantar. 

Datautstyr til bruk garden 

Bønder som er gode på teknologi, kan passe på garden sin ved hjelp av ei datamaskin. Med ei god oversikt blir produksjonen meir effektiv. Så vil bonden tene meir pengar. 

Innandørs dyrking 

Tilgangen til jord for å lage mat blir mindre, og vêr og vind kan fort øydeleggje avlingar. Men dersom vi dyrkar jorda innandørs, vil avlingane bli større fordi vi har betre kontroll. Plantar innandørs kan dyrkast ved at plantene veks i kar med vatn og næringsstoff, i staden for i jord. I taket lyser LED-lampar og sørgjer for lysenergi. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Eit gen er ein kode som ligg i cellene på alt som lever. Gena gir oss forskjellige eigenskapar. Eit gen kan for eksempel gi ein blom raud farge. Vi menneske har lært korleis vi kan endre på desse gena. Det blir kalla genmodifisering. 

Ved å endre på gena i dei forskjellige plantane kan vi produsere plantar som toler ugrasmiddel og sjukdommar. Vi kan òg få dei til å vekse stader der dei før ikkje ville vekse. 

Genmodifisering kan også brukast til å lage frukt og grønsaker med meir av vitamina og minerala vi treng. Dei kan halde seg lenger, slik at vi ikkje treng å kaste så mykje mat. 

Ikkje alle trur at denne teknologien er bra for oss. Men det er enno ingen tydelege teikn til at genmodifiserte plantar er skadelege. Både menneske og dyr har ete genmodifisert frukt og grønsaker i fleire tiår. Det er likevel mange som trur dette er skadeleg, og at det kan gi meir allergiar og andre helseproblem. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Ny vitenskap 4 (2016)
    Orage Forlag AS