Det største geniet i verda? 

Albert Einstein er den mest berømte fysikaren i verda. Han endra korleis vi forstår verda. Vi kan takke han for all mogleg slags moderne teknologi. Han gjetta også at det fanst svarte hòl ute i verdsrommet, lenge før vi kunne sjå dei med teleskop. 

Einstein blei kjend for å ha utvikla relativitets-teorien. Det er eigentleg to teoriar. 

Den første handlar om at tid og rom heng saman på merkelege måtar. Du trur du sit stille ved pulten din. Men når du ser sola som går opp, forstår du at planeten du sit på heile tida bevegar seg veldig raskt rundt denne. 

Den andre handlar om korleis tyngdekraft kan tukle med tid og rom. Klokka di går nemleg fortare dersom du er ein stad utan tyngdekraft. 

Alt dette høyrest kanskje vanskeleg ut, men tankane til Einstein førte til at forskarar fekk ein ny måte å sjå verda på. Han har difor hatt mykje å seie for oss alle. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Fødd i Tyskland 

Albert Einstein blei fødd i Tyskland i 1879, i ein by som heiter Ulm. Då han var fem år gammal, fekk han eit kompass, som han såg på mens han låg sjuk i senga. Han lurte på korleis nåla alltid kunne peike mot nord. Var det ei skjult kraft bak alt i verda? 

Albert Einstein som barn

Problem på skulen 

Einstein var flink i matte og naturfag, men fekk ikkje gode karakterar i andre fag. Hen meinte at lærarane ikkje lærte bort ordentleg vitskap. 

Portrett av Albert Einstein
Portrett av Albert Einstein

E=mc2

Einstein er mest kjend for likninga E = mc2. Ho viser at når masse blir gjort om til energi, blir det veldig mykje energi. I sola vår skjer dette heile tida, ved at atom gir frå seg litt av massen sin. Det blir til supersterkt sollys. Sola kjem til å brenne i millionar av år. 

Ein får også denne typen energi når ein sprengjer ei atombombe. 

Albert Einstein
Albert Einstein
Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Wikimedia Commons
    2. Ukjent
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Ukjent