Vi startar nedst, med tærne:
Når hælen går opp, går tærne ned. I sko betyr dette at tærne blir pressa saman nede i skotuppen. Tærne må då bere heile vekta av kroppen. Dess høgare hælar, dess meir vekt på tær og tråputene under tærne. Over tid vil mykje vekt på tær som er skvisa saman nede i ein trong sko, ikkje berre gjere vondt, men det kan også øydeleggje både tær og tånegler for livet.
Akilles, den sårbare sena
På baksida av ankelen sit akillessena. Dette er den største sena i kroppen, og ho er kjempesterk. Ho toler faktisk meir enn 500 kilo! Men går du på høge hælar heile tida, kan akillesen bli sliten, og du kan få veldig vondt. I nokre høve kan akillesen bli heilt øydelagd og ryke i to.
Hælane mister bakkekontakt
Når hælene er høge, vil foten din stå i ei unormal stilling. Når du blir gående på tærne, får hælen mindre kontakt med bakken under deg, og ankelen din blir meir bevegeleg. Dette kan gjere at du mykje lettare kan vrikke eller forstue ankelen. Og det er vondt!
Krympande leggmuskel
Når du går på tærne heile tida, får du heller ikkje strekt ut beinet skikkeleg. Viss du går veldig mykje med høge hælar, kan det etter kvart bli vanskeleg å strekkje ut beinet fordi leggmuskelen har blitt kortare.
Dominoeffekt
Du har mista mykje av bakkekontakten, tærne er stappa ned i ein skotupp, leggmuskelen har krympa, og ankelen jobbar saman med akillesen for å halde deg oppreist og stabil. Kroppen må finne ein ny måte å halde balansen på. Knea blir slitne på ein ny måte når du går på ein ny måte. Dette betyr at du legg vekta di på andre stader. Hoftene dine vert pressa fram, og korsryggen vert strammare. Det er kanskje fint med høge hælar, men er det verdt vridne anklar, hovne kne og vond rygg?
Kjelder:
- Kropp & helse (2020)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-