
Fødd i Tyskland
Albert Einstein blei fødd i Tyskland i 1879, i ein by som heiter Ulm. Då han var fem år gammal, fekk han eit kompass, som han studerte mens han låg sjuk i senga. Han blei fascinert over at nåla fann vegen mot nord same korleis han vreid og vende på kompasset. Det fekk han til å undre seg over korleis det låg noko skjult bak alt i verda.

Problem på skulen
Einstein var flink i matte og naturfag, men fekk ikkje gode karakterar i andre fag. Han meinte at skulen fokuserte for mykje på pugging i staden for ordentleg vitskap.

Portrett av Albert Einstein
E=mc2
Einstein er mest kjend for likninga E = mc2. Ho viser at når masse blir gjort om til energi, blir det forferdeleg mykje energi. I sola vår skjer dette heile tida, ved at atom smeltar saman og gir frå seg litt av massen sin som bølgjer av energi. Slik kan ho brenne med ufatteleg styrke i millionar av år.
Ein annan, skumlare måte å sleppe laus slik energi på er gjennom ei atombombe.

Albert Einstein
Bilde- og videorettar:
-
-
Wikimedia Commons
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ukjent
-