Vi startar nedst, med tærne:

Når hælen går opp, går tærne ned. I sko blir tærne pressa saman nede i skotuppen. All vekt frå kroppen blir då på tærne. Om du har endå høgare hælar, blir det endå meir vekt på tærne. Om du gjer dette lenge, vil tærne få det både vondt og trongt. Tærne og tåneglene kan bli heilt øydelagde.

Akillessena  

På baksida av ankelen sit akillessena. Denne sena er kjempesterk. Ho toler faktisk meir enn 500 kilo! Men går du på høge hælar heile tida, kan akillesen bli utsliten, og du kan få veldig vondt. Nokre gongar kan akillesen bli heilt øydelagd og ryke i to. Au!

Hælane mister bakkekontakt 

Når hælane er høge, vil foten din stå i ei unormal stilling. Når du blir gåande på tærne, får hælen mindre kontakt med bakken under deg, og ankelen din blir meir bevegeleg. Dette kan gjere at du mykje lettare kan vrikke eller forstue ankelen. Og det er vondt!

Krympande leggmuskel

Når du går på tærne heile tida, så får du heller ikkje strekt ut skikkeleg. Viss du går veldig mykje med høge hælar, kan det etter kvart bli vanskeleg å strekkje ut beinet fordi leggmuskelen har blitt kortare.

Dominoeffekt

Du har mista mykje av bakkekontakten, tærne er stappa ned i ein skotupp, leggmuskelen har krympa, og ankelen jobbar saman med akillesen for å halde deg oppreist og stabil. Kroppen må finne ein ny måte å halde balansen på. Knea blir slitne på ein ny måte når du går på ein ny måte. Dette betyr at du legg vekta di på andre stader. Hoftene dine vert pressa fram og korsryggen vert strammare. Det er kanskje fint med høge hælar, men er det verdt vridne anklar, hovne kne og vond rygg?

Kjelder:

  • Kropp & helse (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images