Ny geologisk epoke
Planeten vi bur på, har eksistert i 4,6 milliardar år, og mykje har forandra seg på den tida. Kontinent har flytta på seg, klimaet har endra seg, artar har kome og gått – og mennesket har oppstått. Spor etter alt dette ser vi i fossil og kjemiske signal som finst i jorda sine lag av bergartar. Dette har gjort det mogleg for geologar å dele historia til planeten inn i tidsepokar.
Flyfoto av Hengifoss i Fljótsdalshreppur, Øst-Island
Holocen – «heilt nyleg»
Tidsepokane trias, jura og krit – då dinosaurane levde – er godt kjende. I dag lever vi i det som blir kalt holocen, som er gresk for «heilt nyleg». Denne perioden begynte for 11 700 år sidan, etter den siste store istida. Klimaet har for det meste vore stabilt, noko som har gjort det mogleg for oss å planleggje framtida og forbetre livsstilen vår ved å dyrke jorda, utnytte nye energiformer og byggje byar.
⬅ Mammuten døydde ut omtrent midt i holocen.
To mammuter som slåss med hverandre i en vinterlandskap
Et gammel damplokomotiv
3D illustrasjon av plast som flytter i åpent hav
Raske endringar
Uansett om vi kan finne ei bestemt grense eller ikkje, kan vi ikkje nekte for at mennesket har hatt ein varig verknad på miljøet. Vi har berre eksistert på jorda i mindre enn 0,01 prosent av jorda si historie, men på den tida har vi greidd å omforme planeten mykje raskare enn naturlege geologiske prosessar ville ha gjort. Det har skjedd større forandringar dei siste 100 åra enn det har dei 250 000 åra før det, og det er ingen teikn til at vi bremsar ned.
Bilde av en forsker som analyserer og bruker en dråpeteller med andre vitenskapelige elementer
Større forskjellar
Men sjølv om levestandarden vår generelt er i ferd med å bli betre, har forskjellane vorte større. Mange menneske i utviklingsland er tvinga til å ta dårleg betalte jobbar som produserer varer til rike land. Viss alle skulle ha same levestandard som folk i Vesten, er det berre plass til 2–3 milliardar menneske på kloden. Befolkninga i verda har stige frå 1 milliard til over 7 milliardar sidan 1800-talet.
Slummen i Nairobi, Kenya.
Overfolking
Den raske befolkningsveksten har ein enorm innverknad på miljøet. Vi har endra over 50 prosent av landjorda ved å rydde skog, byggje byar og demme opp elvar. Det er no berre halvparten så mange tre på jorda som det var før mennesket oppstod, og det biologiske mangfaldet over heile verda har minka katastrofalt.
⬅ I Hong Kong bur innbyggjarane svært tett.
Eksempel på hvor tett innbyggere bor i Hong Kong med følge av overbefolkning
Isfjell, Antarktis
Vassressursar
Dagens industrijordbruk fører òg til at vatn, elvar og kystområde blir forureina av overflødig gjødsel. Gjødsla renn ut i vatnet og gir blomstring av giftig plankton, som kan drepe fisk, skaldyr og andre havorganismar.
Hva vil fremtidens geologer bruke som kjennetegn på antropocen
Dame som holder en globus med et munnbind med et hjerte tegnet i midten
Kjelder:
- Historien om mennesket – Junior (2020)
Orage Forlag AS
- Aftenposten (23.06.2020): Derfor ble mammuten utryddet
https://www.aftenposten.no/verden/i/9mgKr/derfor-ble-mammuten-utryddet?
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Howard Hughes Medical Institute
-
Getty Images
-