Kva er eit ansiktsuttrykk? 

Viss du var glad då du gjekk til skulen i dag, var nok det lett å s. Glad, trist og sint er ansiktsuttrykk som er lette å tolke. Forskarar gjennom tidene har skrive mykje om menneskeleg samhandling gjennom ulike uttrykk i ansiktet. Sidan 1600-talet har ein  meint  at menneske berre har seks ansiktsuttrykk: glede, tristheit, frykt, sinne, overrasking og  avsky. 

Mange ansiktsuttrykk 

De siste ti åra har nokre forskarar byrja tvile dette. I dag er det fleire som har funne ut at det finst langt fleire ansiktsuttrykk enn desse seks. Forskarar har også funne ut at  smil ikkje nødvendigvis kjem av glede, men kan komme av lyst, kjærleik, beundring eller interesse. Eit smil kan uttrykkje ei kjensle av å vere flau, lattermild eller «glad og rampete». 

Kva vil du oppnå? 

Kvifor smiler du til folk rundt deg? Er det fordi du har ei kjensle i deg som du berre ut, eller smiler du nokon gonger fordi du vil at andre skal føle noko spesielt? 

Kva med eit sint blikk til bror din? Gir du det fordi du plutseleg blei sint, eller er det eit teikn til han om at du er misnøgd med noko? Eller gir du det kanskje for å skjule at du er skuffa? 

Forskar Alan Fridlund meiner at det i stor grad er tankar, og ikkje berre kjensler, som bestemmer ansiktsuttrykka våre. Med dette meiner han at vi bruker ansiktsuttrykka våre både til å utrykkje stemninga vi har inne i oss, og til å styre stemninga mellom oss slv og andre. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Ekte eller ikkje? 

Men smila våre kan klart vere ekte òg. Når du scora mål i cupkampen i helga, eller fekk ei hyggeleg melding frå nokon du er forelska i,  då smilte  du stort fordi det bobla over inne i deg. 

Men når ein god venn i klassa kjem med eit godt forslag i timen, smiler vi nok ikkje av boblande glede, men av eit ønske om å støtte ein venn. Og den dårlege vitsen til læraren ler vi kanskje av fordi vi ønskjer at læraren skal like oss, ikkje fordi han var bra? 

Forskaren Friedlund fortel at vi, etter kvart som vi blir eldre, lærer å skilje dei uekte kjenslene frå dei ektefølte. 

Vi lærer ansiktsuttrykk heilt frå vi er små barn, gjennom peikebøker og ansikta til foreldra våre. Etter kvart som vi blir eldre, og kultur og sosiale medium påverkar kvardagen vår meir og meir, får vi ei betre forståing for korleis vi skal lese desse ansiktsuttrykka rundt oss. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Lese kjensler 

Om eit ansiktsuttrykk er ektefølt eller ikkje, er kanskje ikkje alltid viktig heller? Nokre gonger tvingar vi oss slv til å smile dei rundt oss skal tru at vi er glade. Viss dei rundt oss forstår dette som eit ekte smil, vil dei ikkje merke nokon forskjell.

Viss vi derimot feiltolkar eit uttrykk, kan vi problem. Tenk deg at du er med ein venn kino for å s yndlingsfilmen din. Du har gledd deg, og håper han òg gler seg. Men i kinosalen sit han og ser sur ut og lagar grimasar. Du forstår det som at han ikkje likar filmen, og blir derfor lei deg. Men vennen din har mageknip, og smertene i magen gjer at han lagar  ansiktsuttrykk som du misforstår. Denne typen misforståingar kan føre til både kranglar og vonde kjensler. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Hvordan tolke ansiktsuttrykk?

Emojiar

Når vi ikkje er saman med dei vi kjenner, sender vi gjerne meldingar SMS eller sosiale medium. 

Kvar dag blir det sendt rundt 20 milliardar meldingar, og  emojiar, som er laga for å gjere meldingane lettare å forstå. Tonen i stemma di kan fortelje om du er sint eller trist, og eit ansiktsuttrykk kan vise kva du føler, men ord ein skjerm er ikkje like tydelege. Ein emoji, som er ein liten figur eller eit symbol i teksten, kan brukast for å vise kjensler i teksten, eller dei kan førestille ein idé eller gjenstand. 

Dei fyrste emojiane 

Folk har teikna ansikt i tekst i fleire hundre år. 1980-talet, då datamaskinar og mobiltelefonar var noko nytt, begynte folk å lage symbol. 🙂 betydde for eksempel glad, og 🙁 trist. 

I 1999 laga den japanske designaren Shigetaka Kurita 176 symbol for å representere enkle idear som vêr, sport eller mat. Dette var dei første emojiane. Etter kvart byrja meldingsprogram over heile verda å bruke desse symbola. I 2010 blei uttrykksikona inkluderte i den globale koden for bokstavar, tal og andre teikn, også kalla Unicode. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kan emojiar erstatte ansiktsuttrykk? 

Kan vi bruke emojiar heilt uten problem? Korleis blir ei melding med emojiar opplevd, mot den same meldinga utan? Eit problem vi møter ved bruk av emojiar, er at vi har forskjellige tankar om kva som skal brukast og når. Somme meiner at alle meldingar bør bli avslutta med eit smilefjes, mens andre meiner dette blir for mykje. 

Misforstått emoji 

Nokre emojiar ser forskjellige ut fordi mobil eller PC har ulike tekniske ysingar. Viss versjonane er veldig forskjellige frå kvarandre, kan det hende dei ikkje lenger formidlar same kjensle eller gjenstand. Det vil lett kunne føre til misforståingar. 

Når og kvar? 

Vi bruker smilefjes aller mest i private situasjonar, og det er derfor ikkje  så lurt  å bruke dei i skulearbeid.  Det finst i dag ingen  reglar for bruk av emojiar i setningar.  Det finst heller ingen reglar for bruk i sosiale medium, men det er alltid lurt å tenkje seg litt om. Det finst heller ingen reglar for rettskriving med emojiar. Men viss du skal bruke ein emoji i ei setning, vil det vere både lurast og penast å leggje han til etter punktum. 

 

Verdas emojidag 

17. juli er verdas emojidag, fordi det er dette som er datoen som blir vist på emojien for kalender.

Uansett om vi lagar grimasar i den verkelege verda eller i ei tekstmelding, er det tydeleg at ansiktsuttrykka våre betyr mykje for stemninga mellom oss og andre menneske. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Slik funker verden (2019)
    Orage Forlag AS
  • Språkrådet 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK
    7. Shutterstock
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Emojipedia.org
    11. Getty Images
    12. Getty Images